VIGSEL: Marianne Munz vil no vie likekjønna par.

Historisk: Den første frikyrkja i Norge opnar for at prestar kan vie likekjønna

Neste gong eit likekjønna par spør metodistpresten Marianne Munz om å få vie seg, vil ho no seie ja.

Publisert Sist oppdatert

Metodistkyrkja i Norge slo laurdag fast at prestar og diakonar med vigselrett sjølv avgjer kven dei vil vie.

Denne helga har det øvste nivået i trussamfunnet, Årskonferansen, vore samla i Larvik.

Der vart forslaget som låg på bordet avtalt ved konsensus.

Dermed kan trussamfunnet ha sett eit punktum etter ein årelang debatt.

Vil seie ja neste gong

Mariane Munz er metodistprest og blir ordinert kommande søndag.

Etter konsensusavtalen som blei fatta laurdag morgon i Larvik vil ho no seie ja neste eit likekjønna par spør om ho vil vie dei.

– Prestar har vigselrett, ein liturgi som er kjønnsnøytral og som følger norsk lov, så no er det opp til kvar enkelt prest sitt samvit om ein vil vie likekjønna, seier ho.

PREST: Marianne Munz blir søndag ordinert til metodistprest.

Samtidig understrekar Munz at ho ønsker at det skal vere rom for begge sider av debatten i Metodistkyrkja, og viser til ei utsegn frå heimkyrkja hennar, Centalkirken i Oslo, som understrekar at ein vil ha plass for både liberale og konservative metodistar.

Knut Refsdal er tilsynsprest i Metodistkyrkja i Norge og var ein nøkkelpersonane bak forslaget som låg til grunn for konsensusavtalen.

TILSYN: Knut Refsdal er tilsynsprest for Metodistkyrkja i Norge. Her under Metodistkyrkja sin årskonferanse 2023, i Larvik.

Han er fornøgd med at forslaget som låg på bordet, med små justeringar gjekk gjennom.

– Det skapar det rommet vi treng for alle i kyrkja, seier han.

Den første frikyrkja i landet

I 2017 vedtok Den norske kyrkja, som det første kyrkjesamfunnet her til lands, å opne for likekjønna vigslar. Det skjedde etter årevis med kyrkjepolitisk kamp mellom «den liberale» og «den konservative» sida.

I ettertid har det også i frikyrkjene vokse fram ein diskusjon om kva plass skeive har i kyrkja.

I 2021 kom pinseprofila og teologiprofessor Terje Hegertun ut med boka Det trufaste samliv. Der tilbaud ein teologisk argumentasjon for likekjønna vigslar, noko som skapte mykje debatt.

I Misjonskirken har likekjønna samliv lenge vore på dagsorden.

Lokalkyrkja deira i hovudstaden, Oslo Misjonskirke Betlehem, anbefalte i fjor å anerkjenne homofilt samliv, men bestemte seg kort tid etter for å sette saka på pause, etter eit møte med sentralt hald.

Og tidlegare denne månaden fekk Pinsebevegelsen i Norge sitt eige samlivsråd med tanke på tematikken.

Men aldri før har ei norsk frikyrkje opna for at homofile kan vie seg.

Før no.

Årevis med diskusjon

I fleire tiår har spørsmålet om likekjønna vigsel vore eit stridstema i Metodistkyrkja.

Etter trussamfunnet i 2019 oppretta eit utval som fekk i oppgåve å jobbe fram to syn på saka, har det likevel vorte jobba med å finne ei løysing på spørsmålet.

VEDTAK: Hilde Marie Øgreid Movafagh er ein av nøkkelpersonane bak forslaget som låg til grunn for vedtaket Metodistkyrkja i Norge no har fatta. Blide er frå Årskonferansens første dag.

Konsensusavtalen som no er fatta bygger på deira endelege forslag, som vart lagt fram for rundt to veker sidan, nærare fire år etter utvalet først vart oppretta.

Det Metodistkyrkja no har slått fast er kronglete formulert og juridisk komplisert (sjå faktaboks).

Dagen snakka med Hilde Marie Øgreid Movafagh i forkant av Årskonferansen, var ho likevel tydeleg på kva eit vedtak basert på forslaget til utvalet ville innebere.

