KRISTEN DOMINANS: Dei aller fleste politikarane som har sete i Kongressbygningen i Washington, identifiserer seg med eit kristent trussamfunn.

Her må du leite lenge for å finne ein gudsfornektar

Mangfaldet i tru og livssyn aukar blant amerikanske folkevalde, men framleis reknar nesten ni av ti seg som kristne.

Publisert Sist oppdatert

I går vart den 116. Kongressen i USA innsett i Washington D. C. For første gong i historia er to muslimske kvinner valde inn i Representanthuset, og samansetjinga er generelt blitt litt meir mangfaldig etter mellomvalet i november.

Det viser ein oversikt over trua til dei totalt 535 medlemene i Kongressen som er utarbeidd av Pew Research Center.

Brei appell

435 av dei folkevalde sit i Representanthuset, 100 i Senatet.

– Det er framleis stor forskjell på Representanthuset og Senatet når det gjeld etnisk og religiøs samansetjing. Det er vanskelegare å verte vald til Senatet for ein kandidat frå ein liten minoritet, seier førsteamanuensis Alf Tomas Tønnessen ved Høgskulen i Volda.

– For å vinne eit senatsval må ein appellere til eit breitt lag av folket, og då er det meir krevjande for eksotiske kandidatar å vinne fram, forklarer Tønnessen.

Langsam sekularisering

Medan 91 prosent rekna seg som kristne i den førre Kongressen, er det 88 prosent som gjer det same no. Kristne er likevel framleis overrepresenterte samanlikna med den religiøse samansetjinga av befolkninga. Særleg gjeld det tradisjonelle protestantar som metodistar, episkopale (anglikanarar), presbyterianarar og lutheranarar.

– Kristendommen står framleis sterkt i USA, og landet vert berre sakte sekularisert. Det vert reflektert også her. Men det er trass alt ei rørsle. Delen kristne er rekordlåg, seier journalist Jan Arild Snoen i Minerva.

På den andre sida er andre protestantiske grupper underrepresenterte. Pinsevener utgjer fem prosent av den amerikanske befolkninga, men berre 0,4 prosent av Kongressen.

Sekulære­ underrepresenterte

EINASTE SEKULÆRE: Senator Kyrsten Sinema frå Arizona er den einaste kongresspolitikaren som oppgir at ho ikkje tilhøyrer noko trussamfunn.

Sinema har erfaring med å vere eit unntak på livssynsfeltet, for ho har allereie site tre periodar i Representanthuset.

– Aktive kyrkjegjengarar er meir trufaste veljarar enn mindre aktive, og dette kan vere ei forklaring på at det er ein større del religiøse medlemer av Kongressen enn tilfellet er for folket som heilskap, seier Tønnessen.

– Ein lakmustest

SVARER IKKJE: Den demokratiske kongressmannen Jared Huffman tilhøyrer ei veksande gruppe av demokratiske kongresspolitikarar som ikkje vil svare på kva trusretning dei tilhøyrer.

– For mange veljarar på begge sider av politikken er kristen vedkjenning ein lakmustest, og dei ville aldri røysta på ein som ikke er kristen, seier Bjarte Ystebø, assisterande redaktør i Norge Idag, Han bur i USA saman med familien dette skulåret.

– Men eg trur det blir mindre viktig enn det har vore, og det medverkar til å forklare at det er fleire muslimar, ateistar og politikarar som ikkje vil uttale seg enn tidlegare, legg Ystebø til.

Upopulær merkelapp

Av dei 253 republikanarane i Kongressen er det berre to som ikkje reknar seg som kristne, og desse er jødar.

Snoen påpeikar at USA har eit topartisystem der dei færraste vel å flagge mangel på religion.

– Å vere open ateist er ifølgje målingar noko som trekkjer kraftig ned ved ein kandidat, omtrent på line med å vere muslim. Men det er minst like ille å kalle seg «sosialist», og stadig fleire demokratar gjer likevel det, så det er litt merkeleg at ikkje fleire iallfall kallar seg agnostikar eller «none», som er mindre provoserande enn ateist, seier han.

Fleire jødar

Jødar utgjer to prosent av den amerikanske befolkninga. I den nye kongressen er det 34 jødar, ein auke på fire, noko som inneber at dei totalt utgjer 6,4 prosent av representantane.

– Jødane er betydeleg overrepresenterte, særleg i senatet der det no er ni, men det er lange tradisjonar for at jødane i USA engasjerer seg politisk, seier Jan Arild Snoen.

USA har den nest største jødiske befolkninga i verda, berre overgått av Israel.

– Støtta til Israel er viktig for begge parti og tydeleg i retorikken, seier Alf Tomas Tønnesen.

Geografiske forskjellar

Det er to buddhistar, tre hinduar, to unitarar og tre muslimar mellom kongresspolitikarane. Den første gongen ein muslim vart vald inn i Kongressen, var i 2006. Totalt utgjer muslimane éin prosent av den amerikanske befolkninga, ifølgje Pew Research Center. Dermed er dei noko underrepresenterte i Kongressen.

– Kor viktig er eigentleg den religiøse tilknytninga ti ldei som sit i Senatet og Representanthuset?

– Det er geografiske forskjellar. På deler av aust- og vestkysten kan ein kome unna med å ikkje vere kristen, men i det store fleirtalet av delstatar er det eit vilkår. Det er nokså utenkjeleg at ein muslim eller ateist skulle verte vald til president, for eksempel, seier Ystebø.

Snakkar om tru

I praktisk politikk meiner Ystebø at trusdimensjonen har mindre å seie.

– Der gjeld mange av dei same konfliktlinjene som i Noreg, på tvers av tru.

Jan Arild Snoen påpeikar at amerikanske politikare langt oftare viser til trua si enn det kollegaer gjer i Noreg, som regel i generelle ordelag.

– Men i konservative område vert det gjerne brukt også som mobiliseringsgrunnlag av republikanske kandidatar, då gjerne knytt til særleg omstidde tema som abort og homofiles rettar, seier han.

Powered by Labrador CMS