Tor-Håkon Gabriel Håvardsen

Gravferdsagent på TikTok meiner prestar ikkje alltid er ærlege på talarstolen

«Tiktokaren» Tor-Håkon Gabriel Håvardsen har på få månader fått 44.000 følgarar. Han trur grunnen er at mange opplever døden som mystisk.

Publisert Sist oppdatert

Kvart år døyr om lag 40.000 nordmenn, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

Håvardsen er gravferdsagent og møter mange av dei pårørande. Nyleg laga han ein eigen kanal på TikTok der han svarar på spørsmål om døden.

Yrkesvalet

For Håvardsen var det særleg éi hending som stod sentralt då han valde yrke.

– Eg var rundt 18 år då bestevennen min døydde uventa. Under den prosessen innsåg eg at ein faktisk kan døy når som helst.

På syning saman med familien og vennegjengen møtte Håvardsen ein mann han opplevde som omsorgsfull og støttande.

– Det viste seg at han var frå gravferdsbyrået.

Slik fekk han interessa for jobben.

Går viralt: Gravferdsagent Tor-Håkon Gabriel Håvardsen har i skrivande stund 44.000 følgarar på TikTok.

«Prestens løgn»

Noko av det han har merka seg igjennom 15 år i jobben er at enkelte familiar er opptatt av at ettermæle skal vere godt. Av og til kan det by på utfordringar.

– Ikkje alle menneske har vert snille, seier Håvardsen.

Utfordringa når ein skal samanfatta heile livet i eit kort minneord er kva som skal bli tatt med.

TikTok-profilen har opplevd enkelte familiar som ikkje vil at presten skal gå inn på det negative avdøde har gjort.

Han trur det skyldast at nokre tema er tabubelagde. Dette fenomenet kallar han «prestens løgn», eit uttrykk han seier er vanleg byråbransjen.

Samstundes skryt han over formidlingsevna til prestar.

– Eg har til gode å møte ein prest som ikkje er flink til å formidle. Prestane formidlar eit håp som folk finn mykje trøyst i, seier han.

Eksistensielle spørsmål

Sidan han starta med gravferdsspørsmåla rett før påske har han fått fleire tusen følgarar. Her får han ofte spørsmål om døden og det som høyrer med.

Dette kan vere praktiske spørsmål, kva som skjer med dei som donerer organ, eller kva som er den mest klimavenlege måten å gravleggjast på.

I tillegg kjem det ofte eksistensielle spørsmål. Til dømes kva som skjer med sjela. Sjølv meiner han vi ikkje veit kva som skjer etter døden.

– Presten veit, seier han.

Håvardsen seier han likevel ikkje fryktar døden, men han fryktar å døy frå familien.

TikTok-suksessen

Ideen om TikTok fekk han frå kona. Interessa for formidling har han likevel hatt lenge.

Før han starta kanalen gav han ut boka En seksti under. Der ønskjer han å «avkrefte myten om gravferd».

Håvardsen trur den store følgarskaren på TikTok kjem av at døden er universell og mystisk.

– Alle skal døy, ingen slepp unna døden.

Han tenkjer mangelen på kontroll pirrar ei interesse i folk.

– Mange har døden i bakhovudet, seier han.

Powered by Labrador CMS