Her tek skattebetalarane rekninga for at Randi (34) skal gå heime med barna: – Familieverdiar er meir akseptert her
Kontantstøtta er utryddingstrua, men i denne kommunen vil politikarane punge ut for å redde den utskjelte ordninga.
– Alle mødrer eg kjenner har brukt den kommunale kontantstøtta, seier Randi Charlotte Grøsfjeld Ørland (34).
Dagen treff firebarnsmora i KrF-bastionen Vigrestad i Hå kommune, på veg til bilen med handlevogna full av matvarer. Når ho går til valurnene om tre veker, er synet på kontantstøtte utslagsgjevande for kven som får hennar stemme.
Det er ho ikkje åleine om.
KrF blei berre slått av Frp
Kristeleg folkeparti har kontantstøtte som si fanesak. Her på Vigrestad fekk partiet 23,8 prosent av stemmene, mot 3,8 prosent nasjonalt ved forrige valg.
Berre Framstegspartiet var større, med ein halv prosentpoeng fleire stemmer.
Ørland trur ho veit kvifor.
– Det er høgt verdsett å prioritere familie her. Derfor er det ikkje like høgt press å gå ut i jobb med ein gong, seier ho.
Trur nærleik til politikarane er viktig
Rett overfor parkeringsplassen der firebarnsmora stablar matvarer inn i bilen ligg Vigrestad konditori. Frå kafévindauget har gjestane utsyn både til livet i sentrum, så vel som puben og misjonshuset som ruvar i bakgrunnen.
Det har tradisjonelt vore tydelege skille mellom misjonsfolket og pubgjengarane i bygda, men på konditoriet vågar dei fleste seg inn, Dagen sin utsende inkludert.
Ved eit bord sit tre damer og kosar seg med kvar sitt smørbrød medan skravla går.
– Kvifor gjer KrF det så godt i Vigrestad samanlikna med resten av landet, spør Dagens utsende.
Det blir stille rundt kafébordet.
Kvinnene ser spørjande på kvarandre. Så får Siv Skretting (59) ein idé.
– Få inn Paul. Han er god på det der.
Ikkje lenge etter kjem ein middelaldrande mann med bakarforkle og eit stort smil ut frå kjøkkenet. Det er Paul Vigrestad.
Gjennom dei 30 åra han har eigd og drive konditoriet har han høyrt vanlege folk, så vel som ordførarar, diskutere politikk over ein kopp kaffi her inne.
Vigrestad vil først ikkje i avisa, men let seg overtale av damene på konditoriet.
Han tørkar av seg mjølet på hendene før han avslører hemmelegheita bak Hå KrF sin suksess:
– Dei har gode folk på lista som folk kjenner og har tillit til, seier bakaren, som også har ei dotter som står på liste for partiet.
Møter motstand
I Hå har KrF lege stabilt på rundt 20 prosent dei siste åra. På siste Jærbladet si siste meiningsmåling i april fekk partiet 25,9 prosent av stemmane.
Lokalt har partiet fått mykje merksemd rundt den kommunale kontantstøtteordninga. Denne gjer at foreldre i Hå kan vere heime med barna til dei er tre år, på skattebetalarane si rekning.
Foreldre i andre delar av landet må ta til takke med det eine året med statleg kontantstøtte, og mindre kan det bli.
I april tok regjeringa til orde for å fjerne kontantstøtta for barn mellom 20 og 23 månader. Ordninga skal erstattast med ei småbarnsstøtte for dei som har søkt, men ikkje fått, barnehageplass.
Det finst fleire grunnar til at det er fleirtal på Stortinget for å fjerne ordninga.
– Det er ikkje lenger like stor mangel på barnehageplassar i dag som det var då ordninga blei innført i 1998.
– Ordninga hindrar integrering hos foreldre og språkutvikling hos barn, sidan det ofte er innvandrarar som bruker ordninga.
– Ordninga hindrar likestilling, sidan det er flest kvinner som mottar kontantstøtte.
– Skjemmar bort dei unge
Også i Hå er det færre kontantstøttemottakarar i dag enn for ti år sidan.
