Har vore misjonsleiar i over 20 år
– Eg har gjeve klar melding til styret mitt om at det er både deira ansvar og plikt å gje klar melding til generalsekretæren når han har site lenge nok, seier generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann.
Sidan 1997 Heitmann har vore generalsekretær i Israelsmisjonen. Med det toppar han statistikken over regjeringstid hos kristenleiarar, som Dagen presenterte eit utval av i går.
– Kontinuitet i leiarskap er viktig, så lenge det vert kombinert med innovasjon og evne til fornying, seier veteranen Heitmann.
– Maks ti år
I førre veke vart det kjent at generalsekretær Ingeborg Mongstad-Kvammen i Bibelselskapet går av etter sju år i stillinga.
– Eg har lenge meint at leiarar for kristne organisasjonar bør skiftast ut etter mellom fem og ti år i rolla. Det er avgrensa kor lenge ein klarer å vere nytenkjande, sa Mongstad-Kvammen til KPK.
Dagen kartla i går ei rekkje kristenleiarar i frikyrkjer og organisasjonar. Mange av dei nærmar seg ti år.
Israelsmisjonen hadde i går falle ut av kartlegginga. Og det viser seg at ingen har site i nærleiken generalsekretær Heitmann med hans 21 år.
Stabilitet
Heitmann peiker på fordeler med å sitje lenge.
– I Israelsmisjonen har vi ein relativt flat struktur der både tilsette og tillitsvalde har påverknad. Vi har mange døme på at raske skifte i leiarskap føre til stadige endringar og omveltingar, noko som kan føre til ekstra slitasje på medarbeidarar og usikkerheit om langsiktige strategiar og vegval. Det er viktig med endringar og endringsleiing, men eg høyrer også om organisasjonar som aldri blir ferdige med slike prosessar og som stadig snakkar om endring utan å trekkje konklusjonar, seier Heitmann.
Han peiker også på at leiarar med lang fartstid skaper tillit hos internasjonale samarbeidspartnarar og at det tek tid å opparbeide kompetanse og kunnskap på det feltet ein arbeider.
– Stivne i mønster
– Kva ulemper er det ved å sitje lenge?
– Eg vil kalle det farer, ikkje ulemper. Eg har forståing for synspunktet om at leiarar kan sitje for lenge. Det har litt samanheng med kva type organisasjon ein leiar, men også kva leiarideal ein har. Den størst faren for leiaren er naturlegvis å stivne i eit mønster som hindrar utvikling, nye idear og impulsar i å kome fram. Ein framtidsretta organisasjon i våre dagar kan ikkje berre leve på gode tradisjonar eller argumentet om at vi skal halde fram som før, seier Heitmann.
Han opplyser at organisasjonen er inne i ein fornyingsprosess.
– Eg har gjeve klar melding til styret mitt om at det er både deira ansvar og plikt å gje klar melding til generalsekretæren når han har site lenge nok. Dei signala har eg ikkje fått, seier han og legg til at eit engasjement for det jødiske folket og misjon er eit livskall.
– Det inneber sjølvsagt ikkje at eg livet ut skal halde fast på posisjonar. Det er heller ikkje eg som har søkt på eller valt jobben som generalsekretær. Det er eit oppdrag eg har blitt kalla til og oppmoda om å ta på meg, og halde fram med.
I tillegg til dei ti leiarane Dagen presenterte fartstida på i går, har følgjande leiarar site så lenge i sjefsstolen:
I Sjømannskirken har generalsekretær Ørnulf Steen site i tre år.
Terje Aadne har leia Baptistsamfunnet i åtte år.
Bjørn Bjørnø har leia Pinsemisjon i ti år.