Har sørga i femti år
Forteljinga hennar greip meg. Ho kan umogeleg vere åleine med slike tunge tankar.
Ein varm sommardag sat eg på kontoret etter deadline. Ein kollega vidaresende ein mail frå ei fellesadresse i redaksjonen. «Henvendelse» var tittel på mailen. Mailen begynte slik: «Jeg er en kvinne på 75 år. Jeg leser Dagen hver dag, og iblant fylles jeg med enda mer sorg og fortvilelse i tillegg til den jeg bærer på selv. For 50 år siden hadde jeg en sommerromanse, og jeg ble gravid.» Kvinnen skreiv korleis ho vart pressa til å ta abort og korleis det har mørklagt livet hennar.
Forteljinga hennar greip meg. Ho kan umogeleg vere åleine med slike tunge tankar. Tusen på tusen av norske kvinner har opplevd å ta abort. Vi veit lite om seinverknadane deira.
Eg reiste og møtte kvinna. I timesvis fekk eg vere med henne og lytte til den tunge historia hennar. Ho hadde stelt til med rause smørbrød, kaker og jordbær. Vi gjekk tur når sommarsola vart litt svalare.
Rett før sommaren publiserte vi saka med tittelen «50 år etter aborter sørger ho framleis». Saka vart lest og delt vidare av mange.
Kvinna tok kontakt med oss etter at ho hadde sett feiring av abortlova på nyhetene. Ho ville fortelje ei anna historie.
– Eg skulle ynskje at alle dei lidingane skulle kome meir fram. Eg vil fortelje om ein annan røyndom, ikkje den fantasiske. For det er tungt, sa ho.
I haust har vi høyrt historier frå mange kvinner som har teke abort. Dei kasta seg inn i den intense abortdebatten som har gått i ly av KrFs retningsval. I denne debatten har også den 75-årige kvinna ei viktig stemme.
----
Årskavalkade 2018: Dagens journalister og redaktører ser tilbake på året som har gått, utfordringer, minner og menneskemøter som gjorde inntrykk.