Fullstappa i Randaberg då kongeparet kom på besøk
Randaberg kan skilte med stort mangfald, jordbruk – og storproduksjon av statsrådar per kvadratmeter, påpeika dronning Sonja i talen sin onsdag.
Kongeparet er på sitt første offisielle besøk i Randaberg, på fylkesturen i Rogaland frå 28. til 30. mai. Med sine knappe 25 kvadratkilometer areal, er Randaberg den minste landkommunen i landet. Jordbrukskommunen på Jærens nordre spiss har Stavanger og Sola som næraste naboar.
I kommentaren til dronninga om Randabergs tidlegare statsrådar, fekk noverande statsforvaltar i Rogaland, Bent Høie, eit lite sleivspark då dronninga påpeika at dei hadde treft han fleire gonger før. Det var då han var helseminister under pandemien, og møta forgjekk på hans premissar og med ein meters avstand.
Kom i båt
Kong Harald og dronning Sonja ankom Goavika frå Kongeskipet akkompagnert av songen «Smil» frå 90 songarar i alderen 4 til 10 år. Så besøkte dei først Folkehallane, eit interkommunalt selskap som arbeider for å betre folkehelsa, eigd av Randaberg, Stavanger, Sandnes og Sola.
– De går føre og viser veg med eit unikt prosjekt for folk flest, sa dronninga i talen sin litt seinare.
I Folkehallane fekk følgjet ein gjennomgang av «Kongereglar for trivsel»: Kompetente, omfamnande, nysgjerrige, glade og ekte. Første bokstav i verdiane dannar ordet «KONGE».
Inkluderande kommune
Den siste delen av besøket fann stad på Randaberg torg, med kulturelle innslag og talen til dronninga, der ho takka for seg på vegner av seg sjølv og kongen. Ho lét seg imponere av den inkluderande kulturen i kommunen og mangfaldet blant dei vel 11.000 innbyggjarane.
– Når ein besøkjer Jæren, får ein ofte inntrykk av å vere under ein litt større og open himmel, sa dronninga framfor eit fullstappa torg med overdøyvande måkeskrik i bakgrunnen.