– Det opnar i praksis for likekjønna vigslar, sa metodistpresten, som har vore sentral i arbeidet fram mot vedtaket.

Kronglete

I den historiske avtalen blir det nemleg slått fast at det er opp til den enkelte prest og diakon å avgjere kven dei sjølv vil vie, noko som betyr at ein kan bruke fridomen ein har til å vie likekjønna par.

Det endrar likevel formelt sett ikkje teologien til Metodistkyrkja i Norge.

Trussamfunnet er nemleg ein del av ei internasjonal kyrkje kalla United Methodist Church og er bunden den. Og dei er framleis konservative i det aktuelle spørsmålet.

Difor risikerer prestane som bruker fridomen vedtaket slår fast at dei har framleis konsekvensar dersom dei bruker den til å vie likekjønna par.

Movafagh sa likevel i forkant av Årskonferansen at ho håpte den risikoen prestane tar ved å vie er reint teoretisk.

– Den som vier gjer det i tiltru til biskopen og kollegaene sine, sa Movafagh.

I avtalen ser ein nemleg ut til å minimere sjansen for slike konsekvensar.

Fekk ikkje vie seg

Lasse Skage er lekdelegat til metodistane sitt «kyrkjemøte».

Han lever sjølv i eit homofilt ekteskap og delte opent under gårsdagens saksbehandling om at han ikkje har kunna vie seg i sitt eige kyrkjesamfunn.

METODIST: Lasse Skage er lekdelegat frå Moss.

Han er nøgd med konsensusavtalen som no er fatta, men meiner likevel ein ikkje er heilt i mål.

– Eg tenker at det er eit lite skritt framover, men vi er ikkje der vi skal vere heilt enda, seier han og siktar til at kyrkjesamfunnet formelt sett ikkje har endra teologi.

Han synest det særleg er problematisk at prestar tar ein personleg risiko ved å vie.

– Eg synest det er skummelt, for eg vil ikkje ha på mine skuldrer at ein prest mistar jobben fordi han har vigd meg, seier han.

– Seier noko om kvar Metodistkyrkja står

Jan Lillevik er lekdelegat frå Centralkirken i Bergen, som er kjent som ein tradisjonell kyrkjelyd.

– Eg tenker at konsensusavtalen seier noko om kvar Metodistkyrkja i Norge står i dag, seier han.

METODIST: Jan Lillevik er lekdelegat frå Centralkirken til Årskonferansen 2023.

Lillevik understrekar samtidig at kyrkjesamfunnet formelt sett ikkje har endrar samlivsteologi.

– Ein opnar for at den enkelte pastor og diakon kan gjere ei skjønnsvurdering på om dei vil vie likekjønna og handle på det, men det vil framleis vere i strid med UMC sine lovar og reglar, seier han.

Kyrkjer kan melde seg ut

I avtalen som no er fatta seier ein også at lokale metodistkyrkjer kan melde seg ut.

Det er etter alt å dømme mest relevant for konservative lokalkyrkjer.

Dagen har nemleg tidlegare vore i kontakt med alle metodistkyrkjene i landet for å spørje om dei vil melde seg ut dersom ein opnar for det.

Då kom det fram at i alle fall fire kyrkjelydar har drøfta alternativet.

Ein lang og kronglete veg mot opning av likekjønna vigsel

Då Metodistkyrkja i Norge i 2019 vedtok at dei ville jobbe fram to syn på spørsmålet om likekjønna vigsel, var optimismen stor mellom dei progressive.

Trussamfunnet er ein del av den internasjonale metodistiske organisasjonen United Methodist Church (UMC), som etter over 50 år med diskusjon såg ut til å finne ei løysing.

Under Generalkonferansen i 2020, det øvste organet i UMC, ville ein etter alt å dømme dele seg opp.

Dei liberale skulle få bli. Dei konservative måtte gå.

Så kom koronapandemien, og Generalkonferansen blei utsett.

Ein gong. To gongar. Tre gongar. Og no blir den avhalden først i 2024.

Det gjorde dei progressive metodistane her til lands utolmodige.

