Giedre er ikkje norsk statsborgar, men støttar Sp
Småbarnsmor frå Litauen forstår godt at nesten fire av ti i Sogn og Fjordane seier dei vil røyste på Senterpartiet.
Ein fin vestlandssommar er på hell i Gloppen. Langs fjordane og fjella gror det mengder av frukt og bær. Det strøymer også tonnevis av mjølk frå gardane i den største landbrukskommunen i Sogn og Fjordane. Dessutan er her og offensivt lokalt næringsliv og reiseliv.
For Senterpartiet er Goppen eit utstillingsvindauge. Partiet har hatt ordføraren samanhengande i 53 år.
Få tek ordet
I kommunesenteret Sandane er det ikkje lett å få forbipasserande lokale til å forklare kvifor dei trur partiet står så sterkt både her og i fylket.
– Eg er ikkje så oppteken av politikk, seier ein.
– Det kan eg ikkje svare deg på, seier ei anna.
Atter andre manglar enten tid og lyst til å uttale seg, eller begge deler.
Men utanfor Coop Prix stansar ei kvinne med ein handlepose.
– Eg stod på liste for Senterpartiet ved lokalvalet sist, opplyser Giedre Cepukeniene.
Allereie for 15 år sidan kom ho frå Litauen til Gloppen for å plukke bær som sommarjobb. For åtte år sidan flytta ho hit og er etablert med to born. Ho jobbar som resepsjonssjef ved Gloppen hotel.
– Senterpartiet verka nært og kjent, seier ho.
Sidan ho enno ikkje er norsk statsborgar, kan ho ikkje røyste ved stortingsval.
Senterpartiet verka nært og kjent
Giedre Cepukeniene
Fryktar MDG
I fødelandet var ho med i ungdomsorganisasjonen til det konservative partiet. Dei grunnleggjande verdiane meiner ho var nokså like.
– Senterpartiet organiserer ofte møte med folk og svarer fort når ein tek kontakt, seier ho.
– Kva ventar du deg skal bli annleis med ei anna regjering?
– Alle gjer jo feil, seier ho, og legg til at ho ikkje er usamd med alt den noverande regjeringa har gjort heller.
– Så lenge MDG ikkje kjem i regjering, er det det viktigaste.
Cepukeniene meiner det er viktig å ta vare på olje- og gassindustrien for å sikre norsk velferd.
– Miljø er viktig, men Noreg kan ikkje redde verda, seier ho.
Siste runde
På ein benk ved heradshuset i Sandane sit Senterpartiets listetopp Erling Sande. Etter åtte års pause frå Stortinget er han på veg inn igjen.
Fleire vinkar idet dei går forbi. Sande er busett i kommunen, men politisk er han på heimebane i heile Sogn og Fjordane, som framleis eigen valkrins etter at fylket er blitt ein del av Vestland.
Sjølv om Sande er klar til å brette om ermane i valkampen, kan det verke symbolsk at han har på seg t-skjorte. Partiet hans ligg forbløffande godt an. Men han vil ikkje ta sigeren på forskot.
– Eg kjenner det litt i magen. I demokratiet kan folk bestemme seg siste dagen, seier Sande.
Reagerer på sentralisering
«Supermålinga» til NRK frå tidleg i august viste 37,3 prosent oppslutnad for Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Det er ein tilbakegang på 3,0 prosentpoeng sidan, men likevel nok til at partiet ligg an til å få to av dei tre faste mandata frå fylket.
– Kva forklaring ser du på dei gode tala?
– Eg merkar at sentralisering går igjen i det som vert sagt, seier Sande.
Han nemner politireformen og kommunereformen som eksempel på at staten trekkjer seg lenger unna.
Nektar for nostalgi
– Men ein kritikk mot Senterpartiet er gjerne at politikken dykkar vert prega av nostalgi?
– Når ein skal gjennomføre store reformer, må målet vere at ting skal bli betre, i alle fall etter ei stund. Her er det gjort endringar som ikkje er til det betre, seier Sande.
Han understrekar at han ikkje ser det som realistisk at alle lokalsamfunn skal vere i vekst, men meiner det er mogleg å få til ei balansert utvikling med bevisste prioriteringar.
– Å oppretthalde lokalsamfunn er ikkje berre ein utgiftspost. Mange offensive verksemder har vakse fram i distrikta, poengterer han.
Høgre som hovudmotstandar
Det fjerde setet frå fylket, utjamningsmandatet, ligg Høgre an til å få. Men dersom Erna Solbergs parti berre får 14,2 prosent av røystene i Sogn og Fjordane, som den siste målinga tilseier, er det ein tilbakegang på 4,4 prosent frå valet i 2017.
Sande legg ikkje skjul at han ser Høgre som hovudmotstandar.
– Høgre har i stor grad utvikla seg til å bli eit embetsparti igjen, seier Sande.
Slektskap med KrF
I den inneverande perioden er det KrF som har utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane. På den siste NRK-målinga får partiet berre 3,8 prosent av røystene. Det er ein framgang på 0,8 prosent sidan målinga i juni, men likevel 0,5 prosent under resultatet i 2017.
– Vi opplever ei tilstrøyming av KrF-veljarar. Då er det sentraliseringa som går igjen, seier Sande.
I fleire saker opplever han slektskap mellom Sp og KrF. Fordelingspolitikk, frivillig sektor og skulepolitikk er tre døme han nemner. Han reknar seg også mellom dei restriktive i Senterpartiet i bioteknologi og ønskjer ikkje utviding av grensa for sjølvbestemt abort.
– Eg kjem til å stå tydeleg på det, lovar han.
Vi opplever ei tilstrøyming av KrF-veljarar. Då er det sentraliseringa som går igjen.
Erling Sande Førstekandidat for Senterpartiet i Sogn og Fjordane
Kristen arv
– På kva måte tenkjer du kristne verdiar betyr noko i politikken?
– For meg betyr det noko i fordelingspolitikken, både sosialpolitikken her til lands og bistandspolitikken internasjonalt, seier Sande.
Han ser dette som ein del av den kristne arven i Noreg, men understrekar at han også møter menneske utan kristent livssyn som har tilsvarande ideal.
Rom for tru
– Er ein kristen identitet viktig for deg som politikar?
– Det er meir viktig for meg som menneske. Det formar mitt verdigrunnlag, seier han.
I oppveksten var han med på lokalt kristent barnearbeid og leir. Framleis går han i kyrkja med familien, men vedgår at det ikkje blir kvar søndag.
– Eg er oppteken av at det skal vere rom for tru i samfunnet. Eg meiner ikkje at ein slags sekulærfundamentalisme er meir høgverdig enn annan fundamentalisme, seier Sande.