Ikkje berre kristne som er under lupa i Finland, ifølgje advokat
Den kristne advokaten Ville Hoikkala har vore involvert i fleire saker om ytringsfridom og har også engasjert seg i debatten rundt politikar Päivi Räsänen, som vart etterforska for å sitere frå Bibelen.
– Er det mogeleg å samanlikne saka med noko du har sett tidlegare i Finland?
– Ja. Finland fikk ein ny riksadvokat i 2018, Raija Toiviainen, i 2018. Eit av siktemåla hennar er å klargjere lovgivinga om oppmoding til kriminelle handlingar og andre brotsverk som dreiar seg om grensene for ytrinsgfridomen. Fleire personar har vore etterforska. Dei representerer forskjellige ideologiar, inkludert nasjonalisme, islam og marxisme, og har skrive eller sagt noko som verkar til å oppmodar til kriminalitet eller er nedsetjande om grupper av menneske. Raija Toiviainen er meir aktiv på dette feltet enn tidlegare riksadvokatar har vore, svarer advokat Ville Hoikkala Dagen i ein epost.
– Er lova annleis i Finland enn i andre europeiske land? Eller trur du dette kan skje andre stader?
– EU har ikkje direkte lovgiving om dette i straffelova. Innanfor rammeverket til Europarådet finst det ein konvensjon om cyberkriminalitet frå 2003. Denne inkluderer ein tilleggsprotokoll om kriminalisering av handlingar som er rasistiske og framandfiendtlege og vert utførte gjennom datasystem. På dette punktet har alle medlemslanda i Europarådet – inkludert land utanfor EU som Noreg, Island, Russland, Ukraina og så vidare – vorte samde om å kriminalisere hatefylle ytringar på nettet.
– Trur du lovgivinga kan vere i strid med internasjonale menneskerettar?
– Ja. Det er ein fundamental konflikt mellom ytringsfridomen og paragrafane som oppmodar til hat mot ei gruppe. Slike paragrafar vart laga for første gong i 1871 i straffelova i Det tyske imperiet, og siktemålet var i utgangspunktet å hindre marxistisk agitasjon om klassekamp på denne tida og rørsla i imperiet som kjempa for polsk sjølvstende. Dette betyr at desse paragrafane ikkje er venstrevridde, liberale eller opphavleg anti-kristne, men mykje eldre.
– Trur du det vert ei rettssak mot Räsänen?
– Det er eit veldig interessant spørsmål. Saka er på det tidlegaste mogelege stadiet i kriminalprosessen. Ifølgje den finske lovgivinga for etterforsking har ikkje politiet lov til å stoppe etterforskinga utan løyve frå påtalemakta. I Päivi Räsänens tilfelle ønskte politiet i utgangspunktet ikkje å avhøyre henne i det heile teke og meinte at handlingane som er omtalte i kriminalrapporten, ikkje er brotsverk. Men riksadvokaten sende saka tilbake til politiet med ordre om at Päivi Räsänen skulle verte avhøyrd. Etter dette er det mogeleg at 1) Påtalemakta evaluerer saka og seier seg samd i at det ikkje er noko straffbart forhold eller 2) Påtalemakta tek ut tiltale, og at domstolen enten kjem til at Päivi Räsänen er skuldig i noko eller at ho ikkje er skuldig i noko. Det er for tidleg å seie.
– Korleis har mediedekkinga og den offentlege debatten vore?
– Eg synest dekkinga i sekulære media har vore balansert, og eg er positivt overraska av kvaliteten på debatten. Det er viktig å forstå at politiet og påtalemakta ikkje har lov til offentleg å gå i detaljar om saka på dette tidspunktet. Det er typisk i meir komplekse kriminalsaker at politiet stiller alle slags spørsmål i avhøyra. Det er forskjellige teoriar, og mistankane kjem og går. Når avhøyra er klare, vil påtalemakta analysere svara og så ta avgjerda om det vert teke ut tiltale eller ikkje. Det betyr at det framleis er ope kva innhaldet i skuldingane eller mistankane mot Päivi Räsänen er. Av denne grunnen har debatten til dels vore skuggeboksing, og nokre kommentatorar på begge sider har konkludert for tidleg.