Handlingslamma på handlesenter
«Unngå at laurdag blir ein blåmåndag», skriv Dagen-journalist Tore Hjalmar Sævik om handledagen Black Friday.
Som sunnmøring gir dette meg tvitydige assosiasjonar. På min dialekt er det å «vere svart» det same som å vere svært forsiktig med pengane, bortimot gjerrig og grådig på ein gong. Akkurat dette er ei vanleg skulding mot sunnmøringar. Ein gammal vits seier at Monolitten i Vigelandsparken viser ein busslast frå Sunnmøre som brått oppdaga ein tiar på bakken.
Det kan vere at førestillinga om den gjerrige sunnmøringen er foreldra. Nyleg opna Amfi Moa i Ålesund kommune etter omfattande ombygging og utviding. Med 170.000 kvadratmeter og 170 butikkar er dette blitt eit av landets største kjøpesenter. Også bibliotek og kino er det funne plass til under det same taket.
Her er det både stilig og brukarvenleg. Her kan ein handle og oppleve utan sjenanse frå vilt og vått vestlandsvêr. Gangbruene mellom dei forskjellige einingane er i glas og stål. Eg ruslar rundt med utsikt til mektige sunnmørsalpar der det framleis ligg flekkar av snøen som fall i fjor.
Sjølve arkitekturen i det gedigne kjøpesenteret visualiserer såleis spenninga vi lever i som menneske i forbrukaramfunnet. Naturen er ramma som vi lever i og lever av. Samstundes har vi fjerna oss frå naturen og gjort kvardagslivet stadig meir kunstig og avhengig av nye varer og tenester.
Medan naturlovene seier at ting kan vare svært lenge, seier dei sosiale lovene at ting må skiftast ut. Det gamle kan vere ubrukeleg lenge før det er utbrukt. Kunsten å kjenne sine eigne behov vert utfordra utan opphald av massiv marknadsføring. Vi vert ofte tilbodne løysingar på problem vi ikkje visste at vi hadde.
Ei vitjing på eit stort kjøpesenter som Amfi Moa gir ei påminning om at vi har opplevd ein enorm velstandsvekst, berre i mitt relativt korte liv. Utvalet er overveldande. Eg tel til dømes fem optikarar og to neglesalongar på den kjappe runda mi.
Sjølv hugsar eg den eldste delen av kjøpesenteret som eit eldorado for shopping i barndommen min på 1980-talet. Moa var allereie då eit fenomen og ein attraksjon på Sunnmøre. No framstår denne delen temmeleg liten og ubetydeleg. Såpass må ein i 2018 kunne forvente også på ein liten tettstad utanfor allfarveg.
Ein mellomstor norsk by i vekst må ha noko meir å by på, særleg når kjøpehøgtida står for døra. Handelsstanden har jo lært seg kunsten å halde hjula i gong ved å halde jula i gong.
Ein av butikkane skiltar med filialar i London, Berlin, Madrid, Dubai og New York - og no altså på Moa. Heile verda er komen hit. Lenger borte i korridoren ser eg eit reisebyrå som reklamerer med å vere ekspert på Kreta og dessutan inviterer på cruise i Caribien. Her kan eg kome til heile verda.
Det er lett å skrive kritisk om stor velstand og forbrukarmentalitet. Vi er blitt velfødde og makelege, kravstore og smålege. Men slik kritikk kan også bli lettvint. Det er gode grunnar til å vere takksam for at vi har tilgang på alt vi treng, og meir til.
Dei fleste av oss nyt godt av at vi har opplevd økonomisk vekst. Vi bør heller ikkje vere for snare til å stemple dei som tilbyr varer og tenester, som umoralske eller kyniske. Dei formidlar i stor grad verdifulle og nyttige gjenstandar. Utan handel og utvikling stoppar samfunnet opp.
Spørsmålet er ikkje om vi skal ha kjøp og sal, men kva varer vi etterspør og korleis desse vert produserte. Ingen tvingar nokon som helst til å kjøpe noko som helst.
Den som har fått mykje av økonomiske og materielle gode, har også fått eit stort ansvar. Problemet er ikkje i og for seg at det finst eit stort tilbod av varer, men korleis vi som forbrukarar forvaltar ressursane vi disponerer. Vi bør ikkje framstille oss sjølve som viljelause offer for marknadskreftene.
Men vi opplever situasjonen forskjellig. For min del kan for overveldande tilbod føre til passivitet snarare enn aktivitet. Det vert vanskeleg å velje mellom 170 butikkar. Veit eg ikkje kva eg skal ha, endar eg gjerne opp med ingenting - og ein kaffikopp på ein stille kafé.
Og der har du eit av goda med kjøpesenter: Her kan du sjå på folkelivet eller treffe nokon til ein prat. Ein kan ha det fint utan å kjøpe så mykje.
Som kjøpesentermagnat Olav Thon har sagt det - og han opna også Amfi Moa - «Det gjelder å gjøre sine gleder enkle». Akkurat den setninga kan vere god å ha i bakhovudet gjennom Black Week og på Black Friday. Då kan du unngå at laurdag blir ein blåmåndag.