TikTok: Martin Hansen, kjent som Manylandy, kallar seg messiansk jøde. Det får generalsekretæren i Israelsmisjonen, Kristoffer Eknes, til å reagere.
Herman Frantzen
Influensar kallar seg ikkje lenger «kristen»
– Jesus kom ikkje for å starte ein ny religion, men peikte alltid på Toraen.
Det seier Martin Hansen, kjent som TikTok-profilen Manylandy777, i ein video på det sosiale mediet.
Med nesten 30.000 følgarar har den profilerte influensaren i ei årrekke lagt ut videoar om kristen tru.
Men no vil han ikkje lenger kalle seg kristen.