KRISE: Stiklestad kirke stod oppført i 1180. I dag har Stiklestad prosti så store problem med å finne prestar, at dei har måtte avlyse gudstenester.

Her kan 100 gudstjenester bli avlyst neste år

Tusen år etter at Noreg vart kristna på Stiklestad, er det knapt prestar igjen til å halde gudstenester der.

Publisert Sist oppdatert

Det har lenge vore kjent at det er ein aukande prestemangel i Noreg. I november melde NRK at det manglar 100 prestestillingar i Noreg. I Stiklestad prosti i Nidaros bispedøme har dei måtte ta konsekvensane av dette.

Tusen år etter at Olav den heilage leia kristninga av Noreg ved slaget på Stiklestad i 1030, er det i dag mangel på prestar som vil leie Den norske kyrkje sine forsamlingar i Stiklestad prosti.

Prost Gustav Danielsen seier til Dagen at dei har avlyst mellom 30 og 40 gudstenester fram til sommaren, og at talet kjem til å auke dersom dei ikkje får fylt fleire prestestillingar.

– Vi mista to prestar i oktober, og vi mistar enda ein 1. januar. I tillegg går ein fjerde prest av med pensjon 1. april. Dei gudstenestene vi har avlyst til no er ikkje veldig dramatisk, men det er sjølvsagt negativt viss det held fram.

Han fryktar at så mange som 100 gudstenester kan bli avlyst i løpet av året. Prostiet består av 26 sokn og 40 kyrkjer. Det vil bety at kvar kyrkje må avlyse mellom ein og to gudstenester.

Ikkje greitt

– Kva kan bli konsekvensane av dette?

– Eg trur ikkje at det kjem fleire folk på gudstenestene viss det vert færre av dei. Det er heller ein måte å vende folk av med å gå til gudsteneste. Eg er uroa for framtida til kyrkja viss vi ikkje er i stand til å gjere det som vi skal gjere.

– Korleis er det å måtte avlyse gudstenester?

– Det er ikkje greitt å stryke gudstenester. Vi er til for å halde gudstenester og forkynne evangeliet. Vi øydelegg berre for oss sjølv, men som ein ansvarleg arbeidsgjevar må eg ta vare på dei tilsette, seier Danielsen.

Krisestemning

Biskop i Nidaros bispedøme, Herborg Finnset, seier at ho støttar Danielsen sin avgjerd om å avlyse gudstenester. Ho meinar situasjonen i bispedømet er dramatisk.

– Det er krisestemning på den måten at vi veit at det er for få prestar, og då handlar det om å vurdere alternative strategiar. Eg ynskjer eigentleg ikkje å rope krise, fordi det kan føre til desperasjon og handlingslamming, men situasjonen er veldig alvorleg no, seier Finnset, og held fram:

– Det er som ei bedrift som skjønar at ein går i underskot og må lage ein strategi for å takle det. Det er det same prosten har gjort når han legg ein plan med færre gudstenester slik at ikkje slitasjen vert for stor på prestane. Det er eit klokt val.

Ho seier at ein no må vere kreativ for å finne løysingar på prestemangelen.

– Vi har rundt ti medarbeidarar som er under utdanning og som har fullmakt til å jobbe under utdanninga. Ein annan ting er at vi må sjå på kor mykje prestane får gjort innanfor arbeidstida. Gudstenester og kyrkjelege handlingar har høg prioritet, men vi må sjå på kva som er mest naudsynt.

Vil merke det

Biskop i Agder og Telemark bispedøme, Stein Reinertsen, seier Kyrkja må ta innover seg at den er på veg inn i ei krise.

– Eg trur at alle bispedøma vil på ein eller annan måte merke at det er færre søkjarar til presteutdanninga og at ein vil slite med å fylle enkelte stillingar. Hos oss går det relativt bra for tida, men vi er spent på framtida.

Denne uroa delar biskop Olav Øygard i Nord-Hålogaland bispedøme. Han fryktar at prestemangel i Sør-Noreg vil gjere at færre nyutdanna prestar reiser nordover.

– I bispedømet vårt så er 19 av 80 stillingar ledige. Vi er ekstra utsett fordi tradisjonelt har det kome ganske mange prestar frå Sør-Noreg til våre prestestillingar, men når dei no har sjanse på ein jobb nærare heimstaden sin, er det truleg at dei heller vel det.

Sjølv dei 19 ledige stillingane vert fylt av pensjonerte vikarar, er Øygard klar på at det er ein uheldig situasjon.

– Vikarane løyser ikkje kyrkja sitt problem på sikt. Dei kan alltids gjere gudstenester og gravleggje døydde, men eit godt forsamlingsarbeid handlar om å byggje relasjonar over tid.

Den norske kyrkje

3,7 millionar medlemmar (70 prosent av Noregs befolkning) per juni 2019.

I 2018 vart det arrangert 60.400 gudstenester på landsbasis. .

Det var cirka 5,3 millionar gudstenestedeltakarar i 2018, noko som betyr eit snitt på 88 deltakarar.

Powered by Labrador CMS