Hillsong slår tilbake mot skuldingar om kvitvasking
Likevel beklagar styret i den verdsomspennande kyrkja for mangelfull økonomisk styring.
Nyleg retta den uavhengige politikaren Andrew Wilkie ei rekke skuldingar mot Hillsong Church i det Australske parlamentet.
Han meinte dei braut ei rekke økonomiske lovar, og skulda dei mellom anna for «kvitvasking og skatteunndraging».
Han hadde nemleg fått tak i dokumentasjon for ti år med styreprotokollar og banktransaksjonar i den australske megakyrkja.
På kort tid sat kyrkjesamfunnet difor i gong ei uavhengig gransking av dei påståtte forholda.
No er den uavhengige rapporten klar.
Ingen bevis for ulovlege handlingar
Som Dagen nyleg meldte, dreidde kritikken seg mellom anna om at leiarane i megakyrkja skal ha levd ekstravagante liv på kyrkja si rekning.
Grunnleggaren Brian Houston, som det har storma mykje rundt dei siste åra, skal ha kjøpt luksusvarer og brukt «privatfly som Uber», ifølge den australske parlamentarikaren. Phil Dooley, som tok over for Houston etter han måtte gå, skal mellom anna ha kjøpt ei klokke til 17.000 NOK.
Ifølge svenske Dagen forhandla Hillsong fram ein avtale med Wilkie som retta skuldingane mot dei. Han skulle utelate dokumentasjon som omtala barn og ungdom dersom dei gjennomførte ei uavhengig intern gransking. Ettersom han la fram dokumentasjonen i parlamentet blei det nemleg mogleg å søke innsyn i den.
Difor engasjerte megakyrkja det uavhengige advokatfirmaet Prolegis for å gjennomgå påstandane om økonomsike lovbrot.
No har dei levert ein rapport der dei meiner at det ikkje finst grunnlag for å hevde at Hillsong har handla ulovleg.
Beklagar
På eit nyleg informasjonsmøte for kyrkjesamfunnet i den australske byen Sidney, beklagar likevel den nasjonale og globale styreleiaren i megakyrkja, Stephen Crouch.
– Dette har såra, forvirra og gjort mange av oss flaue.
– Som leiar av styret vil eg på det djupaste beklage, sa han.
Trass i at eit uavhengig advokatfirma ikkje har funne noko ulovleg, vedgår Crouch at det har vore mangelfulle økonomiske system i kyrkja.
– Særleg systema for transaksjonar med kredittkort har ikkje heldt mål, sa han.
I ei pressemelding seier Hillsong at dei har gjort store endringar i sine strukturar og prosedyrar for å sikre ei meir ansvarleg forvalting av pengar i framtida.