NYTT: Ei rekke eigedomar er råka når det skal byggjast dobbelspora jernbane i ei ny trasé gjennom bygda Stanghelle.
Sjermdump frå video av Statens vegvsen
Her kjem ny toglinje. Då må bedehuset rivast
– Og det blir neppe bygd nytt, seier lokal indremisjonsleiar.
K5 er namnet på eit gigantisk samferdselsprosjekt som mellom anna skal erstatte det som i dag blir kalla landets mest farlege vegstrekning: E16 mellom Arna og Voss i Vestland fylke.
I Noregs største tunnelprosjekt ligg også ny jernbanelinje.
Ei rekke private eigedomar er råka av prosjektet. Fleire hus må rivast mellom anna på Stanghelle i Vaksdal.