Gir naboar i aust håp i mørketida
Tre tonn med brukte klede og matkassar har nok ein gong passert den russiske grensa.
– Dette er blitt eit kall for meg. Då mannen min døde og barna hadde flytta ut, kjende eg at eg trengde noko meir enn jobben eg hadde, seier Anna Hobbesland frå Eiken i Vest-Agder.
Ho er ein av vel 60 personar i to bussar som nyleg har vore med på årets tur til Vyborg. Passasjerane, som kom frå heile Vestlandet og nokre frå Austlandet, fekk sjå korleis pengar, klede og mat kjem til nytte for dei som fell gjennom i det russiske samfunnet. Dei fekk også høyre vitnesbyrd frå tidlegare narkomane som hadde fått eit nytt liv i eit rehabiliteringssenter som Vyborghjelpen støttar. Pengar er samla inn gjennom ti årlege basarar mellom Sunnmøre og Vest-Agder.
Basarar finansierer
– Vi har halde 14 basarar på Åseral bedehus, og årleg kjem det inn mellom 140.000 og 160.000 kroner. Folk kjem frå nabobygder, til og med ei busslast frå Kristiansand, for å vere med på basarane, seier Hobbesland.
Mellom ti og 15 personar står i spissen for arbeidet. Dei sit på butikkar eller bankar på dører med basarbøker. På basardagen er mat og kaffi også ein viktig del av samlinga. På turen i haust var dei seks venninner, som nytta fritida i eit elles hektisk opplegg til å handle på den lokale marknaden i Vyborg. Der kjøpte dei gevinstar som hamnar på basaren heime på Åseral.
– Vi har det veldig triveleg saman, og på bussturane treff vi att mange som har vore med på turar tidlegare, seier Hobbesland.
For henne var haustens tur den 19. i rekkja, ei ikkje uvanleg rekkje av turar for dei mest ivrige. Dagleg leiar i Vyborghjelpen, Jon Teigen og Johannes Stokke, har bak seg nærare 40 turar til Vyborg i ulike ærend. Båe har papir på at dei kan køyre buss og passasjerar.
Starta med ferietur
Det begynte med ein ferietur med tidlegare SI-Reiser i 1995. Bussturar til Finland var populære på den tida, og på ein av turane reiste dei forbi den russiske grensebyen Vyborg i Finskebukta. Den store nauda dei såg, særleg blant barn og eldre, utløyste ei spontan pengeinnsamling til fattige jødar.
Vel heime blei det organisert basarar og Vyborg-kveldar, og etter kvart fekk ein eit samarbeid med den lokale baptistkyrkja i Vyborg. Sidan da har det rulla og gått med hjelpesendingar, til tider fleire gongar i året. Vyborghjelpa har gitt pengar til fullføring av den store baptistkyrkja i Vyborg og ein lokal barneheim/fosterheim som kyrkjelyden driv.
Ein har hjelpt dei kristne rehabiliteringsentra for narkomane menn og kvinner, Håpets Hus og Betesta, både med pengar og praktisk hjelp. I St. Petersburg støtter Vyborghjelpen det private kristne krisesenteret og fosterheimen «Life» for barn. På turane legg ein alltid inn eit besøk på prosjekta ein støtter. Nærleiken til arbeidet er viktig.
Hjelper barn i St. Petersburg
– Vi kan ikkje nok overvurdere den hjelpa vi får frå Norge. Vi ventar med tolmod kvar haust, seier Elena Vasilyevna.
Ho er styrar på fosterheimen «Life», som held til i ei leilegheit i ein av dei mange bustadblokkene i utkanten av den russiske byen St. Petersburg. Totalt har 2.000 barn vore innom senteret sidan starten.
Sidan nyttår i år har ho og de fire hjelparane ved senteret tatt imot 25 barn mellom fire og 16 år som anten har rømt heimanfrå, eller er blitt tatt med dit av politiet til eit midlertidig opphald. Som regel er foreldra narkomane eller alkoholikarar og har påført barna blåmerke etter slag.
– Nesten alle barna har foreldre som lever. Mødrene vrakar barna sine allereie fødeklinikken. De skriv under et papir om at de ikkje vil ha barnet, og tar det ikkje med heim, seier Elena, som tidlegare i år vart utropt til «Årets kvinne» av dei sosiale styresmaktene i St. Petersburg for arbeidet ho driv.
Målet hennar er å sende barna vidare til eit kristent rehabiliteringssenter. Men krisesenteret ho driv, arbeider også tett opp mot foreldra for å sjå om det er mogleg å føre tilbake barna dit. Det har ikkje alltid vore vellukka. Enkelte barn har på nytt rømt heimafrå og komme tilbake til senteret. Nokre av dei har vore opp til åtte år på dette senteret.
Hjelper naboen
Dagleg leiar i Vyborghjelpen fortel at mange blir «hekta» på arbeidet etter berre ein tur.
– Det er vanskeleg å setje ord på kvifor det blir slik, men det er ein god kultur i Noreg at «Nabo hjelper nabo». Det er nok litt av det som sit i oss. Trass i at Russland er eit rikt land, er fordelinga blitt skeiv etter mange år med vanstyre. Det er nesten ikkje middelklasse i dette landet. Nokre er veldig rike, og ein stor del er fattige. Når det kjem familiar til kyrkja i Vyborg og spør etter matkassar fordi familien svelt, så gjer det inntrykk, seier Jon Teigen.
Frå starten av arbeidet var det ingen som hadde planar om at Vyborghjelpa skulle bli ein landsomfattande organisasjon som samlar inn 1,5 millionar kroner i året. All organisering skjer frivillig, det er ingen løna arbeidarar i organisasjonen og rekneskapen er open for alle.
– Den åndelege hjelpa vi kan gje til våre russiske venner er minst like viktig som det materielle. Mange slit som kristne. I mange år hadde ein til dømes ikkje lov å organisere eit kristent ungdomsarbeid. Her er eit åndeleg vakuum. For meg er det blitt eit kall, seier Teigen.