Høgdepunkt frå salmemaraton
Var du ein av dei som gjekk glipp av sjåarsuksessen «Salmeboka minutt for minutt»? Dei neste tre sundagane viser NRK høgdepunkt frå salmemaratonet i programmet Salmer i advent.
Programmet går på NRK1 klokka 18.00. I ein halv time får ein sjå utdrag frå det seksti timar lange programmet.
Mannskoret Nøkken og Singsaker Songlag synger «Ja, vi elsker» i Vår frue kirke i Trondheim (med tillatelse fra NRK):
Annonse
Famna breidt
NRK opplyser at heile 2,2 millionar sjåarar «var innom» Salmeboka minutt for minutt frå lunsjtider fredag til sundag kveld.
Mange involverte
Prosjektleiar Petter Ingholm Gustavsen i NRK Trøndelag, fortel at mange bidrog til det ambisiøse sakteTV-programmet.
NRK Fjernsynet har fått så godt som berre ros etter sendinga.
Bibelen neste?
Generalsekretær i Bibelselskapet, Ingeborg Mongstad-Kvammen, har allereie vore i møte med sakte-TV-ansvarleg Thomas Hellum i NRK for å høyre om konseptet er aktuelt for rikskringkastaren.
Han er open for ideen.