VIGSLING: Når Olav Fykse Tveit blir vigsla til biskop og preses i morgon, får 50 menneske vera til stades i Nidarosdomen. – Det er litt færre folk enn vanleg på ein slik dag, men eg får kyrkja si forbønn for tenesta, seier han.

I oldefars fotspor

Når Olav Fykse Tveit blir vigsla til biskop og preses søndag, veit han kvar trua hans har sine røter.

Publisert Sist oppdatert

– Det er sunt å skifta propellvatn, innleier Olav Fykse Tveit (59) og ler.

Han er komen heim frå Genève i Sveits der han har vore leiar av Kyrkjenes Verdsråd dei siste ti åra. I januar røysta eit samla Kyrkjeråd for at nettopp han, prestesonen med oppvekst på Vestlandet, skulle leia kyrkja i tida framover.

Saman med kona, Anna, har han installert seg på Ås i Viken fylke.

– Det er fleire ting som skal skiftast på: hus, miljø og fokus. Men eg er snart klar til søndagen, seier han på telefon frå sitt heimekontor.

– Vi høyrer til

I 1961 blei Tveit døypt på Bømlo. I 1988 blei han ordinert til prest. Han ser ein samanheng mellom dei to dagane og vigslinga søndag.

– Det er fordi eg er døypt og ordinert til prest at eg blir beden om å bli biskop. Det er mykje meir enn formalitetar.

Tveit er glad for evangelieteksten han skal tala i frå søndag, henta frå Johannes 15, der Jesus omtalar seg som det sanne vintreet.

– Målet er at vi skal bera frukt. Det er litt krevjande, for det vert forventa at noko godt skal koma ut av livet vårt for andre. Men i Jesu bilde er det lagt vekt på at vi høyrer til i ein samanheng. Det er ikkje berre meg. Jesus seier: Skilde frå meg kan de ingen ting gjera, seier biskopen in spe.

Han fortel at i ein av morgondagens salmar heiter det: «Du til di grein meg sette, alt i min fyrste vår. Du vil og vokster gjeva, alt til min siste slutt».

– Det er eit stort kall å vera menneske. Samtidig er vi skapt av Gud, frelst i Kristus og sett inn i eit fellesskap der dette kan utfalda seg. Jesus seier i teksten at vi må ta vare på hans ord, bli verande i hans kjærleik og uttrykkja vårt håp gjennom bøna. Då er vi i sentrum av kva det er å vera kristent menneske og biskop.

Det blir ein liten pause, så ler han:

– Dette er kortversjonen av preika.

Imponert

Det er to ting den komande kyrkjeleiaren er ekstra spent på:

– Eg har ikkje vore biskop før, og eg tenkjer på korleis eg kan bety noko konstruktivt for dei få kyrkjelydane i prostiet som eg skal ha ansvar for. Det andre er at eg har vore utanfor Noreg. Eg har følgt med på kva som har skjedd her, men eg tenkjer mykje på korleis eg skal kommunisera i Den norske kyrkje og i samfunnet.

Han er imponert over kyrkja sin innsats under koronaepidemien, og seier at det er gjort mykje for at ho framleis skal fylla sine oppgåver med alle avgrensingane som blei lagt på henne.

– Kyrkja har gjort det med vørdnad i dåp, bryllaup og gravferder. Mange har fått med seg gudstenester, andakter, musikk og kulturinnslag, og vi ser at bønn, stille og refleksjon er blitt viktigare. Folk har fått hjelp gjennom det som er blitt sendt og streama.

Ei folkekyrkje

Den gode koronainnsatsen til tross. Pilane i Den norske kyrkja har peikt nedover i mange år. Den påtroppande kyrkjeleiaren vil ikkje presentera ein slagplan for å snu trenden. Han understrekar likevel at Den norske kyrkja har eit stort nedslagsfelt i befolkninga samanlikna med andre land.

– Det er framleis reelt å snakka om ei folkekyrkje.

Tveit viser til den nye trus - og livssynslova og seier at politikarane i stor grad er samde om å gi religion og livssyn gode vilkår.

– At det er så sterke signal frå lovgivarar og styresmaktar, er nesten unikt i verda, seier han.

Han legg til:

– Det er lett for at ein set fokus på det som er negativt, men det er mykje som er bra. Eg trur at det er ei tid for ettertanke, der vi spør oss sjølve om kva vi har i kyrkja som vi skal ta godt vare på.

Oldefar og emissær

– Kva for ei tru har kyrkja sin nye biskop og preses?

For å svara på det, viser Olav Fykse Tveit til sin oldefar og namnebror. Bonden og emissæren vart kalla «Hardangerbiskopen» på folkemunne, og Tveit fann ei preike etter han i eit jubileumstidsskrift for nokre år sidan.

– Då eg las talen, forstod eg kvar trua mi har sine røter, seier han.

I oldefarens tale, som tok utgangspunkt i Filipparane 4, 6-8, skilde oldefaren mellom å ha «sut» for, og «omsut» for noko.

– Han skildra ei vanskeleg tid der mange reiste til Amerika, men sa det ikkje hjelpte nokon å verte tynga ned av suter. Dei skulle vi leggja hos Gud, og heller ta ansvar for det vi har omsut for, gjengir Tveit.

Han set pris på at oldefaren var opptatt av Indremisjonen og høyrde til i den lokale kyrkja med sitt arbeid, utan å melda seg ut av kyrkja.

Kona blir med

Olav Fykse Tveit innrømmer at han vil sakna familie og vener på vigslingsgudstenesta søndag. Han hadde sett føre seg ei stor fellesmarkering med deltakarar frå Den norske kyrkja, andre kyrkjer i Noreg og kyrkjelydar i utlandet. No blir det 50 deltakarar totalt, koret og kona medrekna.

– Det blir ikkje vanskeleg å halda avstand, seier han, og ler med tanke på den vesle forsamlinga i det store kyrkjerommet i Nidarosdomen.

Han har innfunne seg med situasjonen og er glad gudstenesta vert sendt på NRK.

– No går vi inn i det på dei premissane som er, seier han.

Powered by Labrador CMS