FORFATTAR OG FAMILIEMANN: Oddvar Vignes er aktuell med boka Sjølvmordsforsøket – livet og før etter. Her med kona Marie og dottera Agnes.

Hadde Oddvar fått det som han ville for 13 år sidan hadde han vore død i dag

Slik fann han tilbake til livsgleda.

Publisert Sist oppdatert

– Eg skamma meg over å ikkje meistre livet og irriterte meg over alle kompisane som såg ut til å lukkast, fortel Oddvar Vignes om året då han prøvde å ta sitt eige liv.

Kontrasten til 42-åringen som ønsker velkommen til familiegarden på Finnøy er stor.

Med kone, baby, fersk mastergrad og kritikarrost bokutgjeving er han sjølv blitt den vellukka kompisen.

Framleis kan livet vere krevjande, men måten Oddvar Vignes taklar utfordringane på nå nå er annleis.

Menn slit mest

Kvart år tek fleire enn 600 personar sitt eige liv her i Norge. To av tre er menn.

Har du prøvd å ta livet ditt tidlegare, er djupt deprimert, fattig eller einsam aukar risikoen for sjølvmordstankar, ifølgje Rådet for psykisk helse.

Men det finst håp. Nokre faktorar kan gjere deg motstandsdyktig mot dei mørkaste tankane. Det har Oddvar Vignes erfart.

Irritert på andres suksess

2009 var det mørkaste året for Oddvar Vignes. Seljarjobben, sambuaren og leilegheita hang i ein tynn tråd. Livet var utan retning.

– Det er som når du slepp tåregass over demonstrantar, så dei ikkje ser kvar dei skal gå, fortel Oddvar.

TUNGE TANKAR: Oddvar Vignes nådde botnen i 2009.

Problema tårna seg opp for 29-åringen. Det var ubetalte rekningar og sjølv enkle arbeidsoppgåver blei umoglege. Han prøvde å lyge seg vekk frå det han sleit med. Det fungerte dårleg.

Til slutt såg han berre ei løysing igjen. Døden.

29. februar 2009 låste han døra på hotellrommet bak seg. Han hadde førebudd alt saman. Endeleg skulle han få sleppe.

Levde draumelivet

Samtidig, på andre sida av landet, budde miljøterapeuten Marie (28) i eit stort hus på Storhaug i Stavanger.

GLAD I LIVET: Marie Vignes minnest 2009 som eit godt år.

Ho storkoste seg med første jobben etter studiane, var aktiv i kristent arbeid og opna stadig huset for familie, vener og kjende.

– Eg var vaksen, men likevel ung. Eg hadde livet føre meg, smiler ho.

Ho drøymde å få om mann og barn i framtida.

– Eg ville ha ein eg kunne snakke med alt om, minnest ho.

Skuffa over å vakne

30. februar 2009 vakna Oddvar Vignes opp igjen, svimmel og forvirra.

– Er eg død nå? undra han.

Han såg på armane. Rørte på dei. Såg på føtene. Dei var der, dei og. Han myste. Det var verken himmelen eller helvete han såg, men hotellrommet frå kvelden før.

– Eg blei ikkje glad. Tenkte berre at eg måtte komme meg ut, minnest han.

– Du tenkte ikkje du hadde fått livet i gåve?

– Ikkje i det heile tatt. Eg hadde satsa alt på å forsvinne. Nå hadde du den bra sjansen, så greidde du det ikkje, sa eg til meg sjølv.

På sjukehuset fekk han besøk av familie og vener. Han valde å leggja korta på bordet, men noko vendepunkt blei det ikkje.

Tok grep

– Eg tenkte eg ikkje hadde noko verdi og tolka alt ubehag som teikn på depresjon, fortel han.

Medan han prøvde å stable eit nytt liv på beina hjelpte samtalane med fastlegen han å halde hovudet over vatnet.

PÅ HEIMEGARDEN: Oddvar Vignes med familie bur nå vegg i vegg med foreldra på heimgarden, Vignes på Finnøy.

