Hauge – samfunn og verdiar

Det året vi no går inn i, er 250-årsjubileum for Hans Nielsen Hauges fødsel. Det vert eit år der vi ofte og frå ulike innfallsvinklar vil møta Hauge. Denne boka er som ei oppkjøring til det.

Publisert Sist oppdatert

Det er skrive mykje om Hans Nielsen Hauge, og det vil nok koma enda meir. Det gjeld biografiar om Hauge, og det gjeld spesielle sider ved verksemda hans.

Denne boka har delvis form som biografi, men det er heller lite om forkynninga hans og den teologiske profilen. Vi får ein god del frå Hauges barndom og oppvekst, og vi får fylgja han gjennom livet, men med mest vekt på næringsverksemda og samfunnsinnsatsen hans.

Heimeområdet til Hauge

Dette var jo ei omveltingstid ved Napoleonskrigane, og Noreg gjekk frå å vera felles kongedøme med Danmark til union med Sverige. Den uroa som var internasjonalt og nasjonalt, kan ha bidrege til straffeforfylginga av Hauge.

Styrken med denne framstillinga av Hauge og haugianismen finn vi særleg på to område. Det eine er vektlegginga av det som skjedde i heimeområdet til Hauge og i Austfold generelt, og utviklinga der. Det andre er innføringa i den næringsverksemda som han dreiv eller som han fekk andre til å ta seg av, og korleis dette var organisert og finansiert.

Vi får i tillegg interessante glimt inn den samfunnsmessige arven etter Hauge like fram til vår tid. Både næringsverksemd og folkeopplysning er del av denne arven, og ikkje minst dei verdimessige linene i Hauges liv og verksemd.

Næringsverksemd

Boka har gode illustrasjonar og oppsummeringar når det gjeld Hauges reiseverksemd år for år, kor det viktigaste av næringsverksemda var, kva moment som er viktige i gjerninga hans og diverse person- og faktaopplysningar.

Totalt sett er dette ei grei innføring med tanke på feiringa av 250-årsjubileet, og det er ei bok til inspirasjon til kristen innsats i samfunnet - i politikk og næringsverksemd, i sosialt arbeid og folkeopplysning.

Powered by Labrador CMS