Håper å bremse homolover
Den siste massemønstringa mot homoekteskap i Paris kom etter at lova var innført. Demonstrantane håper å hindre vidare liberalisering.
Politiet reknar med at rundt 150.000 deltok i søndagens marsj til støtte for ekteskapet som ei ordning mellom éin mann og éi kvinne. Arrangørane hevdar på si side at opp mot ein million gjekk gjennom gatene i den franske hovudstaden. Fleire slike markeringar har funne stad i løpet av det siste halvåret. Så store politiske mønstringar har ein ikkje sett i Frankrike på fleire tiår.
Sterk misnøye
Mange stilte med born i markeringa trass åtvaringar frå innanriksminister Manuel Valls. Høgreekstrem pøbel har laga bråk ved tilsvarande markeringar tidlegare.
- Sjå, det er heilt trygt her, sa Elisabeth Huet frå Orleans ifølgje Reuters. Ho gjekk i toget saman med ei vaksen dotter og tre barnebarn.
Då dei fleste var gått heim, braut det likevel ut kampar mellom bråkmakarar og opprørspoliti. 96 personar vart arresterte.
Misnøya med den sosialistiske presidenten Francois Hollande er sterk i Frankrike som følgje av økonomiske nedgangstider, høg arbeidsløyse og press for å redusere det offentlege underskotet.
Første par ut
Det første homoekteskapet skal etter planen verte inngått onsdag i Montpellier, som er rekna for å vere homohovudstaden i Frankrike.
For president Hollande har det vore ei viktig merkesak å innføre homoekteskap. Derfor inkasserte han ein stor siger då han signerte lova 18. mai. Lova opnar også for adopsjon for homofile par. Trass nederlaget valde motstandarane å mobilisere på nytt denne helga. Dei håper å stoppe eller bremse planane ein del sosialistiske politikarar om å innføre kunstig befruktning og surrogati for einkjønna par.
Meir politisert
Debatten om endringane i ekteskapslova har vore heit, og det franske folket er djupt splitta i spørsmålet. Tysdag i førre veke tok den sterkt høgreorienterte historikaren Dominique Venner livet av seg sjølv med eit skytevåpen ved alteret i Notre Dame-katedralen. Den same dagen la han ut ein artikkel på nettsidene sine der han fordømte homoekteskap.
Leiarar innanfor Den romersk-katolske kyrkja har stått i front for motstanden mot lova, men har vorte mindre framtredande ettersom saka er blitt meir politisert. Opposisjonspartiet UMP, som tidlegare president Nicolas Sarcozy tilhøyrer, har profilert seg på mostand mot lova. Partileiaren Jean-Francois Copé leia ein av prosesjonane på søndag. Statsminister Jean-Marc Ayrault gjekk til åtak på politikarar frå UMP for støtta til demonstrasjonen. Han åtvara om at dei tok på seg eit tungt ansvar med å medverke til «spenningar og radikalisering, ifølgje The Guardian.
Nummer fjorten
Tretten år er gått sidan Nederland var først ute med å opne for ekteskap personar av same kjønn. Belgia følgde etter i 2003. Tidlegare i mai vart Frankrike det fjortande landet i verda som innførte denne reforma. Storbritannia er få steg unna, sidan lovforslaget er godkjent i Underhuset og i løpet av få dagar skal opp i Overhuset.
Den auka støtta til homoekteskap er ei av dei mest markante haldningsendringane i noko politisk spørsmål i løpet av det siste tiåret i USA, melde Pew Research Center i mars. I 2003 sa 58 prosent av amerikanarane nei til å gjere ekteskapet kjønnsnøytralt medan 33 prosent sa ja. No seier 49 prosent ja og 44 prosent nei. Også i Frankrike har det vore ei sterk haldningsendring berre i løpet av det siste halvåret. Ei undersøking som vart publisert søndag, viste at 53 prosent støttar ekteskap og adopsjon for homofile par. Det er ei endring på ti prosent sidan protestane begynte i november.
Dagen