Grekarar vernar seg mot «det vonde auget»
Gjeldskrise, førkristen folketru og fascinasjon for nyreligiøsitet får konsekvensar for korleis grekarar smykkar seg.
Gå til den travle Monastiraki-marknaden i Aten, og du vil finne smykke, armband og kjede med «auget». Det er ein pupill omgitt av blå og kvite sirklar.
I årevis har turistar i Hellas kjøpt med seg desse «altsjåande augeepla» som skal verne mot «det vonde auget». Uttrykket refererer til den negative energien som kjem av sjalusi hos andre. Grekarar trur dette kan forårsaka små problem og til og med fysiske symptom for den som vert råka.
Mental bør
For tida dukkar symbolet opp over alt, det vere seg som handlaga såpe eller i hotellobbyar. Ein gresk iPhone-app lovar å formidle den hemmelege bøna som kan fjerne «det vonde auget». Seljarar på Monastiraki-marknaden seier trenden har vore aukande i fleire år, men no tek han seg opp mellom såvel turistar som innfødde.
Populariteten ser ut til å reflektere både ei veksande interesse i New Age-spiritualitet og den mentale børa som følgjer med den greske gjeldskrisa.
Bryt med kyrkja
– Det er overtru. Det skal gi lykke, fortel Dafne til dei.
Det gjer mange entusiastiske for smykket.
Like ved står Nichole Mollman, ein lærar frå Florida. Ho er i Aten saman med ei gruppe elevar. Mollmann beskriv seg sjølv som open for alt åndeleg.
– For meg er det vonde auget eit vern mot vond energi, seier ho.
Sjølv om familien hennar har lange katolske røter, vil Mollman snart bli den første som giftar seg utanfor kyrkja. Ho ser den aukande populariteten til det vonde auget som teikn på eit kulturelt skifte mot alternativ religiøsitet.
– Det vonde auget er som ein ny, trendy kross, seier ho.
Taklar stress
Uro for kvardagsproblem kan til dels forklare at auget er meir populært no. Sidan 2009 har den greske finanskrisa tynt økonomien til landet. Meir enn ein firedel av innbyggjarane er arbeidslause, og halvparten av unge grekarar står utan jobb.
– Det er ein del av denne New Age-greia, men eg trur også det er ein verdi i desse praksisane. Det gir deg på eit vis ei kjensle av at du kan kontrollere årsakene til stress og uvisse, seier Nadina Chistopoulou. Ho er antropolog og driv ein frivillig organisasjon i Aten for kvinner på flukt.
Ho viser til mora si som lever åleine på landsbygda. Den økonomiske krisa har gitt henne mindre rom til å dele med andre. Mora hennar hevdar at ho blir råka av det vonde auget fem gonger om dagen. Kvar gong kontaktar ho tre forskjellige menneske for å få hjelp, i tillegg til dottera.
Sjølv om Christopoulou trur det kan vere at ritualet berre gir mora ein placeboeffekt, meiner ho det sørgjer for at ho held kontakten med andre som bryr seg om henne.
Eldgammal tradisjon
Trua på det vonde auget går fleire tusen år tilbake. Framleis er tankegangen utbreidd i middelhavsområdet. Han er også vanleg i India, Irland, Midtausten og Aust-Europa. Folk frå kulturar som har denne førestillinga, har teke henne med seg når dei har flytta andre stader og overlevert henne gjennom etterkomarane sine.
– Det er blitt ein slik ein stor industri, seier den gresk-amerikanske journalisten Filio Kontrafouri. Til dømes opplevde ho i ein by at symbolet vart brukt som pynt då han fekk pakka inn ei gåve han kjøpte.
Kontrafouri ser symbolet som ein del av den kulturelle arven sin.
– Eg elskar det. Eg opplever at det er så gresk.
Farleg misunning
For mange grekarar begynner trua på auget allereie i barndomen. Voulina Stathopoulou lærte om det frå kvinnelege slektningar. No har ho symbolet hengande over senga til sonen, og ho vert oppfatta som ein slags ekspert på fenomenet i den sosiale krinsen sin. Vener ringjer henne innimellom for å be henne framseie den spesielle bøna som fjernar det vonde auget.
Ho forklarer korleis ein tenkjer at det vonde auget fungerer:
– Du kan sjå nokon som går ned gata og tenkje «For ei fin kåpe» eller «Skoa hennar er fantastiske», forklarer Stathopoulou.
Konkrete konsekvensar
Eit kompliment kan ha både gode og dårlege intensjonar. Når ei utsegn er motivert av misunning, trur ein problem kan oppstå. Ein kan søle kaffi på kåpa eller vrikke ankelen i dei fine skoa.
– Eller offeret kan berre få hovudverk eller kjenne seg søvnig, seier Stathopoulou.
Ho fortel at mannen hennar ikkje trur på fenomenet, og ho har gode vener som er samde med han. Men ho har inntrykk av at dei fleste trur på det.
Kyrkja kritisk
Sjølv om Den gresk-ortodokse kyrkja meiner trua på «det vonde auget» strir med kristendomen, er det mange innanfor kyrkja som aksepterer tanken om vond energi som sirkulerer mellom menneske. Det kan medverke til å forklare at symbolet er så populært i dette sterkt religiøse landet.
– Djevelen prøver å såre menneske ved å bruke den vonde energien deira, seier prest Demetrios Nikous ved katedralen som ligg berre ein kort rusletur frå Monastiraki-marknaden.
– Men berre den kristne krossen kan gi verkeleg vern, seier han.
Han meiner auget berre er eit kulturelt symbol.
Barn og babyar er særleg sårbare, noko som gjer at greske familiar ofte gir ei lita nål av gull eller sølv med eit auge som skal henge over senga til eit nyfødt barn.
Sjølv om det er stor aksept for fenomenet, kan også dei som trur på det, uttrykkje tvil.
– Det kan hende at det er ein slags myte, seier Stathopoulou.
– Kanskje det er noko du treng å tru på fordi det gir deg ei betre kjensle.