YNSKJER VENSKAPSBY: Fylkesordførarkandidat i Agder FrP, Steinar Bergstøl Andersen, ynskjer at fylket skal opprette ein venskapsby i Israel.

Her prøver Frp å lokka med Israel-samarbeid, men KrF takkar nei

Vilkåret Agder Frp stiller er at KrF må halde seg til blå side i fylkestingsvalet.

Publisert Sist oppdatert

Det er Agder Frp sin fylkesordførarkandidat, Steinar Bergstøl Andersen, som står bak utspelet om å finne venskapsby i Israel. Han meiner at det ligg eit stort potensiale i eit slikt samarbeid.

– Eg ynskjer eit samarbeid som kan vere fruktbart og ha ein nytteverdi. Vi har mykje å lære av Israel, og ein venskapsby kan føre til samarbeid innan teknologi, sikkerheit, turisme og oljeverksemd, hevdar Andersen.

Andersen vil at fylkeskommunen skal vende seg til den norske ambassade i Tel Aviv for å få hjelp til å finne ein passande venskapsby.

– Vi ser jo at Agder er den landsdelen som er mest vennlig mot Israel, det er mange kristne forsamlingar og mange har eit positivt forhold til Israel. Då tenkjer eg at dette kan passe nye Agder fylkeskommune.

Vil behalde dagens byar

1. januar 2020 slår Vest-Agder og Aust-Agder seg saman til Agder fylkeskommune. Noverande fylkesordførar i Aust Agder, Gro Bråten, er fylkesordførarkandidat for Agder Arbeiderparti. Ho er godt nøgd med avtalane som dei har.

– Dette var eit uventa utspel. Både Aust-Agder og Vest-Agder har venskapsbyar bastert på lange relasjonar. I Aust-Agder har vi hatt eit samarbeid med ein by og ein region i Riga i over 15 år. Vi ynskjer å halde fram med det, seier Bråten.

Frp-kandidaten meiner at dei eksisterande avtalane med byane i Latvia og Estland går ut når fylkeskommunane vert oppløyst ved nyttår. Han meiner difor at nye Agder fylke står fritt til å finne seg nye venskapsbyar. Det er Bråtsen samd i, men ho ynskjer å fornye avtalane i Aust-Europa.

– Stemninga no er å behalde dei venskapsbyane vi har, men på sikt kan det vere aktuelt å ta ein ny diskusjon om kva som skal vere grunnen til samarbeidet. Då kan Andersen sitt forslag vere eitt av dei, seier Gro Bråten.

Vil lokke KrF

KrF har dei siste åra samarbeida med høgresida i fylkestinget. Andersen håpar at ein venskapsby i Israel skal vere nok til å sikre lojaliteten deira i fire nye år.

– KrF har ikkje bestemt seg for om dei vil samarbeide med SV eller Frp i fylkestinget. Eg tenkjer at å få på plass eit samarbeid med Israel kan gjere at KrF veljer blå side, seier han.

Fylkesordførarkandidat for Agder KrF, Bjørn Alfred Ropstad, er på veg inn i fylkespolitikken etter 20 år som ordførar i Evje og Hornnes kommune. Han har ikkje sett seg inn i sakane, men meiner at ein må ta vare på venskapa i Estland og Latvia.

– Eg trur ikkje at det er dette som vil avgjere korleis vi skal samarbeide i fylkestinget. Eg tenkjer først og fremst at vi må oppretthalde dei venskapsbanda som vi har, seier Ropstad som også er far til Kjell Ingolf Ropstad.

– Har Agder noko å lære av Israel?

– Det har eg ikkje noko formeining om. Det er forskjell på eit land og eit fylke, seier Ropstad.

Kjend FrP-politikk

Listetopp for Agder SV, Mirell Høyer-Berntsen, meiner at Andersen har misforstått formålet med ein venskapsby.

– Formålet med ein venskapsby er å fostre venskap og forståing mellom tidlegare fiendar. Det ein ser er at venskapsbyar vert brukt til å opprette strategiske internasjonale bindingar. Sist Andersen foreslo dette, argumenterte han med at det låg «gode pengar» i ein slik avtale, seier Høyer-Berntsen.

Ho seier at SV ikkje kan stille seg bak forslaget på grunn av Israel sin okkupasjonspolitikk.

– Ved å opprette ein venskapsby anerkjenner vi Israels politikk. Det kan vi ikkje gjere så lenge dei opprettheld ein folkerettsstridig okkupasjon. Dersom den politikken opphøyrer har vi ingenting i mot å opprette ein venskapsby i Israel, seier Høyer-Berntsen, og legg til at SV har ingenting i mot vanlege israelerar.

Venskapsbyar

Seks norske fylker har venskapsfylker. Ingen av dei i Israel.

I dag har kommunane Stavanger, Trondheim og Hamar venskapsbyar i Israel.

Toalt 56 norske byar har oppretta venskapsbyar rundt om i verda.

Powered by Labrador CMS