Ho vil leve motstrøms

Det er ikkje berre menn over 65 som er imot den nye vigselsliturgien. Berre spør Sofie Braut.

Publisert Sist oppdatert

*Denne artikkelen ble først publisert 23.12.2017.

--------------------

Ho møter Dagen i Time kyrkje på eit høgdedrag like ved Bryne, der ho var klokkar i åtte år.

– Eg føler meg privilegert som fekk formidle bibeltekstane søndag etter søndag, seier Braut.

Ho viser oss rundt i kyrkja og skrur på spotlysa i taket, som lyser mot altertavla.

Det var og bibeltekstane som var sentrale for henne når ho som nyvalt delegat til Kyrkjemøtet i 2016 argumenterte sterkt mot å innføre ny vigselsliturgi. No, nesten eitt år etter at Kyrkjemøtet i fjor valde å innføre den nye liturgien, møter Dagen Sofie Braut til ein samtale.

Motstand

– Var det verdt kampen når ditt syn ikkje gjekk gjennom?

– Det er alltid verdt å kjempe for det ein trur på og stå i det, svarar ho.

– Løfter vi blikket, er vi ikkje førespegla at vi skal segle i medvind. Det eg les i Det nye testamente er at motstand er ein del av det å leve motstrøms. Kanskje treng vi å lære å tåle litt motstand, sidan vi kristne har hatt det så komfortabelt i Noreg.

Aktiv i debatten

Bibelen ligg på bordet framfor henne. Den følgde og med henne opp på talarstolen på Kyrkjemøtet. Som fersk delegat var ho aktiv i debatten og heldt fram eit sterkt ankepunkt mot ny vigselsliturgi: Det var vanskeleg å forankre den i Bibelen.

– Eg kjenner meg forplikta på eit heilskapleg bibelsyn og på å stå frimodig fram med det i eit land der det er fritt til å meine. Eg tenkjer at Gud er god, og eit nei til noko er eit ja til noko anna. I det store mediebiletet i dag blir dei perspektiva eg løftar fram, ofte litt fortrengt. Folk trur at det berre finst nokre få menn på 65+ som tenker langs desse linjene, og enkelte har blitt overraska over at eg som kvinne på 40 står fram med dei meiningane eg har, seier ho.

Ho opplevde eit nokså hardt debattklima på Kyrkjemøtet og merka at kjensler fort blei trigga.

– Det blei eit premiss at ein skulle «halde seg til saka» og ikkje argumentere ut frå Bibelen. Så brukte ein uttrykk som «no må vi kome vidare» og «vi lever trass alt i 2017». For meg har dette ingen retorisk verdi. Og eg ser no at det er vanskeleg for dei lokale kyrkjelydane med to syn som skal eksistere side ved side. Det er krevjande for mange på grasrota. Difor har eg og engasjert meg i Frimodig kirke for å vere med og støtte og bekrefte dei som vil bli verande.

Blir verande i kyrkja

– Har du sjølv vurdert å melde deg ut?

– Fleire gonger. Men no har eg sagt ja til fire år i bispedømmerådet og engasjerer meg i Frimodig kirke for å ivareta dei som vil bli verande.

Sofie Braut, som ikkje er i familie med Stavanger-biskopen med same etternamn, vaks opp i Suldal i ein trygg familie som var engasjert i kyrkje og bedehus. Etter bibelskule og eit år som studentmisjonær starta ho å studere i Bergen, og opplevde at ho gjekk på ein smell. Kunne ho ivareta den intellektuelle sida av seg sjølv og samstundes vere ein truande?

– Eg brukte mykje tid på pendlinga mellom dei to sidene i meg sjølv, mellom truslivet og studiane. Eg lurte på om eg måtte gi opp det eine til fordel for det andre, seier ho.

– Men eg oppdaga til slutt at eg kunne halde trua og tanken saman, og det kviler eg godt i no.

Huskyrkje

I dag hentar Braut kraft i dei stille stundene om morgonen medan resten av familien søv. Ho får og mykje i huskyrkja ho er med i.

– Håvard og eg starta huskyrkja lokalt der vi bur i lag med eit venepar for kring to år sidan, og i dag er vi ni vaksne som samlast i heimane kvar tysdag. Huskyrkja er lausleg knytt til Bedehuskyrkja der veneparet vårt våre er aktive, men vi som er med har ulik tilhøyring. I huskyrkja støttar vi kvarandre i kvardagslivet som kristne og deler livet og trua på ærleg vis. Så syng vi lovsongar, ber, ler, les Bibelen og deler eit godt kveldsmåltid. Det er inspirerande å vere med, og eg kjenner at eg kan vere meg sjølv.

– Har du eit åndeleg forbilde?

– Eg er veldig fascinert av Einar Lundby. Han var ein kjend forkynnar, sjelesørgjar og lege i det førre hundreåret. Lundby levde med Gud, gjekk i tru og var overgitt til han med dei tilskundingane han fekk. Vi skil altfor ofte mellom det åndelege og det kvardagslege, men det trur eg vi fort blir slitne av. Vi treng å la lyset skine i alle sider av livet og få ei integrert tru som held i alle livssituasjonar.

Kall

I 2015 opplevde Braut at to kyrkjelydar oppmoda henne om å stille til val for bispedømmerådet i Stavanger og Kyrkjemøtet.

– Opplever du at dette var som eit kall?

– Kall er kanskje eit stort ord å bruke, men i min livssituasjon med tre born i alderen 14, 12 og 9 år er ikkje dette noko som eg utan vidare ville bli trekt mot. Men eg kjente at dette var noko som eg skulle inn i, og det blei gjerne som eit kall.

Når eg spør om forholdet hennar til Jesus, er det nettopp kallet til etterfølging ho startar med.

– Jesus er den som går framfor meg, den som eg får følgje etter. Og eg finn meg sjølv i spennet mellom Johannes kapittel 21, der Jesus møter disiplane sine på stranda og tar dei i vare på grunnleggjande vis og Joh 4 der Jesus avslører kvinna ved brønnen. Vi menneske har så lett for å gøyme oss, og vi treng ein som både ser oss og møter oss, og som samstundes kikkar oss i korta. Det er utruleg håpefullt å ha ein i livet som held alt i hop.

Juleminne

Braut fortel om gode minne frå barndommens jul, ei jul som var fylt av tradisjonar, familietid og tryggleik.

– Som vaksen og mor til tre er dette noko eg søkjer tilbake til. Alt var som det skulle vere. Julebodskapen, mor som tok fram krybba, pinnekjøtet og småkakene. Og ikkje minst musikken, som er ein viktig del av meg.

– Kva er det mest sentrale i julebodskapen for deg?

– «Kristus er mellom dykk, håpet om herlegdomen!» Det er den store forteljinga om at Gud bøyer seg ned og kjem til oss. At han forkler seg i vår elendighet og blir som ein av oss. Det er eit under. Men og det at vi får ta imot. Eg ser for meg biletet av den unge jenta Maria som møter Guds engel og seier «Eg er Herrens tenarinne» og opnar seg for det. Vi som kristne kan knytte håpet vårt til det, opne oss for det og ta imot det igjen og igjen.

Powered by Labrador CMS