Gammalt bedehus blir ung katedral
Den rike historia til Ålesund bedehus inspirerer Ungdom i Oppdrag når dei fyller den ærverdige bygningen med ny aktivitet.
– Kan du kome ned i katedralen?
Leiar Jan Oskar Alnes på basen til Ungdom i Oppdrag i Ålesund står i gangen til Ynglingen og snakkar i mobil med ein annan i staben.
Den internasjonale misjonsorganisasjonen leiger det tradisjonsrike huset til KFUK-KFUM i sunnmørsbyen. Her har dei mellom anna kontor, kjøken og felles stove. På ei korktavle heng det bilete av menneske frå Danmark, Romania, USA, England, Nederland, Sør-Afrika og Canada. Fellesskapet er fargerikt.
Vegg i vegg ligg det staselege Ålesund bedehus, som dei overtok frå Indremisjonsforbundet på Sunnmøre i mai.
– Det er eit trusprosjekt, vedgår Alnes.
«Johanneskatedralen»
Sjølv om huset er i god stand for å vere over hundre år gammalt, er det behov for mange oppgraderingar for å møte vår tids forveningar.
Bedehuset fekk tilnamnet «Johanneskatedralen» etter borgarmeister Johannes Solem. Han var ein profilert kristenleiar både i byen og rundt i landet på starten av 1900-talet.
Huset syda av akvititet i mange år, men omfanget av arbeidet minka utover etterkrigstida. Til slutt var det såpass lite igjen at foreininga overlet det til Sunnmøre Indremisjon.
– Tanken var å plante eit arbeid i ytre bydel. Det vart forsøkt over litt tid utan å lykkast, seier krinsleiar Johan Halsne i ImF Sunnmøre.
Skulder ved skulder
Krinsen såg to alternativ: Å sellje det kommersielt eller å avhende det til ein annan organisasjon som vil utbreie evangeliet.
– Signalet frå Ungdom i Oppdrag er eigentleg at dei ønskjer samarbeid. For oss er det ikkje om å gjere å eige eit hus, men å gjere ein skilnad i Ålesund, seier Halsne.
Han understrekar at UiO har lova å gi plass til det som er igjen av det tradisjonelle indremisjonsarbeidet i bedehuset.
– Vi ønskjer å stå skulder ved skulder. Elles er det ikkje ferdig tenkte tankar om korleis huset skal brukast, men eg har tru på at dette vil verte mykje betre, seier Halsne.
Lager vart kafé
Eit gammalt lager i bedehuset er omgjort til kafé med bord, sofaer og disk med kaffimaskin.
– Vi ønskjer at det skal vere eit fint hus å kome til, fortel Jan Oskar Alnes som har teke plass i ein sofa saman med tre andre i staben.
Han framhevar at dei ønskjer at huset skal vere ein ressurs for forskjellige kristne miljø. Allereie låner den nye plantinga til pinseforsamlinga i byen lokale til gudstenester. Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag har også hatt samlingar her.
Ventar innrykk
Det siste halvåret har vore spesielt på basen. I over 20 år har det vore drive disippeltreningsskule, som er Ungdom i Oppdrags bibelskulekonsept, i Ålesund. Koronasituasjonen førte til at det ikkje vart mogleg å ta imot nye studentar, men over jul ventar dei nytt innrykk.
I mellomtida ser stabsmedlemene Jenny Freim frå Sandefjord, Stefan Miron frå Romania og Italia og Evelyne Fürst frå Sveits mykje meining i å byggje kristent fellesskap på Sunnmøre
– Eg kom hit for å gå på disippeltreningsskule i 2013, seier Fürst.
Sidan har ho ikkje vendt tilbake.
– Eg vart her på grunn av visjonen. På den tida var det mykje fokus på det kreative. Eg likte å kombinere tru og kunst, og bruke kunsten for å dele evangeliet, seier ho.
Stefan Miron har rumensk familie, men dei flytta til Italia då han var ni år gammal.
– Eg elskar foto og Jesus. Eg kom hit mest på grunn av den kreative DTS-en. Planen var å reise tilbake til Romania eller Italia for å bringe ideen dit, men Gud talte til meg om å bli her som stab for å få meir erfaring, seier han.
Medisinskip
Jenny Freim hadde gått DTS i Australia og hadde aldri trudd at ho skulle ende opp på Vestlandet, men opplevde seg leia hit under ein bønekonferanse.
– Eg er blitt veldig fascinert over havet og følte Gud snakka til meg om medisinskip, seier ho.
Medisinskip er eit viktig stikkord også for Jan Oskar Alnes og kona Randi. Dei har vore utsendingar for Ungdom i Oppdrag på eit slikt fartøy på Papua Ny-Guinea. Dei brenn for å knyte kontakt mellom sjøfolk og helsearbeidarar på Sunnmøre og dette arbeidet på den andre sida av kloden.
Byggjer relasjonar
På UiO-basen er dei også opptekne av å byggje relasjonar med lokale ungdommar.
– Eg opplever at vi står i kontakt med visjonen som bedehuset har hatt tidlegare, seier Jenny Freim.
Saman med Stefan Miron har ho også vorte engasjert som leiar på eit ungdomsarbeid i Ulsteinvik, ein times tur sørover frå Ålesund.
– Det tek meir innsats og tid å byggje relasjonar, men det gir god frukt, seier Miron.
Går i tru
Jan Oskar Alnes legg ikkje skjul på at det er mange utfordringar på forskjellige nivå. Det handlar om økonomi, om praktiske ting, om mellommenneskelege ting og om åndeleg dømmekraft.
– Det er ein del av spenninga. Vi må gå i tru i mykje av det vi gjer. Det er mykje som ikkje som ser så logisk eller fornuftig ut, men der vi likevel kan oppleve at Gud leier oss, forklarer han.
– Var det ei vanskeleg avgjerd å ta over bedehuset?
– Nei, vi har leigd her så lenge. Vi opplever også å ha fått ord frå Gud om at vi skal verte meir synlege og vekse i arbeidet vårt i Ålesund, både i storleik og frukt. Då vart det veldig naturleg å ta over bedehuset.
Kraftstasjon
Ungdom i Oppdrag-leiar Andreas Nordli var også involvert i prosessen. Han har forventningar om at bedehuset skal verte ein kraftsentral. Det synest Alnes er eit fint uttrykk.
– Vi ønskjer vekst i alt kristent arbeid i Ålesund. Vi har vår visjon og vårt fokus, men vil vere ein brubyggjar til andre. Vi ønskjer at mange skal bruke huset.