Forfatter Andreas Årikstad har skrive lærebok om trusforsvar. Her forfektar han eit ungjordssyn, noko som er kontroversielt i skulesamanheng.

Ikkje overraska over NLA-nekt: – Ideologisk motivert

Forfattar av den kreasjonistiske boka «Guds verden» er ikkje overraska over at NLA Høgskulen tek avstand frå ideologien i boka han har skrive.

Publisert Sist oppdatert

Andreas Årikstad er forfattar av boka «Guds verden». Han er ikkje overraska over at NLA Høgskolen ikkje vil ta i ungjordskreasjonisme. Årikstad gir dessutan Skartveit delvis rett i at rørsla er ideologisk motivert.

– Men det vil eg også seie at evolusjonsteorien er. Når ein har teke til orde for ei gammal jord, så har skapingsforteljinga og Moses vorte kritisert i samme andedrag, seier han.

Meir enn skaping

Boka handlar ikkje berre om skaping og evolusjon. I likskap med Bibelen så startar «Guds verden» med byrjinga. At forfattaren forfektar eit ungjordssyn får også konsekvensar for andre delar av boka. Men det er ikkje berre ungjordskreasjonisme i boka.

– Kapitla om Det nye testamentes truverd er til dømes mykje likt andre bøker om trusforsvar, fortel Årikstad.

– Målsetjinga har vore å lage ei heilskapleg framstilling av verdshistoria. Eller bibelhistoria, eg meiner det er eitt og det same.

Supplement

Årikstad har skrive tekstane, og ei ressursgruppe har vore involvert underveis. Det finst ei lærebok og ei lærarrettleiing, der det mellom anna vert forklart korleis boka passar inn i kompetansemål i faga KRLE, naturfag og samfunnsfag.

– Korleis er boka tenkt brukt?

– Det er heilt opplagt at den skal være eit supplement til ordinære læreverk når det gjelder desse faga.

– Kva kompetansemål dekkjer den innan naturfag?

– Boka gir læraren hjelp til å presentere alternative syn på det som ofte er etablerte sanningar, heva over kritikk. Eg vil ikkje sei den dekkjer kompetansemål, men den er innom fleire.

Etablerte sanningar

Årikstad seier at han trur på ein mekanisme som naturleg seleksjon, men at den ikkje er ein skapande prosess. Med det meiner han at makroevolusjon, som er overgangar frå eit slag til eit anna, ikkje finst.

Han er ikkje redd for kritikk og seier at det trengst ein debatt kring kva som vært presentert som vitskap.

– Eg trur vi litt for lenge har tenkt at vi berre kan akseptere vitskap som vitskap. Ofte stiller vi ikkje kritiske spørsmål, seier han og viser til forsking på kjønnsidentitet som eit døme.

– Det vært sagt at forskning syner at det finst sju kjønn. Vi kan ikkje sitje stille og sjå på at slike påstandar får stå uimotsagt.

Finne sanning

– Du er ikkje redd for å bidra til ei konspiratorisk tenkning om vitskap?

– Ein kan ikkje la seg styre av frykt for at noko skal mistolkast. Min tanke er å leite etter sanning. Det har kjenneteikna vitskapleg tenking og har ført til mange store paradigmeskifte opp gjennom historia.

– Kva tenkjer du om at NLA ikkje vil undervise i ungjordkreasjonisme?

– Eg er ikkje overraska på nokon måte. Det ideelle var om dei ville undervist det, sjølvsagt, men det får stå for deira rekning om dei ikkje vil la dette synet komme til orde, seier Årikstad.

Litt rett

Han trur Skaper og boka «Guds verden» møter ekstra motbør fordi dei også trekkjer inn naturfag og samfunnsfag.

– Hadde vi berre heldt oss til KRLE, så ville det vore enklare.

– Skartveit seier at ungjord-røyrsla er ideologisk motivert. Kva tenkjer du om det?

– Eg vil gje han rett i det. Ungjordskreasjonisme er såvidt eg kan sjå ei ideologisk røyrsle på lik linje med evolusjonslæra. Vitskap om ei fjern fortid har heller ikkje eit ikkje-ideologisk utgangspunkt.

– Det vil vel vitskapsfolk flest være ueinig i?

– Kva kan du bruke den vitskaplege metode til? Den kan seie mykje bra om nåtida, men den kan i liten grad fortelje kva som skjedde for fem millionar år sidan. Då må du mikse inn litt ideologi, seier Årikstad.

Ikkje redd

Årikstad er nett starta i stillinga som rektor ved Jærtun Kristne Friskule. Det er ein frittståande friskule. Han er ikkje redd for at skular som tek i bruk læreverket skal få straff frå styresmaktene.

– Ikkje slik lovverket er no, då må det ei lovendring til. Kristen tru er kontroversiell på fleire områder. Eg tenkjer at vi må stå saman om å stå opp for foreldreretten og dei grunnleggjande rettane til trusfridom.

Powered by Labrador CMS