Gjer døra på bedehuset breiare

Gratis middag på måndag vart svaret då søndagsskulen på Emblem i Ålesund samla færre bedehusframande born.

Publisert Sist oppdatert

Eggerøra bresar i steikepanna til Helge Åkernes medan heimebakte rundstykke varmar seg i ovnen. Dagen er på turné i Kristen-Noreg i samband med 100-årsjubileet til avisa.

På Sunnmøre er Åkernes ein av fleire kristne leiarar som ser behov for å tenkje nytt for å ha kontakt med folk flest.

– Mange bedehus greier ikkje å oppretthalde eit friskt og fornyande arbeid for den oppveksande slekt. Det er null problem for oss som er med i kristne forsamlingar å køyre eit stykke for å vere med på gudstenester i ei stor forsamling. Men kva gjer vi for dei som ikkje kjem, spør han.

Åkernes er tilsett i både KRIK og Åpne Dører. I tillegg er han frivillig engasjert på bedehuset i drabantbygda Emblem. Dette er ei av dei største og mest vitale bedehusforsamlingane på Sunnmøre.

Gullivergjengen

Sjølv om Emblem bedehus har eit sterkt bedehusarbeid med breitt tilbod for born og unge, ser han at forsamlingssatsing også kan ha utilsikta verknader.

– Då vi byrja med gudstenester kvar søndag, og søndagsskule i tilknytning til desse, kom det færre born med foreldre som ikkje er med i forsamlinga, seier Åkernes.

For å bøte på dette, tok han ­saman med andre initiativet til Gullivergjengen. Det er gratis middag for familiar med 4-6-åringar annankvar måndag, etterfølgd av søndagsskuleopplegg.

– Det kjem vanlegvis 50-60 med små og store, nokre gonger heilt opp til 90, seier han.

Ein anonym givar som ikkje går på dette bedehuset, vart så ­imponert over arbeidet at han gav 50.000 kroner i gåve - anonymt.

Ein onsdagskveld i månaden har eit team også «Karaquiz» på bedehuset for vaksne menn.

– Det er veldig lågterskel. Vi har ikkje andakt, men for meg er det viktig at dette er eit møtepunkt der vi kan bli kjende med kvarandre og at det kan opne for samtalar. Mange av dei som kjem, går ikkje på bedehuset til vanleg, fortel han.

Samlar ­bedehusframande

Åpne Dører-kollegaen Olaug Lillian Bjørke er også på besøk hos Åkernes. Ho bur på Ellingsøya, som ligg i ein annan ende av Ålesund kommune, og er engasjert i arbeidet på Årset bedehus.

– Eg er leiar for ein klubb for 5.–7.-klassingar som heiter 7ern. Her opplever vi at 30-40 born møter opp, og bortimot to tredeler av desse kjem frå familiar som ikkje er aktive på bedehuset elles. Det er ei fantastisk mogelegheit til å gi dei Guds ord, seier Bjørke.

Ho meiner mange av desse aldri ville kome dersom alt barne- og ungdomsarbeid vart lagt til større og meir sentralt plasserte forsamlingar.

Bort frå sentrum

Køyrer ein med bil dei 8,6 kilometrane frå Emblem bedehus mot AMFI Moa, som er eit av dei største kjøpesentra i Noreg, passerer ein mange av dei mest livskraftige kristne forsamlingane og institusjonane på Sunnmøre: Møre ungdomsskule - som skal opne ­barnetrinn neste haust - og ­Ålesund Folkehøgskole, Misjonssalen som tilhøyrer Norsk Luthersk Misjonssamband, Hillsong, New Life bibel- og misjonssenter og Ålesund kristne senter. Langs vegen ligg det også to andre store bedehus: Blindheim og Spjelkavik. Og før ein er komen så langt, har ein rulla forbi området der Hatlehol kyrkje etter planen skal reisast om nokre år - etter 50 års ventetid.

Framme ved AMFI Moa finn ein også Spjelkavik kyrkje, som tener eit av dei største sokna i Den norske kyrkja, og det moderne og smått majestetiske bygget til Pinsekirka Filadelfia.

