LEIAR: Anja U. Heggen, konstituert generalsekretær medan Furnes er i permisjon ut november.

– Greit at ho vikarierer som ImF-sjef

Aller helst bør ikkje kvinner ha vikaransvar for roller med lære- og hyrdeansvar, meiner Johannes Kleppa.

Publisert Sist oppdatert

I oktober og november denne hausten har Indremisjonsforbundet (ImF) for første gang ei kvinne som øvste leiar. Administrasjonsleiar Anja U. Heggen fungerer som generalsekretær medan Erik Furnes har studiepermisjon.

Furnes fordjupar seg i Bibelen og er i tillegg på studietur til Jerusalem i to veker, skriv ImF-bladet Sambåndet.

KOMMENTAR: Situasjonen er ytterst krevende

Organisasjonen praktiserer det såkalte tenestedelingsprinsippet om at menn skal ta seg av tilsyns- og hyrdeoppgåver som forsamlingsleiar, pastor, kretsleiar, generalsekretær og rektorstilling ved bibelskule.

Heggen understrekar overfor Dagen at Imf ønskjer å «oppmuntre og gje frimod til kvinner til å gå inn i ulike oppgåver og ikkje avgrense kvinner si teneste som nokre kanskje tenkjer», utanom tilsyns- og hyrdeoppgåver. Ho vil definere seg meir som «fungerande dagleg leiar» i denne perioden.

Ikkje hyrdeansvar

Styret har vedteke at administrasjonsleiar, uavhengig av kjønn, skal steppe inn for generalsekretær ved fråvær. Lære- og hyrdespørsmål tek hyrderådet eller generalsekretæren seg av, sjølv om han er i permisjon.

– Det er mange ting ein dagleg leiar skal gjera som ikkje har snev av hyrdeansvar, så det er desse oppgåvene ein først og fremst skal ivareta i generalsekretæren sitt fråvær. Det er ikkje uvanleg i ImF at ein som innehar ei stilling som arbeider tett opp mot øverste leiar, fungerer i dennes fråver i ein avgrensa periode, og at denne kan vera ei kvinne, seier Heggen.

ImF har ikkje fått reaksjonar på ordninga. Heller ikkje Furnes sjølv har fått reaksjonar, skriv han i ein epost til Dagen.

Det blei oppstandelse då Bildøy Bibelskole for to år sidan sleit med å skaffe ein mannleg rektor og enda med å tilsette personalleiar i ImF, Aud Karin Kjølvik Ringvoll, som konstituert rektor. Gunnar Ferstad tok over som rektor frå august 2014.

Tidlegare Dagen-redaktør og indremisjonsprofil Johannes Kleppa var blant dei som reagerte sterkt på at ei kvinne fekk ha stillinga midlertidig.

Ringvoll opplevde sjølv tillit og støtte i rektorjobben, men greidde ikkje å fri seg frå tanken på at ho bare var ei naudløysing, sa ho til Dagen i februar.

Ny utfordring

I tilfellet med Anja Heggen, meiner Johannes Kleppa at det ikkje er noko problem å la ei kvinne vikariere som generalsekretær så lenge nokon andre tek seg av hyrde- og lærespørsmål.

– Ved konstituering tek ein normalt ikkje opp større prinsipielle eller læremessige spørsmål, men konsentrerer seg om å driva organisasjonen på det praktiske planet. Det vil Anja Heggen kunna gjera på ein god måte, sier Kleppa.

Han peikar samstundes på at konstitueringa aktualiserer «utfordringa med å ha kvinner i funksjonar som er tillagt vikaransvar for menn med lære- og hyrdingoppdrag».

– Konstituering av rektor ved bibelskulen var ei langt meir omfattande sak, og med mykje sterkare implikasjonar av lære- og hyrdingfunksjonen enn i dette høvet.

– Korleis kan ein unngå slike situasjonar der kvinner må vikariere i stillingar med hyrdeansvar?

– Det enklaste er å ikkje tilsetja eller velja kvinner til funksjonar der dette er aktuelt, eller å la vera å tilleggja slikt vikaransvar til funksjonar kvinner har, seier Kleppa.

Han understrekar at ein også «bør unngå å leggja lære- og hyrdingansvar til funksjonar der dette ikkje er nødvendig, slik at ein ikkje avgrensar kvinner si teneste på ein uheldig måte».

– Nokre gonger vil det reint praktisk vera vanskeleg eller umogleg å unngå at kvinner er i funksjonar der dei får vikaransvar med lære- og hyrdingoppgåver, og då må ein ut frå åndeleg skjønn finna ordningar for dette frå gong til gong, slik ImF har gjort i dette høvet.

Powered by Labrador CMS