Historisk kyrkje får ikkje statleg støtte til 1000-årsjubileum
Departementet vil ikkje gje støtte til oppussing av Moster gamle kyrkje fordi ho er eigd av private aktørar.
I Soga om Olav Tryggvason, ført i pennen av Odd munk Snorreson, heiter det at det var på Moster kong Olav let byggja den fyrste kyrkja i landet.
Steinkyrkja som no står på staden, erstatta det som truleg først var ei stavkyrkje, ein gong tidleg på 1100-talet. Kort tid i førevegen (i år 1024) innførte Olav den heilage og biskop Grimkjell kristenretten på Mostratinget, noko som vart starten på både rettsstat og demokrati i Noreg.
Alt dette skal feirast i 2024. Den noverande eigaren av Moster gamle kyrkje, Fortidsminneforeningen, har difor søkt om støtte til oppussing av den historiske kyrkja.
Privateigde kyrkjer ikkje omfatta
I fjor sommar vedtok Stortinget at alle landets 159 steinkyrkjer frå mellomalderen skal ha «ordinært vedlikehaldsnivå innan 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad», og rundt 60 mill. kroner vart sett av til føremålet.
Men no melder NRK om at Barne- og familiedepartementet likevel ikkje legg opp til at alle desse kyrkjene skal omfattast. Det er nemleg «berre kyrkjer som er soknekyrkjer eller kapell, og som kommunen har eit økonomisk ansvar for, som blir omfatta.», skriv departementet i ein e-post datert 2. juni.
Biskop: – Ugrunna og vilkårleg
Biskop i Den norske kyrkja, Halvor Nordhaug, kallar avgjerda «formalistisk, ugrunna og vilkårleg».
– Det blir særleg beklageleg om dette sett ein stoppar for ei nødvendig rehabilitering av Moster gamle kyrkje. Ho vil vere eit midtpunkt under det viktige 1000-årsjubileet for Olav Den Heilage, seier biskopen.
I eit tilsvar til NRK påpeiker Barne- og familiedepartementet at dei har funne det naturleg å avgrensa støtteordninga til det som er «departementet sitt sektoransvar», altså offentleg eigde kyrkjer. For øvrig er det Klima- og miljødepartementet sitt ansvar å leggja fram nye strategiar for å bevara kyrkjene.