– Har fleire rundar med helsingar
Kulturen i Kamerun er prega av høflege skikkar, seier Kamerun-misjonær Egil Johannes Reindal.
I gårsdagens avis reagerte spesialutsending ved den norske ambassaden i Nairobi i Kenya, Farrah Ghazanfar, på nordmenn sin mangel på høfleg framferd, samanlikna med andre kulturar.
– Eg kjenner meg igjen i problemstillinga og har same erfaring frå Kamerun, seier prest og Kamerun–misjonær Egil Johannes Reindal (69).
Reindal var misjonær i Kamerun for første gong i 1982. Han held framleis kontakt med miljøet i landet, og reiser ned ein til to gongar i året.
– Omfattande helsingar
Farrah Ghazanfar sin reaksjon på at nordmenn ikkje framstår som dei mest høflege på gata, seier Reindal seg samd i. Samstundes nyanserer han heilskapsinntrykket ut frå eigne erfaringar.
– Det vil ikkje vere allverda stor skilnad på folk si framferd i ein norsk by og ein afrikansk ein. Men utanfor dei store kamerunske byane er det vanleg at ein handhelsar. Det er ein del av kulturen at dei spør deg om korleis du har det. Og sjølv om du har møtt ein person tidlegare same dagen, vil han helse på deg igjen.
– I Kamerun tek folk seg tid til å utveksle helsingar, og det vil seie meir enn berre eit hei. Helsingane er meir omfattande, seier Reindal.
Hjelpsame
– Eg opplever at unge i Kamerun er veldig høflege og hjelpsame. Om du treng hjelp med noko, så kjem ungane springande for å ta i eit tak.
Samstundes peikar Reindal på at hjelpsemda kan skuldast frykt for represaliar.
– Det er eit aspekt ein ikkje kan utelukke.
Vid utspørjing
Ifølgje Reindal har Fulani–folket i Kamerun eit sett av spørsmål som høyrer med til det å møte folk.
– Det er ei ganske brei utspørjing om korleis livet artar seg. Stammemåten å spørje på har også vorte overført til det franske språket i Kamerun.
Han seier det er vanleg å ha fleire rundar med helsingar, før ein går over på andre ting.
– Unge menneske handhelsar i Kamerun. Kjem du inn i eit hus der du ikkje er kjent og helsar på dei vaksne, kjem borna bort og helsar på deg også. Kulturen er i større grad prega av skikkar knytt til høfleg framferd, og legg til:
– I Noreg har dette vorte mindre vanleg, der mykje av denne kulturen har forsvunne dei siste 30–40 åra. På den andre sida var det å klemme kvarandre når ein helste, ikkje så vanleg for ein 40–50 år tilbake. Det er ein ny skikk her til lands, ifølgje Reindal.
Førsteinntrykket
– I utlandet er det vanleg å helse eller be om orsaking om du dultar borti nokon.
Ho peikar på at det var lettare å leggje merke til skilnader etter ho kom attende til Noreg. Etter tolv år i heimlandet, tenkjer ho ikkje så mykje over dei lenger.
– Når du vert kjent med folk, er kanskje skilnadene mindre. Førsteinntrykket du får i mange land er at folk er høflegare i ord og handling enn det dei er her i Noreg.
Autoritet
Bolivianarane har tala til henne med meir høflege uttrykksformer, på bakgrunn av hennar status som misjonær.
– I den bolivianske kulturen viser folk stor respekt for autoritetar og eldre. Til ein lærar seier ikkje elevane «du», men «de». I Noreg vert ein lærar tilsnakka som om han skulle ha vore ein kompis. Jamt over held ein på å misse ein del av respekten og den høflege framferda her til lands. Alt vert så «flatt» i systemet ved at nordmenn handsamar og omtalar kvarandre likt.
– Osen av uhøflighet
Farrah Ghazanfar sin reaksjon kom i kjølvatnet av ein kronikk i Aftenposten forfatta av student i Michigan i USA, Anikken Gjerde Alnæs.
I kronikken skriv Alnæs: «To år i den amerikanske staten Michigan har gjort meg oppmerksom på osen av uhøflighet som møter meg i hjemlandet mitt.»
Ghazanfar meiner nordmenn er dårlege på å helse og seie unnskyld om dei dultar borti nokon. Ho synest også nordmenn ikkje er flinke til å møte blikk, smile eller vere hjelpsame mot framande menneske.