BEKYMRA: Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).

Huitfeldt «svært bekymra» over Israels terrorstempling

SV ber regjeringa ta grep etter at Israel plasserte seks menneskerettsorganisasjonar på terrorliste. Regjeringa ønsker dialog med Israel.

Publisert Sist oppdatert

Verdssamfunnet har reagert etter at israelske styresmakter valde å terrorliste seks palestinske menneskerettsorganisasjonar førre veke.

Den israelske forsvarsministeren, Benny Gantz, har skulda organisasjonane for å stå bak terroraksjonar heilt tilbake til 1960-talet, ifølgje BBC.

KLAR BESKJED: Benny Gantz er forsvarsminister i Israel.

I tillegg skal organisasjonane, som alle har fått økonomisk støtte frå utlandet, ha finansiert den venstreradikale terrororganisasjonen PFLP.

I praksis gjer det organisasjonane sin aktivitet ulovleg innanfor Israels grenser.

Desse organisasjonene er terrorlista:

al-Haq

Addameer

Defence for Children International – Palestine

Bisan Center for Research and Development

Union of Agricultural Work Committees

Union of Palestinian Women's Committees

«Norge blei ikkje varsla»

Reaksjonane har mellom anna kome frå FN sin høgkommissær for menneskerettar som kalla vedtaket eit «frontalangrep på den palestinske menneskerettsrørsla».

Nå har også utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) uttalt seg om saka.

«Vi er svært bekymra over at Israel nå har terrorlista seks palestinske sivilsamfunnsorganisasjonar. Vi blei ikkje varsla om denne avgjerda på førehand», skriv Huitfeldt i eit svar til SV i Stortinget.

KRITISK: Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).

– Kviler på Israel å legge fram bevis

Statsråden seier vidare at utanriksdepartementet er i dialog med både israelske styresmakter og FN om saka.

«Det kviler på dei å dokumentere skuldingane. Om det ikkje kjem fram tilstrekkeleg dokumentasjon som underbyggjer skuldingane, vil vi be om at avgjerda blir omgjort», varslar Huitfeldt.

I svaret stadfestar ho at tre av organisasjonane mottar støtte frå Utanriksdepartementet, og at gjennomgangar av organisasjonane ikkje har avdekt indikasjonar på deltaking i terror.

SV ber regjeringa auke støtta

Stortingsrepresentant Sara Bell (SV) meiner det er «absurd» at dei palestinske menneskerettsforkjemparane blir stempla som terroristar.

Ho er glad for at Huitfeldt tar situasjonen på alvor, men hadde ønskt at ho gjekk like langt i kritikken som FN.

– Vi hadde sett at utanriksministeren gjekk ut med ei klar og tydeleg støtte frå norske styresmakter til arbeidet desse organisasjonane gjer. Ho kunne til dømes ha varsla at vi vil styrke støtta for å markere avstand til det den israelske forsvarsministeren nå har gjort, seier Bell.

REAGERER: Sara Bell er stortingsrepresentant for SV.

– Kvifor kan vi ikkje stole på Israel når dei seier at dei har bevis?

– Vi må kunne forvente av den israelske staten det vi må kunne forvente av alle rettsstatar, nemleg at ein grunngjev med fakta når ein aksjonerer med eit så alvorleg lovverk, seier Bell og legg til:

– Det israelske styresmakter har gjort, er å kriminalisere det som er den mest velfungerande delen av det palestinske sivilsamfunnet.

Meiner regjeringa bør kutte støtte

Avgjerda frå derimot ros frå norske israelsvener.

Dagleg leiar i Med Israel for fred (MIFF), Conrad Myrland, seier at dei har hatt møter med Utanriksdepartementet om desse organisasjonane.

– Vi har åtvara mot desse organisasjonane i ei årrekke, nettopp på grunn av samarbeidet med PFLP. Det er ein organisasjon som også EU og USA har på sine terrorlister, seier Myrland.

ROSER ISRAEL: Conrad Myrland er dagleg leder i Med Israel for fred (MIFF).

Han håper regjeringa nå stansar støtta til organisasjonane.

– Israelske styresmakter får kritikk for å ikkje legge fram bevis for skuldingane. Har du sett bevis?

– Israelske styresmakter seier at dei vil dele informasjonen med andre etterretningstenester i venlegsinna land, men dei vil ikkje gå ut med grunngjevinga offentleg, forklarer Myrland.

Han viser mellom anna til at det pro-israelske og politisk høgreorienterte analyseselskapet NGO Monitor har levert fleire rapportar som knyter organisasjonane til den venstreradikale terrororganisasjonen.

Her kan du lese fleire av våre saker om Israel.

Powered by Labrador CMS