Kall til sentrum

For vel 20 år sidan følgde ­pinsevenene etter straumen av kristenfolk og kristne forsamlingar som hadde gått frå Ålesund sentrum og den dryge mila ­innover mot den veksande indre bydelen rundt Moa.

Pinsekirka har sett behovet for å satse i Ålesund sentrum igjen.

– Vi kjende veldig at Den ­Heilage Ande sa til oss at vi ­måtte inn der studentane er, seier danskfødde Lotte over tekoppen på ein kafé i sentrum.

Etter å ha førebudd satsinga gjennom fire år, gjekk det offisielle startskotet den siste søndagen i september.

Tommare gudshus

Haustsola forgyllar dei karakteristiske jugendhusa som ­speglar seg i det blanke Brosundet. ­Ålesund vart gjenoppbygd i ein særeigen stil etter bybrannen i 1904 og har i tillegg spektakulær utsikt mot storhavet i vest og sunnmørsalpane i aust.

På skrå over gata frå kafeen ligg det ruvande Ålesund bedehus med kyrkjetårn, men det er fleire tiår sidan det var verkeleg vitalt og regelmessig indremisjonsarbeid i huset. No har Ungdom i Oppdrag base der. Metodistkirken like oppi bakkane er nedlagd, og Kirkens Bymisjon har overteke bygningen. Misjonskirken ligg eit par minutt unna kafeen i motsett retning og Frikirken 200 meter bak. Dei to siste held framleis koken, men forsamlingane er små.

I Ålesund kirke er det faste gudstenester, men berre ein ørliten del av innbyggjarane i sentrum som kjem ein vanleg søndag.

Kyrkje for sekulære

– Vi håper fleire kjem til å satse i sentrum. Det er god plass til det. Vi når ikkje alle, seier Lotte P­edersen.

– Vi starta med samlingar på ein bar, men no er vi på eit hotell. Vi opplever å ha funne uttrykket vårt og vil vere ei kyrkje for alle, men hovudvekta ligg på aldersgruppa 20-30, forklarer Børre.

Det pregar kulturen og uttrykket, ikkje minst musikalsk.

– Det står jo fleire meir eller mindre tomme kristne forsamlingsbygg i sentrum. Er det eit mål for dykk å ikkje vere i eit slikt?

– Det er heilt med vilje vi er på ein stad folk oppfattar som ­nøytral. Ryktet til ein bygning har mykje å seie, meiner Børre.

Han er ektefødd ålesundar og jobbar som administrasjonsleiar i Pinsekirka Filadelfia.

– Plantinga av den nye forsamlinga er hobby, smiler han.

– Målet mitt er at vi kan ha ei kyrkje med masse folk som ikkje har ei levande tru, men blir der over lang tid. Dei kan få gå sine trusvandringar, men er kanskje i utgangspunktet ikkje tiltrekte av bodskapen. Dei kan oppleve at det er ein gøy plass å vere.

– Men er det ein fare for at dette kan føre til miljøkristendom?

– Det er det dersom vi legg ­lista ned og berre snakkar om Jesus som kompis, blir det veldig farleg. Men forkynner vi evangeliet kvar søndag, kan folk til slutt ta imot han, seier Børre.

– Vi vil feire at nokon går frå ­minus åtte til minus sju på ­skalaen mot kristen tru. Alle desse ­bittesmå skritta håper vi fører menneske til krossen til slutt, ­seier Lotte.

Bedehusfolket forsvann

Arbeidskyrkja Voldsdalen kirke står som eit gigantisk oppslått telt langs innfartsvegen til Ålesund. Prost Svein Runde er på plass i samband med ein kursdag for kyrkjeleg tilsette. Før han kom til sunnmørshovudstaden, var han gjennom 26 år prest i langt mindre tilhøve i Hellesylt og Geiranger, eit par timar unna.

– Eg opplevde at kyrkja vedgjekk folk, sjølv om det ikkje nødvendigvis var ein «åndselite» som tilhøyrde bedehuset, seier Runde.

