Horne lovar å prioritere familiane
Mindre enn to veker etter ho vart statsråd, vitja Solveig Horne Kirkens Familievern. - Løfter vi familievernet, vil vi sjå resultat på andre felt, seier ho.
I ei rekkje år har førebyggjande familievern kjent seg stemoderleg handsama av den raudgrøne regjeringa. Som ein avskilshelsing frå SV-statsråden Inga Marte Thorkildsen vart løyvingane til samlivstiltak stroken i forslaget til statsbudsjett frå neste år. Det har vore stor spenning knytt til kva nye signal som kjem frå den blå regjeringa.
I går valde den nye barne- likestillings- og inkluderingsministeren frå Frp å vitje Familievernkontoret i Sør-Rogaland, som er ein del av Stiftelsen Kirkens Familievern.
Der fekk Horne presentert arbeidet deira og nybrottsarbeid, mellom anna gjennom tett samarbeid med kommunane.
I Gjesdal er familievernkontoret til stades ein dag i veka med terapi, kurs og rettleiing. Den såkalla «Gjesdalmodellen» ynskjer familievernet å bruke til å få eit tett samarbeid med andre kommunar.
Horne fekk også presentert eit ynskje om å satse på foreldra til barnevernsbarn. Når barnevernet har overteke ansvaret for borna, ynskjer familievernet å få foreldra henvist til seg. Der skal dei få hjelp til å takle tapet og skamma, men også rettleiinga til å vere foreldre på ein ny måte, fordi mange av borna vender tilbake til dei biologiske foreldra.
Ber om 150 millionar
Forventningane til barneministeren frå Rogaland var høge.
- Ho seier at ho ynskjer å satse på familievern og at vi blir rekna med. Slik les eg henne, seier Jon Aarsland, leiar ved Familievernkontoret i Sør-Rogaland.
- Ho er tydeleg på at ho ynskjer å satse på ideelle aktørar og gje dei kår slik at dei også kan eksistere, seier Benita Christensen, direktør i Stiftelsen Kirkens Familievern.
Aarsland og Christensen meiner det er realistisk at Horne raskt får på plass att samlivspengane som er fjerna frå budsjettet, men håper også på meir.
Vil styrkje
Etter vitjinga hos Kirkens Familievern er Horne tydeleg på at dette er eit fagfelt regjeringa vil prioritere.
- Løfter vi familievernet, vil vi sjå resultat på andre felt, seier ho og viser til barnevern og psykiatri.
- Den raudgrøne regjeringa kutta posten til samlivstiltak. Vil pengane kome tilbake?
- Eg kjem tilbake til korleis det endelege budsjettet ser ut, men det er klart at det er ei av mine hovudoppgåver å styrke det førebyggjande familievernet. Det er viktig for regjeringa og ikkje minst for Venstre og KrF, seier Horne.
- Kan du love noko til familievernet?
- I dag lovar eg ingen verdens ting. Den nye regjeringa skal setje sitt preg på det budsjettet som ligg der.
Små summar
Under vitjinga i heimfylket viste Horne gjentekne gonger til samarbeidsavtalen med Venstre og KrF. Før valet uttalte KrF at eit styrka familievern var ei av dei viktigaste sakene viss dei kom i regjering.
- Det er ei viktig sak for Frp også, og det har vi vist i budsjettinnstillingane frå komitéen i Stortinget dei siste åra. Der har alle dei tre borgarlege partia i komiteen løfta familievernet. Det er ikkje snakk om mykje pengar, men fokuset vert flytta til førebygging.
Horne understrekar at Frps politikk i opposisjon vil vere gjenkjenneleg no når dei har kome i regjering.
- Vi har snakka mykje om førebyggjande arbeid og at familiar må få hjelp før det kjem så langt at dei mistar borna sine. Det er viktig å prioritere førebygging i heimen. Det har vore Frps hovudmantra på feltet så lenge eg har vore i politikken, seier Horne, som har site på Stortinget i åtte år.
DAGEN