– Fastlegen lytta, strukturerte og forenkla. Når eg tenkte at eg heldt på å gå inn i alvorleg depresjon igjen, kunne han sei at «det er slik du skal reagere på store ting som skjer». Han fekk meg til å forstå at eg reagerte normalt. Det gav meg tryggleik.

Ved hjelp av offentleg gjeldsordning fekk Oddvar kontroll på økonomien att.

– Det kom til eit punkt der eg tenkte at nå har eg det ganske bra. Nå lever eg eigentleg eit ganske normalt liv.

I 2014 skreiv han ein kronikk til Aftenposten om kor viktig det er for menn å vere open om psykisk helse. Over natta blei han eit ansikt overfor omverda for menn og psykisk helse. Kronikken spreidde seg raskt. Ein av lesarane var Marie frå Karmøy.

«Å, herlighet for ein fyr, så reflektert og så kloke tankar. Ein slik mann vil eg ha», tenkte ho – men det blei med tankane.

Kjende han igjen

Åra gjekk og Karmøy-kvinna møtte ingen mann. Det var til å leve med, men barn ville ho ha. Derfor søkte ho i 2017 om å bli adoptivmor som åleineforsørgjar.

Tre år seinare klarte nokon å overtale henne til å opprette ein profil på sjekkeappen Tinder.

Der fekk ho match med ein gardbrukar frå Finnøy. Oddvar Vignes heiter han.

«Var ikkje det han som skreiv om sjølvmordet sitt», undrar Marie.

Ho googla. Ganske riktig. Det var han.

Fridde

Februar 2020, ein månad før Noreg stengde ned, gjekk dei to på sin første date. Klok av skade var Oddvar open om fortida si frå første stund.

– Det blir som med hol i cv-en. Respekterer ikkje arbeidsgjevaren fortida di, er det berre å komme seg vekk. Det same gjeld med ein date, fastslår Finnøy-bonden.

Han var likevel redd for å bli dumpa, så då Marie fortalde om adopsjonsplanane på andre date, blei han berre letta. Dei heldt fram å treffe kvarandre.

Etter mange lange vakenetter og samtalar, bestemte ho seg.

– Det var Oddvar eg ville ha, fortel Marie.

Ho avslutta adopsjonsprosessen og fridde.

13. februar 2021 gifta dei seg, med TV2 på slep, for å dokumentere reisa dei to hadde hatt på kvar sin kant.

Ganske nøyaktig eitt år etter, 17. februar i år, kom vesle Agnes til verda.

Nådde botnen igjen

Med farsrolla følgjer søvnmangel og stress, men også ei meining med livet. Personar som har ansvar for barn har mindre synnsynlegheit for å prøve å ta sitt eige liv.

Det same gjeld det å ha eit sterkt engasjement overfor personar eller saker., ifølgje Rådet for psykisk helse. I boka Sjølvmordsforsøket tar Oddvar Vignes til orde for openheit om psykisk helse, særleg i nære relasjonar. Det rådet har han hatt god bruk for det siste året.

ALT BLIR IKKJE BRA: Søskenbarnet til Oddvar Vignes har laga kunsten bak. Vignes liker bodskapen.

På eitt år har nemleg Oddvar pussa opp kjellaren, skrive bok, fullført masteroppgåve og blitt far for første gong.

– Det var eit «hendelse» i midten av masteroppgåva, fortel Oddvar, som gjekk heilt opp i skrivebobla.

Han kjende både at han gjorde altfor lite og altfor mykje på ein gong.

– Eg var fortvila. Andre klarer jo dette, tenkte eg.

For 12 år sidan ville Oddvar ha halde uroa si skjult og «manne seg opp». I vår prøvde han å «manne» seg ned og bad om hjelp.

Ba om hjelp

– Eg tromla saman nokre kompisar, bror min og Marie. Me hadde ein lang god kveld der eg fortalde at sånn er det nå, dette er «drid», sånn kan me ikkje ha det lenger.». Kva vil de anbefale?

