GATEEVANGELIST: Andy Nix mista skolejobben.
Christian Legal Centre
Hevdar han mista jobben fordi han evangeliserte på gata
Etter to år fekk engelsk skuleassistent økonomisk oppreisning.
Saka til Andy Nix (65) byrja for to år sidan. Då blei det oppdaga at skuleassistenten i Yorkshire dreiv med gateevangelisering på fritida.
Kort tid etterpå fekk han beskjed om å slutte i jobben på dagen.
Han gjekk til søksmål mot arbeidsgjevaren, og fleire medier melder at striden no har kome til ei avslutning. I staden for rettssak har Andy Nix fått ein kompensasjon på 7.000 pund, tilsvarande 93.000 norske kroner frå skulen der han var tilsett.