OPEN FOR TOLKING: Teologiprofessor ved VID Knut Holter meiner ein skal vere forsiktig ved å sette to strekar under svaret når ein les bibelen. Foto. Andrea Øien Sæverud

Han leitar etter bibel-brillene dine

Når teologiprofessor Knut Holter forskar på korleis vi les og tolkar Bibelen, er eitt av målå at folk skal møte seg sjølv i døra.

Publisert Sist oppdatert

Han kjem vandrande gjennom gangane på det som ein gong heitte Misjonshøgskulen i Stavanger, no omdøypt til VID. Professor Knut Holter har jobba ved høgskulen i ei årrekke, også som rektor. Å avdekke korleis dei kulturelle brillene våre påverkar korleis vi les og tolkar bibelen, er noko av det han synest er mest interessant å jobbe med.

Holter har mellom anna sett på korleis eit husfellesskap i Noreg tolka bibeltekster samanlikna med eit husfellesskap i Sør-Afrika.

– Poenget var å la dei lære av kvarandre. Som ei i det norske husfellesskap sa det: Då vi starta på dette trudde vi at vi las bibelen som kristne, men no forstår vi at vi også er norske, fortel Holter.

Eit anna blikk

I eit nyleg forskingsprosjekt i samband med bibelstudieopplegget BIFF, let Holter ei gruppe med norske 16 - 18-åringar lese bibeltekstar parallelt med ungdommar i Thailand og Madagaskar.

Ein av tekstane var likninga om den bortkomne sonen. Gruppene las teksten tre gonger. Først skulle dei diskutere si eiga tolking, deretter korleis dei andre tolka, og til slutt dei andre si forståing av korleis dei sjølve hadde lese teksten. Dermed fekk dei eit anna blikk på si eiga tolking, og møtte seg sjølve i døra.

– Eg har gjort dette i ulike delar av verda, men ein kan faktisk også gjere det i same kyrkjelyd. Men det må vere ein viss forskjell mellom gruppene for å få fram ein dynamikk. Til dømes fattig og rik, ung og gammal. Eg har også gjort det med grupper av trusopplærarar her i Noreg, der eg delte inn gruppene etter om dei var for eller imot ekteskapslova, seier Holter.

Likning ikkje lik

Då ungdommane frå Noreg, Thailand og Madagaskar skulle fortelle korleis dei tolka likninga om den bortkomne sonen, viste det seg raskt at glipa var stor.

– Eg spurde ungdommane om i kva grad teksten eigna seg til å formidle evangeliet om Jesus. Dei norske meinte at teksten ikkje eigna seg i det heile tatt. Ungdommane viste til at det var viktigare kva Jesus hadde gjort enn sagt, seier Holter.

Han trur dette er eit typisk svar i norsk folkekyrkjesamanheng, der ein frå før har ein del grunnleggande bibelkunnskap. Thaiane meinte derimot at forteljinga fungerte bra for å vise kven Jesus er.

– Ein viktig grunn til det er nok at dei lever i eit samfunn der berre 0,5 prosent av folket er med i ei kristen kyrkje. I ein slik samanheng kjem sjangeren likning til sin rett. Å bruke daglegdagse skildringar fungerer godt her, fordi ein får gjenkjennelege, konkrete omgrep til å snakke om Gud, forklarer Holter.

Han trur teksten heller ikkje er radikal nok i norsk samanheng i motsetning til i Thailand, der ein er meir forsiktig med å vise kjensler.

På Madagaskar meinte også ungdommane at teksten var godt eigna. Dei grunngav det med at på same måten som faren i likninga slakta gjøkalven, gav Gud sonen sin som eit offer for at vi skulle få vere hos vår far. Holter forklarer det med at i trusopplæringa på Madagaskar står nettopp slike spørsmål sentralt. Ungdommane er opplærte til å leite etter svaret på trusspørsmål i bibeltekstar.

Skam på norsk, thai og gassisk

Gruppene blei også spurde om kjensla av skam var til stades i likninga. Dei norske ungdommane meinte sonen var den einaste som hadde grunn til å vere skamfull.

– Det er vel eit typisk døme på norsk, individualistisk tolking. Tolkinga på thai og gassisk var derimot at sonen først og fremst hadde ført skam over familien, seier Holter.

Sjølv fekk han seg ein vekkar då ungdomsgruppene møttest ansikt til ansikt på Madagaskar i etterkant av prosjektet. Han sat klar med papir og blyant, medan ungdommane leita fram smarttelefonane, blei facebookvennar og begynte å chatte.

– Då blei det veldig tydeleg at dei tilhøyrer ein type ungdomskultur, medan eg var ein del av noko anna. Vi er alle ein del av mange kulturar samtidig. Vi må forstå at vi er påverka av vår samanheng og at det ikkje er noko gale med det.

Holter peikar på at det heile tida er ein fare for at vi kan identifisere vår eiga tolking av bibelen som Guds ord. Då kan tolkinga til dei andre verke truande.

– Då dei norske ungdommane skulle forklare kvifor sonen i likninga reiste, tok dei nok i bruk typisk norsk psykologiserande tenking. Dei meinte at faren sikkert ikkje hadde gitt sonen nok kjærleik. For dei gassiske ungdommane blei denne forsiktige kritikken av faren tolka som kritikk av Gud. Responsen deira var: «Viss vi verkeleg er kristne veit vi at Gud gjer alt rett».

Holocaust naturleg konsekvens

Målet med forskinga til Knut Holter er å oppnå ei djupare bibelforståing. Samtidig har arbeidet opna augene hans for faren ved å sette to strekar under eiga tolking.

­­– Når vi seier at ein bibeltekst betyr sånn og sånn, har vi eit ansvar for kva dette fører til i praksis, seier Holter.

Noko av motivasjonen bak forskinga hans er at han har sett kor gale det kan gå når bibelen har blitt brukt til å undertrykke svarte menneske i Sør-Afrika.

Offentlig rom

Teologiprofessoren meiner vi ikkje berre må spørje oss sjølve om kva teksten seier, men også kva tolkinga vår vil føre til i det offentlege rom.

­­– Når kyrkja i 2000 år har sagt at jødane er vantru, er det ikkje så rart at holocaust skjedde. Viss ein undertrykker kvinner i Guds namn, er kvinnemishandling ein naturleg konsekvens. Det er også heilt openbert at bibelen er blitt brukt til å undertrykke homofile.

Holter er ikkje i tvil om at den som les og tolkar bibelen, sit med eit stort ansvar.

– Viss vår tolking fører til undertrykking, bør vi spørre oss sjølve om det er vår tolking som er problemet.

Powered by Labrador CMS