Hevda «jødisk ånd» forderva alt

Frykta for jødisk påverknad er nødvendig for å forstå deportasjonen under andre verdskrig. Det meiner forfattar Bjarte Bruland som er ute med boka «Holocaust i Norge».

Publisert Sist oppdatert

– Nazismen var ein gigantisk, rasistisk konspirasjonsteori, seier Bjarte Bruland til Dagen.

Gjennom 25 år har han jobba med jødisk historie generelt og Holocaust spesielt. «Holocaust i Norge» er den første boka som gir ei samla framstilling av dette folkemordet i Noreg sett i samanheng med hendingane i Vest-Europa. Førstehands kjeldemateriale frå arkiv i inn- og utland ligg til grunn for arbeidet.

LES: Israel mintes ofrene for Holocaust

Ser på overgriparane

Historikaren meiner det er viktig å vere klar over at nazistane ikkje berre hata jødane, men også frykta dei. Å utslette dei var nødvendig for å redde den ariske rasen. Nazistane såg ikkje seg sjølve som den aggressive parten.

– Eg meiner boka mi inneheld relativt mykje som er nytt eller har vore underkommunisert, også for dei som kjenner tematikken. Boka mi handlar ikkje først og fremst om skjebna til jødane, men meir om antijødisk politikk i Noreg. Eg er oppteken av korleis overgriparane tenkte, seier Bruland.

LES: Rystende brev fra dem som overlevde

Mindre massivt

Den antijødiske politikken følgde med då tyske troppar okkuperte Noreg i april 1940. Bruland har funne at den antijødiske politikken her i landet var både lik og forskjellig frå den ein såg i andre land under krigen. På den eine sida vart det her som andre stader det såkalla Nürnbergprinsippet som låg til grunn. Det gav mellom anna retningslinjer for kven som var jødar og korleis dei skulle registrere desse.

– Samstundes var ikkje utskiljinga av jødar like massiv her som ho var i andre land. Ein viktig grunn er at det var få jødar i Noreg. Okkupasjonsmakta tenkte at ein massiv politikk, med forbod mot å gå på kino og så vidare, ville utløyse motstand mellom folk flest, seier han.

Tryggleiksrisiko

Frå starten av krigen hadde ikkje Nazi-Tyskland eit uttrykt mål om å utslette jødefolket, men først og fremst forfølgje dei. Bruland meiner dette først vert klart i euforien over åtaket mot Sovjetunionen i 1942. Då fekk ein for alvor tru på at nazismen var i ferd med å overvinne kommunismen, som også vart sett som eit jødisk komplott.

– Då vart målet å få utsletta jødane også i Noreg, helst så fort som mogeleg, forklarer Bruland. Han understrekar at det ikkje kom nokon ordre frå Berlin om å gjere dette, men at det pressa seg fram i Noreg.

– Ein såg på jødisk nærvær som ein tryggleiksrisiko.

LES: Fikk møte sine belgiske redningsmenn

Brukte propaganda

– Korleis kunne nazistane grunngi rasjonelt at jødane utgjorde eit trugsmål i Noreg, når dei var så få?

– Det var ikkje så lett å forklare dette for den norske befolkninga. Dei brukte ein del symboltunge saker, til dømes det gamle grunnlovsforbodet mot jødar som Quisling-regimet gjeninnførte, til å argumentere for at det var lang tradisjon for å forstå at jødane ikkje passa inn i Noreg, seier Bruland.

I propagandaen vart det også hevda at sjølv om jødane var få, betydde ikkje dette at påverknaden deira var liten.

– I ettertid høyrest dette heilt crazy ut, og det er det, men nazistane var overtydde om at det var slik, seier han.

Dødeleg effektivt

– Var forfølginga av jødane meir eller mindre brutal i Noreg samanlikna med andre land?

– Eg vil seie at når vi kjem til hausten 1942, var ho minst like brutal og effektiv som i andre land. Av dei registrerte jødane vart 53 prosent deporterte. Det er eit høgt tal, seier Bruland.

Forfattaren karakteriserer åtaket på dei norske jødane som dødeleg effektivt. Han understrekar at ikkje alle var registrerte, og at det også var ikkje-registrerte jødar som vart deporterte.

Lojalt politi

Jødiske menn vart tekne først, så tok nazistane kvinner og born.

– Jødane sjølve hadde veldig lita tid til å tenkje seg om. Det var mange tragiske ting som spelte inn og som gjorde at det gjekk som det gjekk, forklarer Bruland.

Han har også undersøkt kva rolle norsk politi spelte i pågriping av jødar.

– Min konklusjon er at det sikkert ikkje var alle politifolk som syntest det var morosamt å vere med på dette, men det fanst ingen prinsipiell motstand nedover i rekkene, seier Bruland.

LES: Jødenes egen fortelling om flukten

Saknar merksemd

Allereie då opptrappinga i kampen mot dei norske jødane tok til, prøvde dei ansvarlege å forskyve og tildekkje ansvaret for handlingane sine, særleg då ein for alvor sette i gong med arrestasjonane og deportasjonane hausten 1942.

– Det same skjedde etter krigen, då einskilde av dei måtte forklare seg om det dei hadde gjort, seier Bruland.

Han meiner jødespørsmålet har fått altfor lite merksemd i norsk historisk forsking om andre verdskrigen.

Powered by Labrador CMS