Her er den nye regjeringa sin livssynspolitikk
Peikar på Den norske kyrkja si særskille rolle. Vil stille krav og ha kontroll og innsyn som ikkje grip inn i trusfridomen.
Det er Den norske kyrkja som får mest omtale i den rykande ferske Hurdalsplattforma som vart lagt fram onsdag ettermiddag.
Der slår Arbeiderparti-Senterparti-regjeringa fast at dei vil ha eit livssynsope samfunn med respekt for alle. Dei understrekar også at i eit slikt samfunn har alle både respekt for og kunnskap om livssynet til andre.
Varsler kontroll
På førehand har det vore knytta spenning til i kva grad den nye regjeringa vil kontrollere trus- og livssynssamfunn. Under Arendalsveka i august varsla Arbeiderpartiet og Senterpartiet at dei ynskte meir kontroll.
I den nye plattforma er det understreka at det kontroll og innsyn er viktig:
«Både finansiering av, kontroll med og innsyn i religiøse samfunn er viktige offentlege oppgåver, og det skal stillast krav til trus- og livssynssamfunna om demokrati, openheit og representasjon utan at ein grip inn i trusfridommen», heiter det i plattforma.
Framhever Den norske kyrkja
I den konkrete lista over kva regjeringa vil gjere, er Den norske kyrkja framheva. Der heiter det at regjeringa vil «ivareta den særskilte rolla Den norske kyrkja har som ei levande og inkluderande folkekyrkje med lokalt nærvær, presteteneste og trusopplæring i alle sokn og ein sterk og føreseieleg økonomi».
Før valet utarbeidde to av tungvektarane i folkekyrkja, arbeidsgjevarorganisasjonen KA og kyrkjerådet, ei kravliste i ti punkt til ny regjering. Lista var først omtalt av Vårt Land.
Stikkord i kravlista var at ein skal setje ord på kva tru betyr i menneskes liv, invitasjon til samskaping om sosiale utfordringar, framleis offentleg finansiering og auka støtte til kulturhistoriske kyrkjebygg.
Vil gjennomgå kriteria for støtte
Onsdag kom fasiten i form av den nye regjeringsplattforma. Der heiter det at regjeringa vil:
• Stille krav om at offentlege institusjonar som sjukehus, sjukeheimar og fengsel legg til rette for at pasientar og innsette får høve til å utøve trua si og livssynet sitt.
• Sikre trus- og livssynssamfunn føreseieleg finansiering, men gjennomgå kriteria for støtte.
• Samarbeide med trus- og livssynssamfunn om å styrkje integreringa, betre likestillinga og auke kunnskapen om norsk lov i livssynsfeltet.
• Stille krav om at dei administrative organa som forvaltar offentlege tilskot på vegner av trussamfunn, er demokratisk valde og har minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn.
• Stille krav til personar som kjem til Noreg for å praktisere som religiøse leiarar, om at dei skal ha eller skaffe seg kunnskap om korleis dei skal utøve den religiøse rådgivarrolla i møte med vald i nære relasjonar, eksilerfaringar og sentrale verdiar i det norske samfunnet.
• Krevje full openheit om finansiering av trussamfunn og greie ut om utanlands finansiering av trussamfunn kan bli forbode.
«Kristne og humanistiske kulturarv»
Under kapittelet om kulturarv, heter det at regjeringa vil «bidra til å samle og koordinere sektoren, støtte den frivillige innsatsen, som er heilt avgjerande på feltet, og løfte fram vår kristne og humanistiske kulturarv».
Regjeringa vil sørge for at 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad blir ei nasjonal markering.
Det skal utarbeidast ein plan for å setje i stand steinkyrkjer frå mellomalderen fram mot tusenårsmarkeringa.