I 2013 blei det innvilga 107 søknader om full eller delvis kommunal kontantstøtte. I 2023 var tilsvarande tal redusert til 19.
Damene på Vigrestad konditori kjenner ikkje til nokre kontantstøttebrukarar.
– Mange får vel nok av å vere heime åleine med skrikarungen når foreldrepermisjonen er over, seier Elin Haugstad (40) lattermildt.
Mor hennar, Siv Skretting, meiner kontantstøtta er ei god ordning, men må tenkje seg om når kvinna på nabobordet skyt inn korleis det var då ho var heime med ungar på 60- og 70-talet.
– Dei unge i dag skal få så mykje, men kva fekk me? Me arbeidde heime frå morgon til kveld utan å forlange ei einaste krone frå politikarane, men me klarte oss for det, seier ho og legg til:
– Med dagens generasjon er det «full pinne». Dei skal ha nytt hus, nye møblar og dobbel garasje med to dyre bilar. Ikkje rart dei treng pengar for å gå heime med ungane.
Skretting seier seg einig.
– Alle snakkar om barnefamiliane, men dei er unge og spreke og må kunne klare seg sjølv, konkluderer ho og avsluttar med ei oppfordring til politikarane:
– Bruk heller pengane på dei eldre, dei som ligg inne på sjukeheimane og ikkje blir tatt opp før klokka 14.00, fordi det manglar ressursar. Det er dei som treng det mest.
– Kostar kommunen ingen ting
Ordførarkandidat, Andreas Bjorland, for KrF, ser annleis på det:
– Det er behov for fleksibilitet og val, sjølv om det er ein liten nedgang i dei som har søkt om kontantstøtte det siste året.
Han og partiet hans går til val på å vidareføra kommunal kontantstøtte for 2-åringar og å sikra kommunal kontantstøtte for 1-åringar, dersom den statlege kontantstøtta fell bort.
Ordførarkandidaten vil ikkje gå med på at kontantstøtta går utover andre gode føremål i kommunen.
– Kontantstøtte er ei reell innsparing for kommunen, fordi me sparer barnehageplassar.
I Hå kostar ein barnehageplass opptil 234 000 kommunale kroner i året. Kontantstøtte for eitt barn kostar inntil 52 119 kroner i året, men til gjengjeld går dei glipp av skatteinntekter frå kontantstøttemottakaren.
– Kor skal de ta pengane viss KrF får gjennom å erstatta den statlege kontantstøtta som står i fare for å forsvinne?
– Økonomisjefen har sett opp i økonomiplanen at kontantstøtta kostar kommunen null kroner. Det går opp i opp, held han fast.
Han påpeiker at det er brei politisk semje om ordninga.
– I Hå sit verdien av sjølv å kunne velje om du vil vere heime med ungane djupt. Også Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat fortalde i debatt i går at ho har brukt ordninga sjølv og har ingen planar om å fjerne ho.
– Kor viktig er kontantstøtte for oppslutninga til KrF i Hå?
– Vanvittig viktig, seier Bjorland.
– Du har stemmene frå dei som bruker kontantstøtta nå, dei som har brukt ordninga og skal bruke ho. Til saman blir det enormt mange KrF-stemmer.
Dette skal dei stemme
Tilbake på Vigrestad konditori har Andreas Bjorland og KrF ein sikker stemme frå Paul Vigrestad. Siv Skretting, Elin Haugstad og Gunn Mæland er ikkje like lette å få på kroken.
– I eine valgomaten eg tok svara eg at utdanning og familie er viktig for meg. Då fekk eg opp KrF, sikkert fordi dei er gode på det, men eg veit ikkje om eg kjem til å stemme dei, seier Mæland.
Firebarnsmor Randi Charlotte Grøsfjeld Ørland trur derimot ho har funne ut kven som får hennar stemme.
– Det blir nok KrF, grunna dei gode verdiane dei står for, seier ho.
– Er du kristen?
– Nei, men eg har ungar som er kristne og vener som er det. Ein treng ikkje vere kristen for å stemme KrF, seier Ørland.