SOSIALT: Brettspel er sosialt og underhaldande – ikkje minst i jula. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Her er brettspela som kan lyse opp jula
Dette er jula då vi kjem til å runde Netflix. Men før brakkesjuka tek deg fullstendig: Her er brettspela som kan lyse opp jula 2020.
Den kanskje største brettspelentusiasten i landet, Remo Rehder, som også er grunnleggjar av den uavhengige forbrukaropplysningssida Brettspelguiden, er klar på at det finst eit rikt utval spel som eignar seg framifrå som juleunderhaldning.
Og i bokbutikkane blir trenden stadfesta: Folk er innom og kjøper analog moro som puslespel, kortspel og tradisjonelle brettspel – som aldri før. Koronakrisa har ført til at vi må vere meir kreative i eigen heim, og dermed er dei gode gamle brettspela gode å ty til.
– Hovudgrunnen til at brettspela held seg så godt, er vel at det er ein unik sosial aktivitet som både skapar konkurranse, glede og moro. Og der alle deltakarane er opptekne av det same, samtidig. I tillegg så er det jo enorm variasjon i typar spel, eg tør påstå at det finst eit spel for absolutt alle. Sjølv for dei som «ikkje likar spel», finst det nok eit eller anna spel som vil trigge dei, berre dei blir introduserte for det på den rette måten, meiner Remo Rehder.