Frp vil teste foster før det er fysisk mogleg
SV, Ap og Frp vil at alle gravide skal få sjekka fostera sine før grensa for sjølvbestemt abort.
– Vårt mål er å gjere det så tidleg som mogleg, seier Åshild Bruun-Gundersen, helsetalsperson for Framstegspartiet.
Men testinga dei tre partia legg opp til er fysisk umogleg å gjennomføre og å få svar på så tidleg, ifølge Birgitte H. Kahrs.
Ho er overlege ved Nasjonal behandlingsteneste for avansert invasiv fostermedisin ved St. Olavs hospital i Trondheim.
Dessutan er det ikkje mange alvorleg, arvelege sjukdomar ein kan finne så tidleg.
Dei tre partia vil tilby kombinert ultralyd og blodprøve (KUB-testen) til alle gravide i første trimester. Bruun-Gundersen hevdar at fagmiljøa er tydelege på at første trimester er det beste for tidleg ultralyd.
– Om du gjennom tidleg KUB-testing får informasjon om at fosteret i magen din ikkje er levedyktig, vil det vere betre for kvinna og familien å få vite det tidleg i svangerskapet, seier ho.
– Betre omsorg
Kahrs er glad for høvet til å gi kvinner ultralyd tidleg i svangerskapet.
Overlegen meiner lovendringane vil gi ein betre svangerskapsomsorg.
– Vi kan plukke ut risikokvinnene, finne tvillingar og klassifisere dei tidlegare, og avdekke kvinner med risiko for svangerskapsforgifting og følgje dei tettare, seier ho.
Prøvar tek tid
Men ho slår fast at det er fysisk umogleg å gjennomføre KUB-testen før veke 11. Testen blir i dag tilbode kvinner i risikogruppa mellom veke 11 og 14.
– Det er fysisk mogleg frå starten av veke 11, men ikkje å tilrå fordi fosteret veks veldig i den perioden. Det løner seg å gjere det i veke 12-13 for å få betre oversikt over anatomien, seier overlegen.
– Så Frps mål om å teste før veke 12 er på grensa av kva som er fysisk mogleg?
– Dersom KUB-test viser høg risiko for at fosteret har ein trisomi (kromosomavvik, journ. anm.), går ein til vidare utgreiingar. Så vil tida gå og du vil aldri få svaret før grensa for sjølvbestemt abort. Det tek 10-14 dagar å få svar på NIPT-testen, og fostervatnprøvar som må bli tekne for å stadfeste ein avvikande NIPT blir stort sett tekne etter veke 16, seier Kahrs.
Finn få sjukdomar
– Kritikarar er bekymra for at tidleg testing blir ein jakt etter Downs syndrom?
– Undersøkinga er eit tilbod til kvinner, og det er opp til kvinna om ho ønskjer å ta imot det, seier overlegen.
– Kor tidleg i svangerskapet kan ein avdekke kromosomavvik og alvorlege sjukdomar?
– Du kan aldri sjå kromosomavvik på ultralyd, du må gjere testar for å stadfeste det. Men du kan i veke 12-13 sjå anatomiske avvik som kan indikere dette. Du må ha ein viss storleik på fosteret for å greie å sjå det.
– Kva med alvorlege, arvelege sjukdomar?
– Er det definerte, arvelege tilstandar i ein familie blir det ofte testa i samband med morkakeprøvene. Det gjer vi etter veke 12, og det tek rundt halvannan veke å få svaret. Det går ikkje an å gjere før veke 12, seier ho.
Når det gjeld NIPT-blodtesten som Frp, SV og Ap også vil gjere tilgjengeleg for alle gravide, meiner ho at det ikkje bør bli teken på eiga hand før ultralydundersøkinga.
– Du må sjå at det er liv og kor mange det er der inne, fordi det vil påverke NIPT-resultata.