Går til sak for Naustdal-familien

Advokat meiner barnevernets eigne dokument avslører sterke religiøse og kulturelle fordommar mot Naustdal-familien. No er saka klaga innfor Den Europeiske Menneskerettsdomstolen.

Publisert Sist oppdatert

Det kristne ekteparet i Naustdal vart fråtekne fem born i november 2015. Først i juni 2016 var heile familien samla igjen.

– Vår oppfatning er at når borna er returnerte, er alle mogelegheiter til å handsame sama i Noreg uttømde, seier juristen Roger Kiska ved Christian Legal Centre i London til Dagen. Han fører saka for Den Europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD) for familien.

LES: – Barna våre vil ikke tilbake til Naustdal

– Sakene er ikkje koordinerte, men vi er merksame på dei andre sakene, seier Kiska.

Skarp kritikk

I klagen som er sendt til EMD, tek Kiska eit sviande oppgjer med korleis foreldra og borna vart handsama i prosessen med barnevernet. Kiska skriv at barnevernets eigne saksdokument viser at «borna vart tekne basert på ikkje-underbygde skuldingar som er gjennomsyra av religiøse fordommar».

Utgangspunktet for klagen til EMD er at ein meiner norske styresmakter har krenka retten til familieliv i artikkel 8 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

LES OGSÅ: Avviser at Solberg kunne gripe inn i barnevernssak

Manipulering

Advokaten hevdar borna vart fjerna frå foreldra av tre grunnar - ein uttalt og to implisitte. Dei implisitte er den pinsekristne trua til familien og farens rumenske opphav. Den eksplisitte er «ugrunna skuldingar om fysisk mishandling».

Kiska påpeikar at fysisk avstraffing i og for seg ikkje er eit brot med Den europeiske menneskerettserklæringa.

Dersom staten skal gripe inn i slike saker, må tre kriterium vere oppfylte: Inngrepet må vere lovfesta, ha eit legitimt siktemål og vere nødvendig i eit demokratisk samfunn. Kiska avviser at dette var tilfellet i Naustdal-saka. Han meiner styresmaktene hadde høve til å overvake situasjonen til familien i staden for gripe inn slik ein gjorde.

Kiska er også sterkt kritisk til korleis borna vart intervjua om situasjonen i heimen, utan foreldra eller andre representantar for familien til stades.

– Det er klart at intervjua var manipulerte, seier han.

LES MER: Psykolog ser ikkje poenget med rettssak

Ser religionskritikk

I bekymringsmeldinga om oppdragarvald påpeika meldaren at det var ein «veldig kristeleg familie» og at særleg bestemora hadde eit syn på at Gud straffa synd som vart delt av resten av familien. Meldaren meinte dette hemma utviklinga til borna.

Ifølgje søksmålet var religion «eit konstant tema» i politiforhøyr med spørsmål om korvidt og korleis dei «tvinga» den religiøse trua si og overtydingane sine på borna.

I eit internt i barnevernet som har vorte sendt til foreldra, vert det uttrykt uro for at borna vert oppdregne på ein måte som er rettferdiggjort i Bibelen sidan borna snakkar om tilgjeving og kor vanskeleg det er å hugse kva som står i Bibelen. Barnevernsleiaren spør ifølgje Kiska også om borna kan ha ein indre konflikt om dei godt nok greier å leve opp til foreldra sine verdiar.

Positiv rapport

I to psykolograpportar har også religion vore tema, mellom anna eksorsisme, skriv advokaten. Den siste rapporten gav ei positiv vurdering av omsorgsevna til foreldra og vart ifølgje søksmålet godkjend av ein ekspertkommisjon for barnepsykologi med den einaste merknaden at han unødvendig problematiserte religiøse aspekt.

Ein rapport frå eit samvær med babyen skildrar korleis faren går på kne og bøyer den øvre delen av kroppen over sofaen, og med utropsteikn vert det påpeika at han kanskje ber.

LES OGSÅ: Naustdal-foreldra møtte ikkje i retten

Sjølv om barnevernlova seier at ein skal ta omsyn den religiøse kulturelle bakgrunnen til borna ved omsorgsovertaking, vart borna ifølgje advokaten ikkje bedne med eller tekne til kyrkje medan dei var under omsorg. Dei fekk heller ikkje lov til å snakke rumensk med kvarandre eller foreldra.

Forbaud rumensk

Roger Kiska meiner også at den rumenske bakgrunnen til faren vart brukt mot familien. Både sjukesystra og fastlegen til familien gjorde eit poeng av dette og av dei meiner han har språkvanskar. I samvær med borna måtte han skrive under på at han ikkje fekk snakke rumensk. Då ville samvære bli avslutta.

Den siste psykolograpporten gjorde klart at ein meinte borna ikkje burde ha vore fråtekne borna og at familiens religiøse og nasjonale bakgrunn ikkje hadde hatt negativ effekt på familien.

Advokaten håper at saka vil vere ferdigbehandla i løpet av månader. Handsaminga føregår stort sett skriftleg.

Glad for vurdering

Rådmannen i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, har uttalt seg på vegner av kommunen i saka. Han er ikkje kjend med klagen og saksgangen i EMD då Dagen tek kontakt.

– Norsk barnevernlovgiving tek utgangspunkt i barnekonvensjonen, seier rådmannen, og understrekar at det er dette som gjeld også for Naustdal kommune.

– Eg ser berre positivt på at norsk barnevernspraksis vert vurdert i forhold til internasjonale standardar, seier Bang-Olsen.

– Advokaten skriv at saka er gjennomsyra av religiøse og kulturelle fordommar. Har du nokon kommentar til det?

– Eg kan ikkje kommentere eindkildelement i ei sak, men eg kan seie at dette er det ikkje tilgang til å gjere i norsk lovverk.

DEBATT: Barnevernet - utgått på dato?

Får støtte

Tidligare dommar i EMD, Gro Hillestad Thune, har i fleire år uttrykt sterk uro for maktmisbruk i norsk barnevern.

– Eg er ikkje i tvil om at Naustdal-saka er ei uakseptabel krenking av både born og foreldre uavhengig av korleis dette går i Strasbourg, seier ho til Dagen.

Hillestad Thune understrekar at det er eit trangt nålauge for å kome gjennom for å få saka handsama i EMD. Først skal kome ein respons frå norske styresmakter og eventuelt fleire avklaringar frå partane før saka kjem opp.

– Er du samd med advokaten til familien i at saka er gjennomsyra av religiøse og kulturelle fordommar?

– Det anar eg ikkje. Men ein må berre sjå på handlingane til barnevernet. Dei kan ikkje vere til beste for borna, seier ho.

– Det er farleg å flytte born akutt utan at dette byggjer på ei grundig kvalitetssikra vurdering, seier Hillestad Thune.

Ho meiner saka illustrerer alvorlege manglar ved rettstryggleiken til familiar som kjem i kontakt med barnevernet.

– No må Noreg vakne, både journalistar, politikarar og fagfolk. Barnevernet har fått ei makt som ingen kontrollerer, seier ho.

LES MER: Europarådet gransker norsk barnevern

Powered by Labrador CMS