Så då dei i 2022 for første gang etter pandemien samla seg til sitt årlege «kyrkjemøte», Årskonferansen, var målet klart:

Å finne ei førebels løysing fram mot 2024. Fleire trur nemleg at UMC då vil vedta ein ny samlivsteologi.

Difor bad fjorårets Årskonferanse biskopen, Christian Alsted, om «å sette klagesaker mot prestar og diakonar som gjennomfører vigsel av likekjønna på vent (...) til kyrkjas prosess er fullført.»

Biskopen på si side blei verande taus rundt ønsket frå dei norske metodistane.

I byrjinga av 2023 såg det likevel ut til at det ville opne seg for ei anna løysing.

Det vart kalla inn til ein ekstraordinær Sentralkonferanse, eit styringsorgan i UMC som kunne gi dei norske metodistane mynde til å vedta ein ny vigselsliturgi, mens ein ventar på avgjersla i 2024.

Då det ekstraordinære møtet vart avhalde i mars, var forventingane store.

Det enda likevel med atter eit nederlag for den «liberale» sida:

Det var ikkje tilstrekkeleg fleirtal for å overlate vigselspørsmålet til Metodistkyrkja i Norge.

Sorga vart likevel raskt vendt til glede igjen.

Berre ti dagar etter Sentralkonferansen hadde talt, tok biskop Alsted endeleg stilling til Metodistkyrkja i Norge sitt ønske om å sette klagesaker på vent.

Han ville utsette klager mot dei som vier likekjønna par til etter UMC hadde talt i 2024.

Det avslører sakspapira til Årskonferansen denne helga.

Det betydde at prestar og diakonar kunne vie likekjønna par utan å risikere konsekvensar.

Liturgien dei trong var alt klar.

Men i mai blei det atter igjen sett kjeppar i hjula til dei «progressive».

«Høgsterett» i det internasjonale trussamfunnet, Juridisk råd, slo ned på den type biskoppelege utsettingar.

Dermed vart rommet for likekjønna vigslar igjen stengt.

Konsensusavtalen Metodistkyrkja i Norge fatta laurdag, opnar likevel dette romme igjen.

Korleis kan det ha seg?

Her må ein halde to tankar i hovudet samtidig.

På den eine sida har ein ikkje vedtatt noka ny teologi.

På den andre sida har ein slått fast at det er opp til den enkelte prest og diakon å avgjere kven dei vil vie.

Ein kan altså bruke denne fridomen til å vie likekjønna par, og vigselen vil vere godkjent av norske styresmakter.

Men dei som gjer det risikerer å få ei klagesak mot seg.

I så fall vil klagen bli levert til biskopen, Christian Alsted, som i yttarste konsekvens kan avsette presten.

I avtalen som no er fatta ser Metodistkyrkja i Norge ut til å minimere sjansen for at ein slik prosess vil finne stad.

Dei tar omsyn til at biskopen i prinsippet ikkje kan utsette klagesaker mot prestar og diakonar lengre, men trekker samtidig fram eit unntak frå regelen.

Slik utvalet tolkar reglane, kan nemleg biskopen sette klager som «rører ved sivilrettslege spørsmål» på vent til 2024.

Og ei klagesak, som altså kan ende med ei avskilting, kan ein argumentere for at rører ved nettopp sivilrettslege spørsmål.

Blir slike klagesaker utsett til 2024, då mange altså trur UMC vil opne for likekjønna vigslar, vil dei stå i eit heilt anna lys.

Skulle ein mot alt å dømme likevel komme til ein prosess mot ein prest i samanheng med ei slik klagesak, vil det ifølge Metodistkyrkja i Norge sin hovudstyreleiar, Martin Vestøl, vere han som må føre den.

Og under eit webinar om forslaget som den nyleg fatta konsensusavtalen bygger på, gav han tydeleg uttrykk for at han ikkje ønsker å føre ei slik rettssak.

Kort fortalt så opnar dermed konsensusavtalen Metodistkyrkja fatta laurdag for at metodistprestar kan vie likekjønna par, sjølv om dei tar ein personleg risiko ved å gjere det.

Powered by Labrador CMS