MOSTER GAMLE KYRKJE: Den historiske kyrkja avløyste ei trekyrkje som kong Olav Tryggvason let byggja i år 996. No ber den noverande eigaren om statleg støtte til oppussing.
Terje Skjerdal
Historisk kyrkje får ikkje statleg støtte til 1000-årsjubileum
Departementet vil ikkje gje støtte til oppussing av Moster gamle kyrkje fordi ho er eigd av private aktørar.
I Soga om Olav Tryggvason, ført i pennen av Odd munk Snorreson, heiter det at det var på Moster kong Olav let byggja den fyrste kyrkja i landet.
Steinkyrkja som no står på staden, erstatta det som truleg først var ei stavkyrkje, ein gong tidleg på 1100-talet. Kort tid i førevegen (i år 1024) innførte Olav den heilage og biskop Grimkjell kristenretten på Mostratinget, noko som vart starten på både rettsstat og demokrati i Noreg.
Alt dette skal feirast i 2024. Den noverande eigaren av Moster gamle kyrkje, Fortidsminneforeningen, har difor søkt om støtte til oppussing av den historiske kyrkja.