AVLYSE: Norsk Luthersk Misjonssamband må truleg skrote planane om dataspel-klubb i Stavanger.

«Game over» for kristen ungdomsklubb

Venstresida i Stavanger kommunestyre meiner at kristen klubb for dataspel-interesserte er for forkynnande. – Dramatisk taktskifte, seier KrF.

Publisert Sist oppdatert

Etter valet i haust hamna KrF i opposisjon i Stavanger for første gong på 24 år. Etter at dei raudgrøne tok over makta har det vore ei amper stemning mellom posisjonen og KrF i siddis-byen.

I desember fremma partiet Raudt eit forslag om å boikotte israelske varer, eit forslag som vart nedstemt med éi stemme. Tidlegare i februar gjekk KrF ut mot SV sin skepsis til private barnehagar.

Førre veke toppa det seg då Oppvekst- og utdanningsutvalet i kommunen ikkje ville gje støtte til ein kristen fritidsklubb som Norsk Luthersk Misjonssamband ville starte til hausten. Årsaka var at utvalet frykta forkynning.

– Utgangspunktet er at når det blir skrive at dei vil drive forkynning så fell det utanfor våre kriterium. Alle må kunne kome på arrangementet utan å bli utsett for politisk eller religiøs rekruttering, seier utvalsleiar Eirik Faret Sakariassen (SV) til Dagen.

NEI: Eirik Faret Sakariassen (SV) meiner at kommunen bør unngå å støtte aktivitetar med forkynnande innhald.

Fekk anbefaling

Utvalet skulle avgjere kva kandidatar dei skulle anbefale vidare til Barne- ungdoms- og familiedirektoratet sin støtte til barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.

Norsk Luthersk Misjonssamband hadde søkt om 700.000 i årleg stønad i tre år for å drive ein gaming-klubb for ungdomar som er glad i dataspel i bydelen Storhaug i Stavanger.

Kommunedirektøren anbefalte å gje støtte til NLM, men eit motforslag frå SV, Ap, FNB og MDG sikre fleirtal mot å anbefale støtte til søknaden.

Grunnen var at NLM hadde skrive i søknaden sin at dei «har eit kristent livssyn, det ønskjer vi å dele gjennom, samtalar, handlingar og nestekjærleik».

Skuffande

Tilbodet skulle heite GGWP, som er ei forkorting frå dataspel-uttrykket «Good Game, Well Played», og skulle etter planen starte opp til hausten.

– Tanken var å skape ein arena for dei som ikkje har så mange andre plassar å treffe folk. No må vi gjere nye vurderingar om kor vidt vi har økonomi til å gjere dette utan støtte, men sannsynlegvis vert det ikkje noko av, seier regionsleiar Kolbjørn Bø i NLM Sør-Vest.

Han fortel at aktiviteten skulle ha ein diakonal profil, og i utgangspunktet var det ikkje planlagt å ha andakter eller direkte forkynning.

– Eg meiner at det er vårt oppdrag å formidle den kristne trua, men det som skuffar meg er at dei avviser søknaden fordi vi er ein kristen organisasjon.

– Korleis har samarbeidet med kommunen vore før valet i haust?

– Vi har hatt eit godt samarbeid med Stavanger kommune og er takknemlig for det. Dei har støtta oss mykje og gjer det framleis utanom dette prosjektet, fortel Bø.

Ei setning avgjorde

Utvalsleiar Eirik Faret Sakariassen (SV) seier at dei ikkje såg noko feil med aktiviteten som NLM la opp til, men at han ikkje kunna anbefale den så lenge dei driv forkynning.

– Alle må kunne kome på arrangementet utan å bli utsett for politisk eller religiøs rekruttering, meiner han.

– Betyr det at ingen kristne aktivitetar vil få støtte i denne perioden?

– I tillegg til NLM sendte også Varden kirke ein søknad om støtte, som vi enda opp med å anbefale. Det kunne vi gjere fordi dei ikkje skreiv noko om å drive forkynning i søknaden sin.

– Hadde NLM fått anbefalt sin søknad dersom dei hadde droppa setninga om kristen formidling i søknaden?

– Det blir hypotetisk, men det stemmer delvis. Vi meiner at tiltaka skal famne alle. Det er ikkje ei kategorisk linje, men ei vurdering frå sak til sak.

Sakariassen legg til at dei berre har sendt ei anbefaling til direktoratet, og at det er dei som avgjer kven som får støtte.

Linjeskifte

Kommunestyrerepresentant Marie Ljones Brekke (KrF) er skuffa over politikken det nye styret har ført det siste året. Ho kallar det eit linjeskifte.

– Det er ei vesentleg endring i tilnærminga til både private barnehagar og ikkje minst kristne lag og organisasjonar, meiner Brekke, (biletet) og held fram:

– Vi har ein lang tradisjon i byen for å støtte og verdsette kyrkjer som driv arbeid for barn og unge. Dette er eit dramatisk taktskifte som blir merka.

Brekke fryktar at det vert vanskelegare for dei kristne forsamlingane å samarbeide med kommunen dei neste fire åra.

– Eg fryktar at dette er den nye linja som posisjonen kjem til å legge seg på i til dømes i tildelingssaker. Det er eit nokså raudt styre av byen no, og det er lett å sjå kva som kjem til å skje i dei kristne sakane, seier Brekke.

Powered by Labrador CMS