Granska trua etter at dottera døydde like før termin
Då Tomine døydde like før termin, vart det viktig for Alf Kjetil Walgermo å omfamne himmelhåpet. I ei ny bok skriv han om kva det gjer med gudstrua å miste eit barn.
«Finst det ein Gud? Tapet av eit barn driv meg til å tenke gjennom spørsmålet på nytt.»
Sitatet er henta frå ei av dei første sidene i boka som har fått tittelen «Du som er i himmelen».
Det var Halloween, og dei hadde delt ut godteri ved døra. Same kveld dro Alf Kjetil og Tone til klinikken for å sjekke at alt sto bra til med barnet dei venta. Ho kjende ikkje respons frå fosteret og måtte forsikre seg om at alt sto bra til. I staden hadde det utenkjelege skjedd: Det var ikkje liv.
Natta etter måtte Tone føde sitt døde barn. «Tomine blei fødd utan glede, utan det håpet som barnet ber med seg. Ho kom til oss som eit stille barn, velskapt og perfekt, men utan framtid,» skriv Walgermo i boka.
Det kristne håpet
Han var i sluttfasen med ei anna bok då det skjedde og levde tett på Bibelens tekster. Fram mot gravferda steig det kristne håpet fram i mørket dei levde i.
– Gravferda var frykteleg trist, men det fanst eit håp om at Tomine er hos Gud og har det godt der. I ettertid fekk eg behov for å gå heilt tilbake til det grunnleggjande ved mi eiga tru, fortel han.
Walgermo har skrive tre bøker om sorg tidlegare, men denne gongen har han gått meir personleg inn i det.
– Det er skummelt å brette ut trua si i skriftleg form med alle truskriser og alt ein har opplevd. Men eg tenkte at viss det er viktig for meg, så er det sannsynlegvis viktig for andre og. Ikkje minst dei som har opplevd å miste nokon, men også dei som er opptatt av dei store spørsmåla om Gud, men som ikkje har eit klart definert standpunkt enno.
– Gud har kome oss i møte
Då Walgermo vart utfordra på å skrive ei bok om dette, valde han å gå ope inn i det og ikkje ta si eiga tru for gitt. «Det verkar maktpåliggande å ta eit fornya standpunkt, å slutte seg til håpet eller vende seg bort i sinne,» skriv han i boka.
Han har ikkje noko svar på kvifor Tomine døydde før ho vart født, men han har kome til at Gud ikkje sit som ein marionettdokkestyrar og klipper trådar der han finn det for godt. Han forkastar ikkje tanken på ein god Gud, men held fast ved tanken og trua på at Gud ønsker oss det beste.
– Gud har kome oss i møte. Han har latt seg føde til verda som eit lite barn. Han døydde på korset og sto opp igjen, seier han.
To månader etter at Tomine døydde, feira dei jul. Jule-evangeliet hadde i seg nye og også vonde assosiasjonar.
– Jesus var prøvd i alt, men han vart trass alt født som eit levande barn. Samtidig er det nettopp barneperspektivet som hjelpte oss.
– Barnet er det største i Guds rike, seier Jesus. Han vart sjølv født til jorda som eit lite barn og himmelriket høyrer barna til. Eg bruker trua på barnet som ein nøkkel til mi eiga tru.
Tre lag
Tittelen på boka har tre lag. Ei slags truvedkjenning, tanken på at Tomine er i himmelen hos Gud og bøna «Fadervår.»
Walgermo fortel om seg sjølv at han ikkje er eit utprega bønnemenneske, men han trur veldig sterkt på den bøna Jesus lærte disiplane sine.
– Vi merka sjølve at det var mange som bad for oss i den krisa vi var i. Vi vart haldne oppe gjennom bønn. Det var spesielt. Eg har alltid opplevd det som trygt og godt å bli bedt for, men ikkje så kroppsleg som etter at vi mista Tomine?
– Kva meiner du med «kroppsleg»?
– For vår del var det nesten eit spørsmål om å stå oppreist i situasjonen. Eg trur kanskje at bønene til dei mange hjelpte oss med det. Vi valde til og med å feire to-årsdagen til Sunniva to dagar før gravferda, som ei markering på at livet er sterkare enn døden. Det var ein kraftanstrengelse, men vi ønskte ikkje at det som hadde skjedd skulle gå ut over henne. Det vart ein fin bursdag der vi fekk vere saman, vaksne og barn, og feire ein levande toåring.
Opne om sorga
Heilt frå begynninga valde dei å vere opne med dottera, Sunniva, om sorga. Dei snakka med henne om at Tomine ikkje kunne bli med heim, at ho var død og etter kvart at ho er i himmelen og har det godt. Ho fekk vere med på sjukehuset og halde søstera si, og det var hennar idé at Tomine skulle ha eit Hello Kitty-plaster i kista.
– Vi har vore opptatt av at det som skjedde ikkje skulle bli eit traume for henne. Vi er heldige som lever i vår tid. For nokre tiår sidan var det meir tabubelagt å snakke ope om det å miste eit barn. Små born skulle beskyttast frå sorga.
– I boka går det fram at du finn håp i dei mørkaste avsnitta i Bibelen. Kvifor gjev det næring til håpet?
– Viss du les gjennom heile Bibelen, så vil du sjå korleis lyset strålar gjennom heile Bibelen frå første til siste side. Kva er første replikk? «Det skal bli lys.» Allereie i første setning i Bibelen blir mørke og lys etablert.
Walgermo fortel at frå 1. Mosebok til Johannes openberring står lyset sentralt i mange bibeltekstar. Når Jesus kjem, seier han om seg sjølv: Eg er lyset i verda.
Ifølge Walgermo er lyset sjølve essensen i evangeliet og i eiga tru: Lyset er sterkare enn mørkret, og livet er sterkare enn døden.
Nytt barn
Då Tomine vart født, var det eit hardt slag for Alf Kjetil og Tone at ho ikkje kunne bli døypt. Desto viktigare var det for dei at presten lyste velsigninga over henne.
I sorga over Tomine vaks det fram ein lengsel etter eit nytt barn. 8. september året etter kom Amund til verda.
– Då Tone vart gravid, fekk vi eit nytt håp. Samtidig hadde vi sorga sterkt i liva våre og redselen for at noko skulle gå gale denne gongen óg. I stille periodar fekk vi ekstreme flashback til det vi hadde opplevd. Det vart ganske mange turar inn på sjukehuset, og fødselen vart sett i gang tre veker før termin. Amund er verdas flottaste gut. Det er vedunderleg å bli kjend med han og sjå søskenkjærleiken mellom han og Sunniva.
Dåpen vart ei sterk påminning om gravferda året før. Den var i det same rommet der dei hadde tatt farvel med Tomine.
– No bar vi eit levande barn til dåpen. Det var sterkt. Det trur eg alle som var til stades kjende på. Der song vi dåpssalmen min som vi hadde sunge for Sunniva, men som vi ikkje fekk synge for Tomine.
Herre, sjå kor liten arm
vi legg i dine hender
Ein liten kropp så varm
La han kvile ved din barm
Herre, sjå kor liten fot
vi ut i verda sender
Eit under fullt av mot
Må det vekse og slå rot
Herre, sjå kor liten munn
som skal synge høgt av glede
Halvt i bøn og halvt i blund
står vi her på heilag grunn
Herre, sjå kor lite tru
vi kan stille med her nede
Ser du barnet som ei bru
må du komme til oss, du
Tekst og melodi:
Alf Kjetil Walgermo