Full støtte til strenge reglar for kristent skulelag
Kommunen gir rektor ved Møvig skole full støtte for vilkåra ho har gitt det kristne skulelaget ved skulen. Laget er skuffa.
Sist fredag skreiv Dagen om skulelaget ved Møvig skole, kor rektor har sett strenge vilkår for drifta av skulelaget ved skulen.
Skulelaget får verken bestemme kor ofte dei skal ha møte, kor ofte dei får invitere andaktshaldarar eller om dei får servere mat.
Tysdag ettermiddag vart saka teken opp i oppvekststyret i Kristiansand kommune.
– Må ha overordna blikk
Rektor Marit Faanes ved Møvig skole avviste kritikken som har kome den siste tida, og meinte at ho har holdt seg innanfor dei reglane og retningslinjene som gjelder.
– Vi ynskjer å legge positive rammer for skulelaget. Vår praksis har vore innanfor retningslinjene i frå kommunen. Vi kan ikkje overlate til elevane å forme aktiviteten, fordi deira aktivitetar verkar også inn på andre elevar sin kvardag. Det må eg ha eit overordna blikk over, sa rektoren til oppvekststyret.
– Får ikkje utfalde seg
Bystyrerepresentant Ebbe Boel Pedersen (KrF) var den som tok initiativ til at saka kom opp i oppvekststyret. Han var sterkt kritisk til rektor Marit Faanes sin handtering av skulelaget.
– De ynskjer at alle elevar skal bli inkludert, men det gjer de ikkje når de nektar elevar å utfalde seg. Er det sant at ti medlemmar kan vere segregerande overfor 240 elevar? Eg ynskjer at alle skal få utfalde seg i Kristiansand kommune, men det får dei ikkje i dag, meinte Boel Pedersen under møtet.
Rektor-støtte frå Høgre
Leiar for oppvekststyret i Kristiansand kommune, Mette F. Roth (H), meinte at ein må vere vaken for kven som får sleppe inn på skulane for å forkynne.
– Eg reagerer når ein seier at kven som helst kan koma på ein skule. Vi sender ungane på skulen frå dei er fem og eit halvt år, og då må vi vere heilt trygg på kven vi slepp inn på skulane våre, sa Roth.
Roth er ikkje redd for Laget NKSS si verksemd på norske skular, men ho er redd for andre som også kan ynskje å drive verksemd på skulane.
— Eg er sikker på at Laget er ein god og trygg organisasjon, men det kjem også inn grupperinger som kan skremme vannet av dei fleste av oss, sa ho.
– Mat kan vere trekkplaster
Arbeiderpartiet ga også rektor full støtte, og meinte at oppvekststyret må ha tillit til at ho veit kva som er best for skulen hennar.
– Her handlar det om å ha tillit til rektor. Det er stor forskjell på ein elev på ungdomskulen og på vidaregåande, og det er stor forskjell på kor lett ein vert påverka. Då tenkjer eg på at mat kan vere eit trekkplaster, sa Lyder Johan Ovesen, bystyrerepresentant for Ap i Kristiansand.
– Vanleg med matforbod
Oppvekstdirektøren i Kristiansand kommune, Svein Ove Ueland, meinte at Møvig skole ikkje er i nokon spesiell situasjon. Han seier at andre skulelag har liknande restriksjonar, og at der går det heilt fint.
– Det er skulelag på 7 av 13 skular i Kristiansand kommune. Dei har ulik møtefrekvens, nokon har møter annakvar veke og andre har kvar tredje veke. Dette blir avtalt i ein dialog mellom skulelag og rektor, og det går stort sett greitt, meinte oppvekstdirektøren.
Ueland reagerer også på media sitt fokus på matforbod.
– Det er gjennomgåande at det ikkje er servering på møta. Det handlar om generelle reglar i skulen om kva dei kan ha med seg av is, bollar og brus. Desse reglane gjeld også for skulelaga, sa Ueland.
Laget skuffa
– I staden for at saka handla om restriksjonane og kor hensiktsmessige dei er, så vart det ein diskusjon om rektor sin styringsrett. Klart at rektor har styringsrett. Eg hadde håpa at dei heller hadde diskutert om restriksjonane er sunne for ungdomane, men det handla det ikkje om i det heile tatt, seier regionsleiar i Laget NKSS Region Sør, Tønnes Christian Due-Tønnesen, til Dagen etter møtet.
Rektor Marit Faanes var på si side godt nøgd med tilbakemeldinga ho fekk i frå oppvekststyret.
– Eg følte eg fekk støtte for måten eg tolka retningslinjer som er. Eg står på den vurderinga eg har gjort og meiner at eg har eit greitt samarbeid med skulelaget, seier Faanes til Dagen.