Gift med jøde, oppvaksen med hinduisme og kristendom
Ho reknar seg som svart baptist, men truleg har ingen kandidat ved eit amerikansk presidentval hatt så brei religiøs bakgrunn som Kamala Harris.
Det var inga stor overrasking at Joe Biden valde den 55 år gamle senatoren frå California som makkeren sin. Demokraten Biden har vore tydeleg på at han ville peike ut ei kvinne.
Harris vert den tredje kvinna som er amerikansk visepresidentkandidat. Den første var Geraldine Ferraro som stod på stemmesetelen saman med den norskætta demokraten Walter Mondale (av Mundal i Sogn) i 1984.
Den andre var Sarah Palin, som var stilte saman med republikanaren John McCain i 2008. Men sidan begge desse tapte, har Harris sjansen til å bli den første kvinna som får det nest øvste embetet i USA.
Kvitt fleirtal
Biden presenterte Harris som «ein fryktlaus forkjempar for den lille mann». Dei skal etter planen verte formelt nominerte på det virtuelle landsmøtet til Det demokratiske partiet i Milwaukee i neste veke. Det vert første gongen ei farga kvinne står på røystesetelen til eit av dei store partia under eit presidentval i USA.
Faren til Harris er svart innvandrar frå Jamainca medan mora er indisk. Den etniske og kulturelle bakgrunnen til Harris avspeglar også eit aukande mangfaldet som pregar den amerikanske befolkninga.
USA har vore prega at etnisk mangfald heilt sidan landet vart grunnlagt, men kvite har vore i fleirtal. I 2055 vil landet ikkje lenger ha nokon rasemessig eller etnisk majoritet, ifølgje Pew Research Center. Mykje av denne utviklinga vil vere styrt av innvandring.
Farga veljarar er svært viktige for Det demokratiske partiet og vil vere avgjerande for sjansane Biden har til å vinne over Donald Trump ved valet i november. Rundt 90 prosent av svarte veljara røystar demokratisk, men ein stor del nyttar ikkje røysteretten. Ei av utfordringane til Harris vert å mobilisere denne veljargruppa.
Utdanna jurist
Før Harris vart vald som senator for California i 2016, var ho justisminister i denne mest folkerike delstaten i USA. I Senatet har ho arbeidd for helsereform, forbod mot sal av åtaksvåpen og ei progressiv skattereform. Ho var også profilert under riksrettssaka mot Trump.
Harris var mellom dei mange som prøvde å bli demokratisk presidentkandidat, men gav opp i desember og stilte seg bak Biden.
Prøvde å bli kandidat
Namnet Kamala betyr lotus på det indiske språket sanskrit, og det er eit anna namn for den hindiske guddinna Lakshmi. Som jente vitja Harris India fleire gonger og vart kjend med slektningar der.
Men ettersom foreldra skilde seg då ho var sju år gammal, vaks ho opp med å gå til gudstenester i kyrkjer med eit fleirtal svarte. Naboen i underetasjen, Regina Shelton, tok ofte med seg Kamala og systera Maya til gudsteneste i Oakland. Harris reknar seg i dag som svart baptist.
Jødisk skikk
Den jødiske ektemannen Douglas Emhoff møtte ho på ein blind-date i San Fransisco. Dei gifta seg i 2014. Under bryllaupet knuste paret eit glas, som er ein jødisk skikk, for å vise respekt for bakgrunnen hans. Det var hennar første ekteskap og hans andre. Det har også ført til at ho er stemor til to jødiske born, ifølgje den jødiske nettsida kveller.com.
Ektemannen har lagt ut mange bilete på Instagram og Twitter som uttrykkjer kjærleik til kona.
Kritikk frå kristne
Den første jobben Harris hadde som jurist, var for påtalemakta i California. Ho arbeidde særleg med seksuelle lovbrot og misbruk av barn. Men ho har seinare fått kritikk for at ho ikkje grip fatt i overgrepsskuldingar mot prestar i Den romersk-katolske kyrkja, også etter at ho vart justisminister i delstaten.
I den sistnemnde posisjonen engasjerte ho seg mot at eigarar av kommersielle verksemder av religiøse årsaker skulle kunne reservere seg mot å inkludere visse prevensjonsmiddel i helseplanane til tilsette. Det var konkretisert med den store butikkjeda Hobby Lobby. I 2014 fekk dei kristne eigarane medhald i Høgsterett.
Harris gjekk også imot eit lovforslag i California som forbaud homofile ekteskap, men som seinare vart erklært ugyldig av Høgsterett. I 2015 avgjorde Høgsterett at par av same kjønn har ein grunnlovsfesta rett til å gifte seg.
Som senator har Harris engasjert seg mot det ho kallar diskriminering i religionens namn. Konservative kristne uttrykkjer uro for at ei slik politisk linje skal undergrave trusfridomen.
Den gode samaritanen
Då Harris prøvde å bli presidentkandidat, brukte ho ofte Jesu likning om den gode samaritanen for å for å forklare kven nesten vår er.
– Å vere ein neste handlar ikkje om å ha same postnummer, sa ho til Poor People´s Campaign forum i fjor.
– Det vi lærer av denne likninga, er at nesten vår er ein du går forbi på gata, sa ho, og la til at det hanldar om å forstå og tene andre.
I andre talar brukte ho frigjeringsteologi, ein tradisjon som legg vekt på kamp for undertrykte, for å få fram den politiske agendaen sin.
– Eg trur at dersom vi vinn over urettferda, vil vi låse opp den amerikanske lovnaden og potensialet til det amerikanske folket, sa ho.