Gleder seg til prestejobben
Einar Ekerhovd er tilsett som sokneprest i Fusa i Hordaland. Han reknar med å starta opp i løpet av august.
– Dette var gledeleg, sier Ekerhovd til Dagen.
LES: Per Arne Dahl seiler opp som den store samlivsbispen
Han er svært glad over å ha fått jobben og gler seg til å ta fatt.
– Eg var vikarprest i Fusa i 1989–90, så eg kjenner jo ein del folk der inne. Torsdag var eg med på friluftsgudsteneste i Heidal, og då fekk eg også helsa på ein god del folk, fortel Ekerhovd.
Han har tidlegare arbeidd som prest i Os og Loddefjord, og har den siste tida vore vikarprest på Tveit på Askøy. I fleire år var han også leiar for Oase i Norge. Ekerhovd har dei siste åra søkt på prestestillingar både i Os og i Loddefjord utan at han har vorte tilsett i stillingane.
Tenkjer langsiktig
– Eg er glad for å ha fått denne faste stillinga i Fusa, for det gjev høve til å tenkja langsiktig. Eg brenn for å byggja menighet og fellesskap, og det gjev ein fast stilling gode høve til, seier Ekerhovd.
Soknerådet i Fusa har uttalt seg i saka, men kyrkjeverje Harald Geir Sæter seier til Dagen at uttalen frå soknerådet er unnateke det offentlege. Tilsetjinga skjedde i møte i Bispedømmerådet tirsdag, men behandlinga i rådet vert sett på som personalsak og er ikke offentleg tilgjengeleg.
Rask behandling
– Bispedømmerådet har ved fleire tidlegare høve vend tommelen ned. Korleis opplever du behandlinga i rådet denne gongen?
– Eg vart oppringt tidleg tirsdag med beskjed om at eg hadde fått stillinga som sokneprest i Fusa. Så det kunne ikkje vera så mykje diskusjon i saka denne gongen. Det tek eg som eit godt teikn, seier Ekerhovd.
Biskopen
– Korleis er ditt forhold til biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin?
– Vi har vore ueinige om nokre ting. Men eg opplever at vi har eit ope og godt forhold, svarer Ekerhovd.
Dei siste åra har han også køyrt buss, og det har han tenkt å halda fram med.
– Eg har køyrt buss for Tide i rundt tre år, og trivest svært godt med det, så det har eg tenkt å forsetja med. Dette har eg og klarert med biskopen, seier Ekerhovd til NyttiOs.com.
Einar Ekerhovd er i dag også styreformann i den nye ungdomsklubben Ung Lørdag i Os.