– Den første tida opplevde eg at dei fleste var «positivt likesæle» til kristendommen. Det var viktig å gi dei tillit og praktiske oppgåver.

Han var sjølv mykje på bedehuset som prest, men opplevde at dette arbeidet visna bort etter kvart som generasjonen som var prega av vekk­ingskristendommen, har døydd ut.– Bedehuskristendommen var ein viktig faktor i ­sunnmørskulturen, men det vart etter kvart mykje avstand mellom denne og folk som kom etter, seier han.

I hans tenesteområde vart det bygd kyrkjelydshus som tok over noko av funksjonen til bedehuset.

– Dei gamle ønskte seg ei vekking, men i dag er det meir ei stille vekking som skjer undervegs. Trua veks på ei vandring, og ­nattverden er det punktet der ein gir dette til kjenne, seier han.

Sjølv om han ser folkekyrkja som sin plass, synest han det er bra at kristne i ulike kyrkjelydar og tradisjonar heiar på kvarandre.

– Det viktige er at evangeliet kan nå ut til nye menneske, seier han.

Bedehusgut vart prest

Kapellan Joachim Håland ­møter Dagen saman med prosten. ­Håland er oppvaksen i Norsk Luthersk Misjonssamband i Rogaland og har gått på Bildøy ­Bibelskole utanfor Bergen som er eigd av Indremisjonsforbundet.

– Ei viktig årsak til at gjekk inn i Den norske kyrkja, var at det var lettare å kome tett på folk som elles ikkje går i kyrkja. Eg er også oppvaksen med frie former, men er blitt glad i liturgien, seier presten som vart ordinert for tre år sidan. Nyleg har han også fått ­ansvar som studentprest ved ­NTNU i Ålesund.

Framleis har han kontakt med bedehusmiljøet.

– Eg har hatt andakt på Ålesund folkehøgskole og bibeltimar i ­Misjonssalen og går i bibelgruppe med folk der, og eg spelar også fotball med folk på Emblem bedehus, seier Håland.

Sjølv om han set pris på arbeidet som føregår i desse forsamlingane, opplever han for eigen del at det manglar noko.

– Hadde eg hatt mål om å ­byggje ei megakyrkje Voldsdalen, hadde eg ikkje halde ut, Men eg har ein kjerne på 20-30 i kyrkjelyden, og eg veit at det betyr mykje for desse at vi har gudstenester, seier han.

Radio når langt

Nokre hundre meter unna ­AMFI Moa har dagleg leiar i Radio Sunnmøre, Ragnhild ­Kristine Vartdal Espelund, besøk av to frivillige medarbeidarar som er i­nnom for å planleggje ei ­laurdagssending.

Den indremisjonseigde l­okalradioen har 1,2 årsverk som produserer program heile døgnet heile veka på nett og 73 timar på FM og Dab. I tillegg deler ei gruppe på rundt 60 frivillige på ansvaret for to timar ­sending på laurdagskveldane frå september og ut april. Dei samlar også inn ein tredel av budsjettet på 1,6 millionar.

– Målet mitt er å lage ein kristen kvalitetsradio som folk flest vil høyre på, seier Vartdal Espelund.

Bibelundervisning og allsidig musikk er sentrale ingrediensar, i tillegg til intervju som kjem tett på livet og trua til folk.

– På Facebook-sida vår oppdagar eg stadig at det er folk som lyttar som eg aldri trudde høyrde på ein kristen radio, seier Vartdal Espelund.

Også telefonar frå lyttarar oppmuntrar henne om kor langt dei når med sendingane.

FOR BEDEHUSFRAMANDE: Helge Åkernes og Olaug Lillian Bjørke er opptekne av at bedehusa må arbeide med å nå ut til folk flest i nærmiljøet.

Tøyer kapasiteten

Forsamlingsleiar Andreas ­Bakke serverer kaffi i Misjonssalen i Ålesund. Forsamlinga til Norsk Luthersk Misjonssamband flytta inn i dei nyoppussa næring­slokala for 15 år sidan. Etter dette har ein blitt nøydd til å byggje om og ­utvide to gonger.