Den nybakte faren fekk hjelp til å sortere i arbeidsoppgåver, prioritere – og ikkje minst nedprioritere.

– Når du snakkar med nokon tidleg, blir stress og psykiske plagar ganske handterleg, men jo lenger du held det inni deg, jo lenger tek det å bli frisk att. Det veit eg alt om, seier han.

Rapporten Psykisk helse i Norge frå 2021 stadfestar det same. Personar som søkjer og ønsker hjelp har mindre sannsyn for å alvorleg depresjon.

Den ferske forfattaren håpar at Marie ein dag får oppleve å lene seg på han, viss det stormar rundt henne.

– Det går på rundgang viss systemet funkar, smiler Oddvar.

Marie på si side ser er glad for å ha kapra mannen ho syntest skreiv så klokt i 2014.

– Åpenheita han har i sitt liv gjer det veldig trygt for meg. Eg veit at eg kan komme som eg er, med alt eg har. Ingen ting vil sjokkere han.

FORTRULEGE: – Ingen skjønar at det er ein haug med folk bak som gjer at eg har fått dette til. Fastlege, vener og familie, men først og fremst Marie, seier Oddvar Vignes.

– Er de aldri redde for tilbakefall i sjukdommen?

– Fastlegen min sa til meg at eg var aldri skikkeleg sjuk. Eg hadde gått meg vill i tankane. Det gjorde mørket lettare å handtere, fortel Oddvar.

– Ba utan å få svar

– Korleis pregar det trua å gå gjennom store psykiske lidingar?

– Så mykje som eg har bedd og trygla og grett, er det vanskeleg å stille seg til bøn som i «be så skal du få», seier Oddvar.

I staden for å sitte og vente på bønesvar, anbefaler han dei som slit å opne seg til dei rundt.

– Du må vere sterk for å be om hjelp. Det er nok mange menn som ikkje skjønar det, fordi dei har vakse opp med eit mannsideal som eigentleg berre er tull. Me har det mykje betre når me har gode relasjonar der me kan vere ærlege.

Kjenslemessige band til andre personar gir og livskvalitet, ifølgje Folkehelseinstituttet. Det har Oddvar Vignes merka.

I GODE OG VONDE DAGAR: – Når Marie er med på på det som skjer veit ho kvifor eg er sliten. Vi kan vere saman utan å seie så mykje. Det betyr veldig mykje for meg, seier Oddvar Vignes.

– Før var eg meir opptatt av meg sjølv. Nå er eg veldig opptatt av korleis det går med Agnes og Marie. Ein vert styrkja når ein er to, fundamentet er sterkare, samstundes som ein blir meir sårbar.

Takkar for livet

Tankar og planar for framtida reduserer sjølvmordsfaren. For Oddvar Vignes ventar Bergen og bokturné. Etterpå gler han seg til eit roleg liv med pappaperm heime på Finnøy.

40-åringen har kjent seg svikta av Gud mange gonger. Likevel grip han seg i å vere takknemleg for livet.

GÅR SAMAN: Familien Vignes trur det er viktig å vere mykje saman som familie.

– Eg trur ikkje at Gud har sendt Marie, men eg har ikkje nokon andre å sende takken min til heller. På mange måtar har det umoglege skjedd. Eg kan ikkje anna enn å vere takksam.

---------

Sliter du psykisk og trenger hjelp?

Hjelpetelefonen til Mental Helse er åpen hele døgnet.

Ring 116 123

----------

Hjelpetelefonen til Kirkens SOS er åpen hele døgnet.

Ring 22 40 00 40

Du kan også chatte anonymt med Kirkens SOS på www.soschat.no hver dag fra 18.30 - 22.30 (fredag frem til 01.30).

----------

Landsforeningen for etterlatte ved selvmord (LEVE) støtter etterlatte og berørte ved selvmord, og bidrar til å forebygge selvmord gjennom åpenhet, opplysningsvirksomhet og politisk arbeid.

Ved akutte situasjoner, ring legevakten på 116 117 eller nødnummer 113.

Powered by Labrador CMS