KYRKJESKATT: Tyskland er eit av seks land i Europa som har kyrkjeskatt. ­Biletet viser kyrkja i Seekirch am ­Federsee i Uttenweiler-Ahlen, sør i landet. I bakgrunnen reiser Alpane seg, meir enn ti mil borte.

Går sjeldan i kyrkja, men betaler likevel

Trass aukande sekularisering er vesteuropearar positive til kyrkjeskatt.

Publisert Sist oppdatert

Pilene peikar nedover for folkekyrkjene i Europa. Færre blir døypte, og færre går til gudstenester. Det byr også på økonomiske utfordringar: I nokre land er det fleire som vel å melde seg ut av kyrkjer for å sleppe å betale kyrkjeskatt.

Men dei fleste borgarane i desse landa lever godt med denne ordninga, ifølgje ei fersk undersøking frå Pew Research Center.

Brei aksept

Gjennom fleire hundre år har det vore tradisjon for at borgarar i europeiske land betalar ein del av inntekta si til kyrkja dei er medlem av. For mange kyrkjer har dette vore ei av dei viktigaste inntektskjeldene. Framleis krev seks land inn ein eigen kyrkjeskatt som er synleg på skattesetelen: Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Sveits og Austerrike.

Nokre kritikarar har hevda at dette bryt med religionsfridomen og har teke til orde for å avskaffe ordninga.

Få vil slutte

Spørsmåla som det amerikanske forskingsinstituttet har stilt, er mellom anna: Har du nokon gong betalt kyrkjeskatt? Betaler du slik skatt no? Og har du planar om å slutte med det i framtida?

I Sveits seier 8 prosent at dei har slutta å betale slik skatt. I Finland seier 20 prosent det same. I fleire av landa er det rundt ein femdel som seier at det er svært eller nokså sannsynleg at dei kjem til å kutte denne skatten i framtida.

I Noreg finst det ikkje ein eigen kyrkjeskatt. I staden slår Grunnlova fast, etter endringane frå 2012, at Den norske kyrkja er ei evangelisk-luthersk kyrkja og «forblir Norges folkekirke og understøttes som sådan av staten». Ordninga inneber også at andre trus- og livssynssamfunn får tildelt same sum per medlem som Den norske kyrkja.

Tore Wittsø Rafoss ved er forsker ved KIFO – ­institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning.

Nasjonal identitet

Forskaren synest det er interessant at berre 65 prosent av dei svenskane som stiller seg positive til kyrkjeskatt, reknar seg som kristne. I Danmark er delen 75 prosent.

– Her skil Sverige og Danmark seg frå Tyskland og Austerrike, seier Rafoss.

I dei sistnemnde landa reknar dei fleste som betalar kyrkjeskatt seg som kristne.

Rafoss meiner ei mogeleg forklaring kan vere at kyrkjemedlemskapet i Skandinavia i større grad vert sett som ein del av den nasjonale identiteten.

– Det kan vere at ein også tenkjer at ein kan få bruk for kyrkja til dømes ved giftarmål eller gravferd.

Norsk diskusjonstema

Finansiering av Den norske kyrkja i framtida har vore eit diskusjonstema. Rafoss påpeikar at spørsmålet om kyrkjeskatt i så måte synleggjer eit dilemma. Somme vil vere skeptiske til kyrkjeskatt fordi dei er opptekne av at folkekyrkja skal famne flest mogeleg, uavhengig av kyrkjegang og personleg overtyding. Andre vil meine at kyrkjeskatt vil ansvarleggjere dei som faktisk identifiserer seg med kyrkja.

Han trur likevel det ikkje utan vidare ville gå knirkefritt å innføre kyrkjeskatt i Noreg.

– Det er noko anna å innføre noko nytt enn å vidareføre noko ein er van med frå før, seier Rafoss.

Moralsk kraft

Ein aukande del av europearane identifiserer seg ikkje med nokon religion. Men sjølv blant desse er det mellom 14 prosent (i Sveits) og heile 60 prosent (i Danmark) som oppgir at dei betaler kyrkjeskatt.

Også blant sjølverklærte kristne i landa med kyrkjeskatt, er det vanleg å gå sjeldan i kyrkja. Derfor har Pew Research Center vore interessert i å finne ut kva som motiverer dei til å betale skatten. Det viser seg å vere for eksempel vere at kyrkja og andre religiøse organisasjonar er ei moralsk kraft, fører menneske saman og hjelper dei fattige.

Blant dei som har kutta ut ­skatten, er det færre som har dette synet.

Dei som framleis betaler kyrkjeskatt er mindre tilbøyelege til å meine at det bør vere skilje mellom religion og politikken styresmaktene fører.

Powered by Labrador CMS