– Vi har opplevd veksten vi håpa på og drøymde om, seier Bakke.

Tidlegare har han og familien vore misjonærar i Sør-Amerika. No er det vel fem år sidan han tok over som forsamlingsleiar, ­eller pastor, som han seier sjølv. Då meiner han fleire forstår kva rolle han har.

– Vi opplever mykje positivt og har mange mogelegheiter, seier han.

Folkekyrkjeleg ­utfordring

Når oppmøtet ein vanleg søndag no er på 220-230, opplever han på den andre sida at at det utfordrar kapasiteten med 1,6 årsverk.

– Vi får ganske fort ein del av utfordringane som folkekyrkja har hatt. Folk kjem hit med forskjellig bakgrunn, og vi treng å bruke god tid på dåpssamtalar, seier han.

Babysong og ungdomsarbeid er nokre av tilboda som skaper ­kontakt med bedehusframande. Dei satsar også på samlivskurs og ønskjer etter kvart å tilby leksehjelp til vanskelegstilte familiar.

Opnar barneskule

Litt lenger tilbake mot Emblem er prosjektleiar Turid Beate Bjørnerem i gong med å ta imot søknader til for 1. og 2. klasse ved det som frå neste haust skal heite Møre barne- og ungdomsskule Ålesund. Ungdomsskule har Indremisjonsforbundet på Sunnmøre drive heilt sidan 1996 på denne staden. No opnar ein også barnetrinn etter rundt eit tiår med planleggjing.

– Planen er å begynne å byggje no og vere ferdige til skulestart neste år, seier Bjørnerem. Ho har jobba i den offentlege skulen i fleire år.

– Ein del har tvisyn på å starte kristne grunnskular. Kva tenkjer du om dette?

– Når det er ein lokalskule, og skulane rundt er ganske fulle, kan dette vere eit godt alternativ. Det kan gi meir tid til kvar enkelt elev. Og så trur eg også at det er bra å ha dei kristne verdiane i botnen.

– Nokre tenkjer at kristne isolerer seg på eigne skular?

– Dersom du ser på elevmassen vi har i dag, er det ei god blanding. Skulen er open å søkje for alle. Det blir ikkje berre ein kristen skule. Og formidlinga av dei kristne verdiane skal skje med respekt.

Samla for forfølgde

Fleire av dei kristne leiarane ­Dagen møter på Sunnmøre, framhevar behovet for å stå saman som truande. Helge Åkernes og Olaug Lillian Bjørke opplever som tilsette i Åpne Dører at arbeidet for forfølgde kristne i andre land er blitt eit stadig sterkare felles ansvar og skaper engasjement.

– Vi er særleg opptekne av å framheve at vi som kristne må vere eit bøne- og bibelfolk. Dette ligg i kjerneverdiane til Åpne Dører, og vi ønskjer å løfte Bibelen høgt og inspirere store og små forsamlingar til å lese Bibelen og ha tillit til han, seier Bjørke.

– Vi trur kristenlivet vårt også handlar om det dei forfølgde kristne opplever. Det handlar ikkje berre om noko som skjer der ute, men noko som kan vere oppbyggeleg for oss. Dei kan lære oss noko om å leve som kristne og stole på ein Gud som verkar, seier Helge Åkernes.

SUNNMØRSHOVUDSTADEN: Ålesund er det sjølvsagde sentrumet på Sunnmøre. Kristenlivet har ikkje lenger tyngdepunkt i bykjernen, men i indre bydel rundt kjøpesenteret AMFI Moa.

Jubileumsturné

Dagen er på rundreise i Kristen-Noreg i samband med 100-årsjubileet til avisa. Så langt har vi vore i Sunnhordland og i Rogaland.

Sunnmøre er ikkje minst kjent for næringsliv og kristenliv. I dei fleste bygder og grender av ein viss storleik er det eit bedehus.

Vi snakkar med kristne leiarar, frivillige og tilsette, i forskjellige organisasjonar og trussamfunn om mogelegheiter og utfordringar i deira kvardag.

Powered by Labrador CMS