FOTOVEGG: Det var fest og god stemning på KrFs landskonferanse i februar. Utpå kvelden vart fotoveggen ivrig brukt, og her er det stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold som stiller opp til fotografering med unge partivener. I dag går KrF-arar inn på det same hotellet, men ikkje lenger som eitt lag.

Ikkje lenger eitt lag

I januar var det fest og gule selfies for KrF. I dag har partiet delt seg i to lag som ser verda heilt ulikt. Og målet til begge laga er å kjempe det andre ned.

Publisert Sist oppdatert
Astrid Dalehaug Norheim, nyhetredaktør, Dagen

På landskonferansen på det nye konferansehotellet i januar var det fest, morosame selfies - og seminar om lagbygging. Ute var det iskaldt, inne var det gode stemning, men eit alvor låg over dei tillitsvalde frå heile landet som hadde teke turen til Gardermoen.

«Tida framover vil krevje modige val», sa partileiar Knut Arild Hareide i talen sin. «Det vil krevje tydeleg leiarskap. Eg skal gjere mitt beste som kaptein på båten. Men jobben må me stå saman om å gjere.»

Stipendiat Vegard Holm frå Menighetsfaktultetet snakka til ein fullsett KrF-sal om korleis KrF skulle byggje eit lag. «Lagbygging er eit fellesskapsprosjekt. Lagbygging handlar om å byggje ein kultur. Kulturar vert utvikla ved at ein utviklar ein felles måte å sjå på, snakke på, tenkje på, reagere og handle på».

Dei siste vekene har KrF effektivt delt seg i to lag og to ulike måtar å sjå på, snakke på, reagere og handle på. I tillegg er det eit tredje gult lag, som også er malt lyseblåe og lyseraude. Det er skilnader innad i laga, men nokre trekk går igjen.

Den raude laget ser på partileiar Knut Arild Hareide som ein statsmannaktig leiar og staka ut kurset for partiet - ut av ein håplaus skvis mellom to blokker og i praksis i høgresida sin klamme famn.

Dei fryktar Frp. Dei viser til tal som syner at KrF-arar helst vil regjere med venstresida, at dei har minst til felles med Frp og at det er eit stort potensial av nye veljarar på venstresida.

At 2600 nye medlemer har meldt seg inn i partiet etter Hareides landsmøtetale, vert sett utelukkande på som eit glimt inn i den framtida som ventar dersom ein samarbeider til venstresida. Ein reknar med at desse nye medlemene kan vere ei fornying av partiet som vil vere bærekraftig over tid.

Det blå laget ser på den same partileiaren som ein som utan forvarsel og utan å ha teke ein prosess med nestleiarane og resten av leiinga forsøker å ta partiet i ei ny og uprøvd retning. Dei fryktar SV.

Dei viser til tal som syner at KrF-arar helst vil samarbeide med Frp, at SV kjem til å få ei vetomakt over ei regjering på venstresida og at potensialet av nye veljarar er høgst usikkert.

At 2600 nye medlemer har meldt seg inn i partiet etter Hareides tale, vert sett på som ei blanding av fleire faktorar og at ein ikkje heilt veit kva motiv dei har eller kor mykje ein kan vente seg at dei vil bidra framover. Derimot frykter ein at mange av dei erfarne lokalpolitikarane og talenta vil bli demotiverte og forsvinne ut.

Sjølv om Hareide ikkje offisielt har stadfesta at han kjem til å gå av viss han lir nederlag, argumenterer begge laga med at det er ein realitet.

For mange av dei raude er det ein katastrofe at ein mister ein leiar med statsrådserfaring som viser sterk leiarskap og som har potensiale til å leie partiet inn i ein ny æra. Det vert stilt spørsmål ved om nestleiar Kjell Ingolf Ropstad, som blir rekna som den mest aktuelle kandidaten til å overta, er for ung og uerfaren.

Det blir peika på at han ikkje har erfaring frå regjering og at arbeidet med å samle eit splitta parti ikkje er mogeleg å bere for han. KrF blir spådd ei framtid som eit marginalisert, kristenkonservativt parti med ei viss oppslutning på Sørlandet og Vestlandet som kan skaffe dei to-tre stortingsrepresentantar.

For mange av dei blåe er det ingen katastrofe at dei mister Hareide etter det som har skjedd dei siste vekene. Vel er han ein fin kar, men den brå venstresvingen har gjort at dei har mista tillit til at han kan leie partiet vidare. Ropstad blir derimot snakka opp som ein erfaren politikar, godt likt og med evner til å samle partiet.

Abortutspelet hans som fekk positivt svar hos statsministar Erna Solberg blir sett på som eit døme på at han kan oppnå resultat som er viktige for KrF i eit regjeringssamarbeid. KrF blir spådd ei sentral rolle i regjeringa, slik at ein kan få faktiske gjennomslag for viktige KrF-saker.

Bak argumenta om saker og framtidsvyer har det utvikla seg ein mistillit mellom laga. Ein reknar ikkje med at det andre laget speler reint. For mykje står på spel, og difor kan ein ikkje vere naiv, er tonen i begge lag.

At Rogaland KrF sender nesten berre blåe delegatar til landsmøtet har blitt ein stor verkebyll på raud side.

På blå side er det tilsvarande verkebyll at fleire av KrFUs delegatar har sagt at dei ikkje vil følgje det blå fleirtalsvedtaket og heller stemme raudt.

Derifrå har mistilliten mot dei andre eskalert. Begge lag vakter på det andre laget og forventar utspel som skal sparke føtene under dei.

Vegard Holm avslutta sitt foredrag om lagbygging med å seie at eit samspel er komplekst og vanskeleg. Dét får KrF erfare no.

Powered by Labrador CMS