Ida overtek stafettpinnen etter Emil
Med Ida Lindtveit som ny KrFU-leiar vert gutedominansen blant ungdomspartileiarane utfordra.
Lørdag blir Ida Lindtveit frå Oppegård i Akershus etter alle solemerke vald til ny leiar av KrFUs landsmøte.
Ho overtek stafettpinnen etter ein vemodig Emil André Erstad, som etter to år i det tidkrevjande leiarvervet ser seg nøydd til å prioritere den vesle sonen sin.
– Det er med blanda kjensler eg gir meg som KrFU-leiar. Eg skulle gjerne haldt fram og vore med i statsbudsjett og diskusjon om samarbeid, men no må eg prioritere litt annleis, seier Erstad.
19. oktober går han til sentrum/venstre-tankesmia Agenda for å jobbe med internasjonale spørsmål.
Les også: KrFU krever menneskehandel inn i skolebøkene
Kvinnedominans
I september vart Ida Lindtveit vald inn i Oppegård kommunestyre. Ho har bachelor i europastudier og har til no jobba som politisk rådgjevar for KrF.
I KrFU bryt ho no mannsdominansen som har vore i leiarstolen i ungdomspartia med moderparti på Stortinget.
Det er også innstilt jenter på heile seks av åtte plasser, inkludert vara, i sentralstyret som er på val. Det heilt utan nokon form for kvotering.
– Vi jobbar aktivt med å rekruttere og skolere både gutar og jenter til å bli trygge på seg sjølve og ta leiaroppgåver, seier Lindtveit.
KrFU hadde også ein kvinneleg leiar før Erstad, Elisabeth Løland. Erstad vidareførte hennar linje om å gjere partiet breiare, og fridde til muslimar og jødar.
No kan han skryte på seg at den første muslimen har teke plass i Oslo KrFUs fylkesstyre, men er ikkje heilt nøgd med partiets innsats med å inkludere nye landsmenn.
Erstad er mest stolt av at KrFU har flytta KrF i «riktig retning» på flyktning- og asylpolitikk.
LES OGSÅ: KrFU kjempet gjennom vedtak om 10.000 flyktninger på KrFs landsmøte
Homofile ekteskap
Den avtroppande leiaren tapte slaget om å gå inn for homofile ekteskap med éi stemme på landsmøtet i fjor. Lindtveit vil kjempe kampen vidare, men seier det er opp til organisasjonen om homofileekteskap blir vedteke.
– Det er viktig at KrFU til ei kvar tid kan diskutere vanskelege spørsmål, som denne saka, seier ho.
Noko anna arvtakaren vil vidareføre er eit sterkt sentrumssamarbeid og gode relasjonar til dei andre sentrumspartia. Ho trur KrF på sikt kan nå tilbake til høgdepunktet i 1997 når det gjeld oppslutning på over 13 prosent, men meiner det er for tidleg å dra inspirasjon av KrFs samarbeid med Arbeidarpartiet og Venstre i Bergen kommune.
– No er det viktig å sjå på kva politisk prosjekt KrF har som vi kan tilby våre veljarar. Så kan andre kome til KrF, og vise interesse i praktisk politikk.
LES OGSÅ: KrFU fortsetter kampen mot homofeilt ekteskap
Hjelpe fattige
– Kva KrFU får vi med deg som leiar?
– Eg kjem med to viktige bidrag: å jobbe vidare for at organisasjonen skal vekse, og politisk halde fram med å vere ein relevant aktør som legg premissane for viktige debattar, seier ho.
Mest av alt brenn den komande leiaren for å hjelpe fattige i Noreg og ute i verda, flyktningar og stogge klimakrisa. Ho er også oppteken av å banke inn den kristendemokratiske ideologien som partiets fundament, og løyse det ho kallar «generasjonskonflikten».
– Vi har ei utfordring med korleis vi skal finansiere velferda i framtida. Det er viktig å ta store, viktige grep som kan være upopulære i dag.