Birgit Opheim
– Har respekt for mektige sanger
Margit Jansdotter Garlid (23) har leita etter eit høve til å synge O helga natt.
Det fins legendariske innspelingar av «O helga natt». Jussi Bjørling, Tommy Körberg og vår eigen Sissel Kyrkjebø har gjort eigne versjonar. Luciano Pavarotti og Placido Domingo syng og songen i ein konsert i Wien sett av to millionar på nettstaden Youtube. 9 millionar har sett Josh Groban syngje «O Holy Night». For å nemne nokre.
Det skremmer på ingen måte Margit Jansdotter Garlid. Då 23-åringen og venninna, Vilde Moe Havre, inviterte til julekonsert i Arna kyrkje førre laurdag, song Margit «O helga natt».
– Kjende du på forventningane?