BISKOP: Halvor Nordhaug har vore ein proifilert leiar av Bjørgvin bispedøme. No nærmar han seg pensjonsalderen.

Halvor Nordhaug sluttar i november, «kven som helst» kan foreslå etterfølgjaren

Første runde av bispevalet i Bjørgvin er i gang.

Publisert Sist oppdatert

Det pågår for tida eit stort skifte av biskopar i Den norske kyrkja. Søndag fekk Borg ny toppleiar då Kari Mangrud Alvsvåg (51) blei vigsla i Fredrikstad domkyrkje. Frå før er det kjend at Hamar-bispen Solveig Fiske (69) går av til hausten.

Det gjer også Halvor Nordhaug (69) i Bjørgvin. Avskilsgudstenesta hans blir 20. november.

Ber om forslag

Bjørgvin bispedøme innleier i desse dagar prosessen som skal føre fram til valet av Nordhaug sin etterfølgjar.

«Kva eigenskapar meiner du at ein biskop burde ha, og har du forslag på aktuelle kandidatar? Innan 1. november 2022 kan du svare på dette ved å klikke her eller på ein av boksane nedst på denne sida. Det er anonymt kven som kjem med forslag», heiter dei i pressemelding frå Bjørgvin bispedømekontor onsdag kveld.

«Kven som helst» kan kome med forslag, heiter det vidare. Det skjer på eit eige skjema, som er lagt ut på bispedømet sine nettsider.

Halvor Nordhaug

Fødd 26. februar 1953, som av biskop Ole Nordhaug (1925–2021) og salmediktaren Liv Nordhaug (1926-2002).

Uteksaminert frå Menighetsfakultetet i 1978 og bli ordinert til prest i 1979.

Prest for norske studentar i utlandet 1981–1986.

Teologisk konsulent i Mellomkyrkjeleg Råd 1986–1991 og kapellan i Ås 1991–1995.

Rektor på Menighetsfakultetets praktisk-teologiske seminar 1995–2009.

Innsett som biskop i Bjørgvin 8. mars 2009.

Frå 1993 til 2009 redaktør av Luthersk Kirketidende.

Kjelde: Wikipedia

Deretter har bispedømerådet frist til 18. november med å nominere fem kandidatar, før det blir gitt høve til såkalla supplerande nominasjon.

To veker før jul blir kandidatane presentert. Etter ein avstemmingsrunde på ulike kyrkjelege nivå blir ny biskop tilsett i byrjinga av februar 2023.

Planen er at de nye bispen bli innsett i ei vigslingsgudsteneste i Bergen domkyrkje 16. april neste år.

92 namn i Hamar

Det er vanleg at den første lista tel mange namn. Hamar har nettopp offentleggjert 92 forslag på prestar folk meiner bør etterfølgje Solveig Fiske.

Ein oversikt presentert i Dagen viser at dei sitjande bispane var i snitt litt over 55 år då dei bli vigsla.

Det er i dag fleirtal av kvinner i Den norske kyrkja sitt bispekollegium. Av dei siste seks utnemningane er fire kvinner og to menn.

Powered by Labrador CMS