Gir ikkje etter for bioteknologi-press
- Det er ikkje ein livsrett å få ungar, seier Liv Signe Navarsete.
Sp-leiaren reknar partiets stans av endring av bioteknologilova som ein stor siger for partiet denne våren.
Liv Signe Navarsete er godt nøgd med Senterpartiets innsats i den raudgrøne regjeringa. No gjentek ho samstundes invitasjonen til KrF om å bli med.
- No har vi sete i åtte år med Ap og SV, og fått til gode resultat for landet vårt. Vi ønskjer å fortsette med dei i neste periode, og eg skulle gjerne invitert KrF med, seier ho til Dagen.